Ei feiring verd

KOMMENTAR: Læraren får meir tillit og heile mennesket meir plass i forslaga til nye læreplanar i skulen. Men det kjem til å bli kamp om den plassen.

Publisert: Publisert:

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner la denne veka fram forslaga til nye læreplanar for skulen Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Denne artikkelen er over ett år gammel

Denne veka blei forslaga til nye læreplanar sende ut frå kunnskapsdepartementet. Ut til alle som kan og bør meina noko om dei, før innspela skal lyttast til, bakast inn eller haldast ute, før Stortinget skal vedta planane utpå hausten ein gong, før dei skal inn i skulen frå 2020.

Les også

Entreprenørskap, personlig økonomi og nettvett skal inn i skolen

Lyset og lufta

Det er verd litt høgtid. Skulen er den aller største og viktigaste kulturinstitusjonen vi har. Den rører ved absolutt alle, gjennom mange år, når vi går der sjølv, når vi har barn som går der, når vi ser og høyrer og les om kva skulen gjer og ikkje gjer og kan få til og ikkje får til. Skulen dannar og pregar menneske, på godt og vondt.

Og det som verkeleg er verd å feira, er lufta og lyset og dei opne romma i dei nye læreplanane. Etter årevis med tett i tett i tett med detaljar, læringsmål, kompetansemål og måling av alle måla, årevis med klokkartru på at dersom ein berre målar intenst nok og ofte nok, så vil også meir læring skje, så opnar ein endeleg opp. Og slepp inn litt luft. I alle fall i læreplanane. Kva som skjer med måle-iveren, er ennå uklart.

Trykket

Skulen har ropt om å få meir tillit. Lærarane har ropt om å få meir tillit. Meir tid til å undervisa, meir tid til å læra bort, meir tid til å gi elevane sjansen til å forstå. Til å laga nye spor i hjernen, slik at dei neste gong kan kjenna igjen noko dei har lært frå før, finna ein samanheng i ting, finna ein måte å jobba på, læra på, vera nysgjerrige på, ein måte å veksa som menneske på.

Lærarar, legar, elevar og foreldre har ropt om for sterkt trykk i skulen, for sterkt prestasjonspress, heilt ned til dei som seksårsreforma ein gong lova ein mjuk skulestart prega av leik.

Det tok tid før politikarane lytta. Og dei er ikkje ferdige ennå. Men i det arbeidet som er lagt ned, ligg det ei tydeleg, politisk erkjenning av at kunnskapsløftet aldri blei slik det burde ha blitt. Ein prøver å skapa ein betre skuledag. Ein gir lærarane meir tillit. Det står det respekt av.

Tilliten

På tvers av andre fag skal ein læra om demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling, folkehelse og livsmeistring. Praktiske fag skal bli meir praktiske, og dei yngste skal leika meir. Lufta, lyset og rommet skal gi plass for djuplæring, plass til å læra barna å finna løysingar og meistra utfordringar også i ukjende situasjonar.

Når det nå kjem til å koma tusenvis av innspel igjen - for det har alt kome 14 000 innspel i arbeidet med planane, så blir det kanskje ein kamp om kva som skal inn igjen av det som har blitt tatt ut, ein diskusjon om kor stort handlingsrom lærarane skal ha, om kor likt det skal undervisast over heile landet.

For det er sjølvsagt prisen for lyset og lufta i planane - det er ikkje sikkert at alle skular kjem til å leggja like stor vekt på 1905 når dei skal velja kva som er viktig for at elevane skal forstå og kjenna til viktige trekk ved demokratiutviklinga. Kanskje legg nokon større vekt på historia om då kvinnene fekk stemmerett, kanskje stoppar andre lengre ved 1919, då også dei fattige og arbeidslause fekk stemma.

Det må vi tola å ta sjansen på. Vi må velja å ha tillit til at skulane sjølvsagt legg vekt på vesentlege ting, og ikkje endar over i dilldall.

Elefanten og kosedyret

Men det finst minst ein stor elefant i rommet. Og eit lite kosedyr, som eigentleg burde vore ein svær arbeidshest. Kosedyret er dei praktisk/estetiske faga. Det er fag som faktisk er viktige for å utvikla evna til å tenkja og finna løysingar utanom dei vanlege spora, altså det ein skulle trudd var sjølve kjernen i dei nye planane. Her i landet har dei vore kosefag. At ein ikkje nå har løfta dei skikkeleg, er uforståeleg.

Les også

Når kunst bare er kos

Les også

Kråkeslotthjernar og alt som heng saman

Elefanten? Vurderingssystemet. Det må også endrast. For mange elevar ser jo ganske praktisk på ting. Viss ein først og fremst blir vurdert på å koma med det rette svaret, så vil dei kanskje ikkje bry seg så mykje om kritisk tenking, stilla gode spørsmål, eller bli gode på å finna løysingar på ei oppgåve som ikkje har berre ein, gitt fasit.

Her må politikarane vera modige. Dei må ta ansvar for at det blir samsvar mellom dei nye læreplanane og vurderingssystemet. Viss ikkje, kjem konflikten mellom dei to til å siga ned til kvar einaste kontaktlærar og faglærar i kvart einaste klasserom ved kvar einaste skule.

Då vinn det gamle vurderingssystemet. Og alt som lettast kan målast. Det vil vera umenneskeleg for ein lærar å halda fast ved kritisk tenking og evna til å løysa oppgåver i ukjende situasjonar, viss vurderinga ennå kviler tungt på det rette, fastsette svaret.

Vurderingssystemet er ein så svær elefant i rommet at det kjem til å ta alt lys og all luft, dersom ein ikkje klarer endra det.

Sjølvsagt skal elevane ennå ha eksakt kunnskap, også etter dei nye læreplanane. Men det er veldig, veldig langt frå kunnskapsløftets detaljmåling, til det der med å klara å finna løysingar også i ukjende situasjonar.

Det er ikkje ferdig

Det skal koma endringar på elefanten også. Og det skal koma ein handlingsplan for estetiske fag. Det skal koma ei heil stortingsmelding om tidleg innsats i skulen. Og det skal finnast pengar, blant anna i Stavanger kommune sitt budsjett, til nok lærarar. Det siste ikkje for å følgja opp nye læreplanar, men for å gi alle elevar den undervisninga dei har krav på.

Alt dette kan anten suga lufta ut av dei nye læreplanane, eller gi dei hjelp til å fly. Men enn så lenge, enn så lenge står dei der, med større plass til læraren, og større plass til heile mennesket. Det er ei lita feiring verd.

Publisert: