Ekstremist eller martyr?

GJESTEKOMMENTAR: Han trudde verken på staten eller demo­kratiet. I førre veke vart han skoten og drepen av belgisk politi.

Belgisk antiterror-politi har gjort fleire raid mot ekstremistiske miljø dei siste åra. Sist veke vart ein mann «myrda av det belgiske regimet», blir det hevda.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Onsdag i førre veke gjennomførte belgisk politi husransakingar fleire stader i Flandern, i samband med etterforsking av påståtte høgreekstremistar.

Under ei av desse ransakingane opna ein mann, ifølgje belgiske påtalemyndigheiter, eld mot politiet. I skotvekslinga som følgde vart han drepen.

Det var snakk om den 36 år gamle gull- og sølvhandlaren Yannick Verdyck. I huset hans fann politiet store mengder våpen og ammunisjon, og dessutan taktiske vestar, nattkikkertar og liknande utstyr.

Seks personar vart arresterte i samband med ransakingane. Fire av dei er sidan sloppe fri. To sit varetektsfengsla, mistenkte for brot på belgisk våpenlov og for å ha førebudd terror, sjølv om det ikkje skal ha dreia seg om planar retta mot eit konkret mål. Alle var medlemer av den same skyttarklubben i Merksem, der Verdyck spela ei sentral rolle.

Ein avart finst også her til lands,
den såkalla frimannsrørsla,
der fleire har freista å rett og
slett melda seg ut av Noreg.

Førebudd på samfunnskollapsen

Men kven var Verdyck? På Twitter-profilen sin omtalte han seg sjølv som «suveren», ein referanse til den opphavleg amerikanske rørsla kjend som sovereign citizens, ei laust samansett rørsle prega av ei suppe av konspirasjonsteoriar og anti-statlege idéar, og ofte av ein idé om at ein kan lausriva seg frå statsmakta, i blant gjennom heller underlege juridiske øvingar.

Ein avart finst også her til lands, den såkalla frimannsrørsla, der fleire har freista å rett og slett melda seg ut av Noreg.

Den nemnde Twitter-profilen består i stor grad av vidaredelingar. Berre ein sjeldan gong i blant skriv han noko sjølv. Ein stad kallar han statsministeren i Flandern, Jan Jambon, for «Flanderns fille». Ein annan stad gjev han uttrykk for at både Belgia og Europa er i ferd med å gå til hundane: «Ingen kjem til å redda oss. Redd deg sjølv. Alle som ikkje syter for seg sjølv, alle som ikkje har reservar, alle som manglar eit sterkt nettverk, kjem til å verta ramma svært hardt dei neste ti åra.»

Verdyck var også ein såkalla preppar, ein som førebur seg på samfunnskollaps. For nokre år sidan skreiv han ein lengre tekst om korleis ein best gjer dette, for eit nyheitsbrev gjeve ut konspirasjonsteoretikaren Brecht Arnaert. Under ein slags konferanse – ein «dissident-grillfest», arrangert av mellom andre same Arnaert tidlegare i år – gjorde Verdyck det klårt at demokratiet «slik eg ser det, aldri har fungert og aldri kjem til å fungera», fordi det er i hendene på «sentralbankfolk».

På Twitter omtaler Verdyck demokratiet som eit meiningslaust sirkus: «Det finst inga politisk løysing.» Ein annan stad skriv han at det rådande systemet er gjennomført korrupt, og må feiast vekk.

Ein diffus ekstremisme

Overskrift i Het Nieuwsblad: Konspirasjons­teoretikeren Yannick Verdyck hadde hundre våpen og mange sprø ideer: «Ingen kommer for å redde oss.» Bilettekst: Yannick Verdyck overlevde ikkje husransakinga.

At Verdyck hadde ganske ytterleg­gåande idéar, synest det å vera liten tvil om. Koplinga til høgre­ekstremisme er meir diskutabel.

«Dersom ran­sakingane denne veka lærer oss ein ting», skriv kommentatoren Pieter Lesaffer i Het Nieuwsblad, «så er det at trugs­målet ikkje passar inn i ein boks lenger». Lesaffer syner til ekstremistar som lagar sitt eige lappeteppe av ein ideologi med idear henta frå både høgre og venstre, prega av konspirasjons­teoriar og «med berre ein fellesnemnar: Dei er alle imot myndigheitene».

Han viser til korleis nederlandsk etterretning har omtala fenomenet som anti-myndigheits-ekstremisme. Han kunne ha vist til norske PST òg. I si nyaste trugsmålsvurdering omtaler dei «antistatlig tankegods». Dei viser til miljø der staten vert sett på meir eller mindre illegitim, i kombinasjon med konspirasjonsteoriar som «hevder at verden styres av en hemmelig global elite med en ondsinnet plan».

Det er ei delvis overlapping med høgreekstremt tankegods, skriv PST i trugsmålsvurderinga.

Ein heil del av det som har kome fram etter ransakingane og skotvekslingane i Belgia førre veke, kan passa inn i ei forteljing om antistatleg ekstremisme.

Eit offer? Ein martyr?

Men det finst også andre forteljingar. Både venar og familie av Verdyck på korleis han har vorte omtalt. Ifølgje danselæraren hans – han dansa salsa og bachata – var han hjelpsam og sosial. Ifølgje venar hadde han idéar som nok var uvanlege, men det var ikkje noko vondt i han. Familiemedlemer har avvist at han hadde høgreekstreme idéar og har sagt at dei vil koma med med ei uttale som rettar opp i «alle løgnene».

Fleire stiller spørsmål ved politiaksjonen, og ikkje minst til kvifor det vart nytta franskspråkleg politi under ei ransaking i det flamskspråklege Antwerpen, eit spørsmål med djuptgåande implikasjonar i det språkdelte landet. Trudde gullhandlaren Verdyck kanskje at dei som tok seg inn i huset hans ikkje var politi, men franske gangsterar som ville robba han? Var han eit offer for ein dårleg utført politioperasjon? Er medieframstillinga i etterkant i tillegg djupt urettferdig?

På nettet er det i tillegg dei som er i ferd med å gjera Verdyck til ein slags martyr. «Myrda av det belgiske regimet», heiter det på eit bilete spreidd i sosiale media. Det svirrar påstandar om at det ikkje var Verdyck, men politiet, som fyrst opna eld. Politikarar og media vert skulda for å lyga.

Yannick Verdycks død er kort fortalt i ferd med å verta ein del av lappeteppet.


Les også: «Akselerasjonistar drøymer om rasekrig med ekstrem valdsbruk og hyllar både Timothy McVeigh og Anders Behring Breivik.»

Publisert: