Eg elskar nynorsken. Men eg forstår godt dei som hatar han
KOMMENTAR: Her kjem to tips til korleis bli ein trygg og triveleg nynorskbrukar. Men fyrst ei krunglete språkreise.
- Kristine M. StenslandJournalist

«Ustø og stilmessig usikker», skreiv lesaren.
Som nynorskskrivande journalist er eg van med å få tilbakemeldingar. Det er heilt nydeleg at det finst lesarar som bryr seg så mykje om språket at dei korrigerer meg når eg tar feil.
For det hender det at eg gjer, sjølv med master i nordisk språk. Eg kjem tilbake til kvifor.
Men det skjer også at eg må senda dei erfarne og ofte pensjonerte norsklærarane noko meir enn takk i retur. For det hender at eg ikkje tar så feil som dei trur.
2012: Ein liten revolusjon
Eg insisterer til dømes på å skriva «kollegaar».
Såg det feil ut? Var det ikkje det du lærte? Sjekk ordboka!
I 2012 skjedde det ein del ting med nynorsken, og dette er det ikkje alle som har fått med seg. Det kan ein ikkje klandra dei for, for har ein lært eit språk, så skulle ein tru det kunne vara livet ut.
Men ein kan notera seg at det då var ein heil del nye bøyingsformer og stavemåtar som blei lov. Og klammeformene, som ein tidlegare kunne ta i bruk og få høyra at «ja, ja, det går greitt i ein skuletekst, men hovudform er det ikkje!», forsvann.
Ein står att med eit språkleg bed der alle vekstar er likestilte.
Nynorsklærar på Austlandet
Same året blei eg norsklærar på ein vidaregåande skule på Austlandet.
Kunne eg skapa sidemålsentusiasme? Eller i det minste unngå motvilje?
Vel, sjølv blei eg i alle fall forvirra. For om det ikkje hadde gått opp for meg før, så erfarte eg det no:
Det finst frykteleg mange jamstilte bøyingsformer.
Rettekveldane blei lange. Sjølv om eg trudde noko var feil, så kunne det godt henda at eleven hadde rett. Servarane til ordboka på nett må ha gått varme så mykje som eg søkte.
Korleis skulle elevane føla seg heime i denne jungelen?
Læraråret fekk meg til å bestemma meg for éin ting: Eg vil gjera nynorsken lettast mogleg ved å velja bort avvikande bøyingsmønster.
Sagt med klarspråk: Minst mogleg pugg.
Om me tradisjonelt har skrive «kollegaer», så vinn likevel pragmatikken hos meg, når ordboka opnar for det. For hankjønnsord har – en – ar – ane som bøyingsmønster. Helst utan unntak.
Språkreisa startar
Dette valet kan eg ta fordi valfridommen i nynorsk står sterkt. Ein skal kunna velja seg fram til eit skriftspråk som ligg nærast mogleg talemålet. Ein fin tanke! Men det er også dette som gjer nynorsken vrien å få tak på.
Eg er kanskje meir forvirra enn dei fleste, for språkreisa mi har vore krunglete.
Som jærbu hadde eg nynorsk som hovudmål. Men eg droppa det på vidaregåande for å få best mogleg karakter. Jepp, det drog nok opp snittet.
Eg returnerte til nynorsk på folkehøgskulen der eg skreiv kreative tekstar. For sjela mi skriv ikkje bokmål.
Då eg flytta til hovudstaden, skulle ein annan nynorskbrukar korrekturlesa ei novelle for meg. Han fann mange feil, meinte han. For det skulle då ikkje berre vera -a i ending i infinitiv?i infinitiv?Grunnforma av verbet, den ein kan setta å framføre, som "å elska". Ein måtte då veksla mellom -a og -e?
Slik lærte eg kva kløyvd infinitiv er, og han lærte kva a-infinitiv er. Eg takkar høgare makter for at eg kjem frå ein del av landet der me praktiserer a-infinitiv. Altså: Alltid a på slutten av infinitiv. Men både e-infinitiv, a-infinitiv og kløyvd infinitiv er lov.
Nynorskmekka, eller?
Etter året som norsklærar, gjekk ferda til avisa Firda i Førde. Eg følte eg var nær mekka eller nirvana då eg gjekk i gatene og såg at her var til og med reklamen på nynorsk.
Men kunne eg skriva mitt eige språk i spaltene? Nei, i Firda var det husnorma som gjaldt. Obligatorisk e-infinitiv, og ein heil del anna eg berre måtte godta.
Så kom eg meg heim til Jæren. Kunne eg pusta ut og leva ut den språklege identiteten min no?
Eg fekk meg jobb i ei lokalavis i regionen med fire journalistar. Det var ei stund sidan dei hadde hatt ein nynorskjournalist i redaksjonen. Dekningsområdet hadde nynorskskular, så det var ikkje heilt aparte med nynorsk i spaltene. Men i kommentarfelta vekte målforma reaksjonar.
Balansekunst med fall
For å gjera det enklare for enkelte lesarar, fekk eg i ein periode beskjed om å skriva halvparten på nynorsk og halvparten på bokmål. Etter dette la eg meg på ei linje der eg konsekvent valte bort flotte/vanskelege (vel det ordet som passar deg best) nynorskord for å gjera det enklast mogleg for flest mogleg.
No prøver eg å balansera fleire omsyn i eigen språkbruk: Eg vil skriva forståeleg og enkelt, eg vil skriva det eg seier, men eg vil også halda fast på det eg finn vakkert i språket. Kompromissa er der heile tida. Von er vakrare enn håp, men von er vanskeleg.
Valfridommen gjer dette mogleg. Men den same fridommen kan også vera ein barriere for alle oss som ønsker å kjenna oss trygge på kva som er rett og gale når me skriv.
Eg elskar nynorsken. Men eg veit at mange gjer det motsette. Og eg forstår dei, for eit språk skal ideelt sett vera lett å få taket på.
Og så dei to råda
I 2002 hadde 16.235 elevar i grunnskulen i Rogaland nynorsk som hovudmål. I 2022 var talet nede på 14.259. Nesten 2000 færre på 20 år. I same periode auka talet på bokmålselevar med over 8000, til 49.442, ifølgje SSB.
Vakre, vene språket mitt, korleis skal du sikra rekrutteringa på sikt?
Vel, eg prøver meg med to råd til dei som har lyst til å vera relativt trygge og trivelege nynorskbrukarar:
- Sjå lyst på valfridommen, og finn språket som passar deg perfekt. Dyrk dette konsekvent.
- Om du trur at ein annan nynorskbrukar gjer ein feil, sjekk ordboka før du seier noko. Det kan godt henda at han også har rett.
PS: Det finst også ein god del valfridom i bokmål, men det er ei anna språksoge.