Alle inn i rekka gå! Gå! GÅ!

KOMMENTAR: Det er like før vi ropar i kor og marsjerer i takt. Eg blir ikkje med.

Publisert: Publisert:

Kulturminister Trine Skei Grande (V) og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Eg har ropt høgt sjølv. Sist veke. Om at ingen av oss kan tru på Erna Solberg når ho nemner orda abort og refleksjon i same setning. Om kor utruleg frekt eg syns det er når ho minner andre om at det ligg djupe etiske spørsmål i abortlova, etter at ho sjølv har brukt den for å tileigna seg meir makt.

Les også

Frekkheitas nådegåve

Det meiner eg jo. Høgresida har for tida lita truverd når dei oppfordrar til eit betre debattklima rundt abortlova. KrF også.

Men eg trur eg skal slutta å ropa det så høgt og hardt, frå min vesle utkikkspost i den norske andedammen. For støynivået blir til slutt så høgt at ingen tanke kan høyrast.

På plass!

Ein studie frå 2011 om sosiale normer i 33 ulike land, plasserer Norge i den aller strengaste gruppa. Vi toler få avvik frå det vi meiner er rette måtar å oppføra seg på, og straffar lettare dei som beveger seg ut av rekkene enn for eksempel amerikanarar, britar og tyrkarar vil gjera.

Vi er faktisk meir på linje med Pakistan. Og sjølv i Kina gir folk kvarandre større spelerom.

Det som kjenneteiknar kulturar og land med slik streng, sosial kontroll, er oftast tronge kår på alle vis, ein eineveldig herskar, liten politisk fridom, strenge straffer - også dødsstraff - styrte medium, trugande farar og knappe ressursar.

Ingenting av det der har vi. Likevel hamnar vi i den strengaste gruppa. Kanskje fordi få kulturar set likskap i alle variantar høgare enn oss, føreslår forskarane bak studien.

Ideen om likskap kan vi trekkja bakover i alle fall heilt til bondesamfunnet i Middelalderen - etter Svartedauden, som gjorde det av med to tredelar av folket, og mesteparten av adelen. Dei som var igjen, var nøydde til å halda saman og stola på kvarandre for å overleva. I vår tid finn vi verdien av likskap sterkt uttrykt i politiske institusjonar, rettsvesen og interesseorganisasjonar, i synet på velferdsstat, skattetrykk, fellesskule, lønnsforskjellar, likestilling mellom menn og kvinner, og like rettar for alle statsborgarar, uavhengig av for eksempel seksuell legning.

Alt det der, er mitt Norge. Kjempa fram av folk som stod saman, og slutta rekkene på tvers. Men dei same verdiane om samhald og likskap legg også press på oss om å oppføra oss likt. Å halda saman blir også å halda kvarandre på plass. Og det kan bli i meste laget.

Den rette måten

Akkurat nå er det ikkje godt nok for oss at barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) forsikrar at han er statsråd for alle ulike familiar, inviterer homofiles interesseorganisasjonar til samarbeid og får ja til svar. Han må gå i Pride, opptoga under skeive dagar rundt forbi som feirar fridommen til å leva ut den legninga du har. Kommentator Håvard Nyhus i Vårt Land samanliknar å gå i Pride med plikter som nøkkeloverrekkinga frå statsråd til statsråd når regjeringa skiftar, og å sitja i statsråd ved Kongens bord.

VG skriv at Ropstad «nektar», som om det i utgangspunktet er obligatorisk oppmøte til Pride-paraden, for alle som vil bli trudd på at dei tar norske lovar om likeverd på alvor. VG-journalist Eirik Mosveen spør han, igjen og igjen og igjen, om kvifor han ikkje skal gå i Pride, Fredrik Solvang i NRK Debatten gjer det same, Dagsavisen tar ein annan variant, og spør han seks gonger om kva han meiner om homofile prestar.

Vi er samtidig kollektivt opprørte over at likestillingsfeltet skal ha blitt flytta frå Kjell Ingolf Ropstad til Trine Skei Grande, for at KrF «skulle sleppa støy knytt til særleg LHBT+ og abortspørsmål». Sjølv om påstanden kjem frå ei anonym kjelde, i følgje NRK. Kven som sa det, og om orda falt akkurat slik, veit dermed ingen av oss, og vi kan heller ikkje finna det ut. Både Trine Skei Grande og Knut Arild Hareide har prøvd å retta det til at Venstre faktisk ønskte å overta likestillingsfeltet. Det høyrer vi ikkje på. Vi støyar.

Ropet

Vi har grunn til å stilla spørsmål ved kor mykje likeverd KrF eigentleg vil ha for homofile. At Kjell Ingolf Ropstad slit med truverdet, kan han i tillegg takka seg sjølv og sin eigen maktkamp for. At Høgre slit med det same i abortsaka, har dei Erna Solberg å takka for.

Men likevel, akkurat nå, i Norge, må barne- og familieministeren gå i Pride for å bevisa at han tar norske lovar og rettar på alvor. Ingenting anna er godt nok. Og alle i landet, mektige som avmektige, må avvisa alle spørsmål om abortlova med at kvinna skal bestemma sjølv. Sjølv om den same abortlova er eit kompromiss mellom omsynet til kvinnas rettar og fosterets.

Viss vi ein augneblink tar blikket bort frå Ropstad og Solberg, og ser rundt oss, er vi i ferd med å slutta rekkene strengt og fullstendig, mens vi ropar ut einsidige slagord og spørsmål i kor.

Vi ropar ikkje bare om å meina rett, men om å meina rett på den einaste rette måten, og i den einaste rette flokken. At ropet blir så høgt og unisont når det nettopp er fridom og mangfald det står om, kan godt venstresida tenkja litt på. Viss støyen roar seg såpass at ein kan høyra seg sjølv tenkja.

For det nærmar seg meiningstyranni og sosial kontroll nå. Eg vågar å påstå at det er meir trugande for fridommen og mangfaldet enn om Kjell Ingolf Ropstad går i Pride eller ikkje.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Akropolis i Stavanger? Det høyres ut som ein by som vil vera større enn seg sjølv.

  2. – Viss skule­barn blir meir og meir stressa av skulen, kvifor er det då barna vi skal endra?

  3. – Frp har lenge bite seg sjølv i halen i bompengespørsmålet. Det gjer vondt

  4. Det viktigaste med Frp? At dei insisterer på at folk må få sjansen til å velja sjølv.

  5. «Biskopen bør seia nei til sjamanen»

  6. Når det er Earth Hour, ja, så er det Earth Hour. I SV tar dei mørket på alvor.

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Kjell Ingolf Ropstad
  3. Erna Solberg
  4. Abort
  5. Pride