Ikkje døy som ein prektig tørrpinn

MINNEORD: Kvart år dør tusenvis av eiegode og makelause menneske. Kor ofte dør ekte menneske med brokete liv og mangelfull merittliste?

Eit godt minneord lærer oss noko om livet. Om dei aller beste nekrologane blir det sagt at dei er til glede både for vener og fiendar av den som er død.
  • Heidi Hjorteland Wigestrand
    Heidi Hjorteland Wigestrand
    Frilansjournalist
Publisert: Publisert:

Og når skal heimeverande, trygda og deltidstilsette for alvor starta å døy i norske aviser?

I 2013 gjekk minneordet om Eva Haddeland viralt. Det handla om ei 88 år gamal kvinne som budde heile livet sitt i same blokk på Torshov i Oslo. Det var nok ikkje tilfeldig at teksten om Eva tok fyr i sosiale medium, blant kjendismetta lesarar, som saug til seg det vakre i det alminnelege vesle livet.

Det er godt å lesa minneord utan forslitte fraser, og som løftar fram dei som går stille blant oss. Slik enkemann Øyvind Sirevaag frå Stavanger nyleg gjorde då han skildra si avdøde kone, husmora Britt Kari Sirevaag.

Ein sjeldan gong kjem det også ei dødsannonse som bryt monotonien, slik som denne frå 2003.

Liv utan glasur

«Hun var sin egen oldfrue. Ikke husøkonom, men noe mer jordnært. Hver krok fikk besøk av hennes vaskekost eller støvsugermunnstykke minst en gang i uken. Hver dag sitt rom eller sin trapp.».

Eit godt, nært og ekte minneord tilfører alle som les det noko, ikkje berre dei som kjende eller visste om avdøde. Enkemannen lesser ikkje glasur over dagane. Kona som kom frå Bergen, følte seg som ei plante som var rykka opp med rota. Minneordet endar slik: «Her ligger også min dårlige samvittighet overfor denne fabelaktige kvinnen som jeg skulle ha feiret gullbryllup med om 6 uker».
Overstrøymande minneord er til å bli flau av. Det er ofte ikkje grenser for kor makelause me blir når me døyr. Sjølv ikkje når dei som døydde eigentleg var lunefulle grinebitarar, eller høgst middelmåtige i det dei gjorde, både privat og på jobb. Då er det betre å skriva slik som det blei gjort om den tyske kirurgen Johann von Dumreicher. Han var dyktig i dei elementære delane av faget, men: «Hans Begavelse var imidlertid ikke fremragende, hvorfor hans Ry ogsaa stadig blev stillet i Skyggen af hans Kolleger.»

Enno er det slik at du helst skal ha prestert i yrkeslivet for at nokon skal ta seg bryet med å skriva eit minneord om deg. Men altfor ofte er desse minneorda ei tørr liste av merittar og ei opphoping av klisjear som skjuler meir enn det avdekker. Språket er som den omtalte. Stein dødt. Å skriva sant om eit menneske, er å visa det respekt. Å skjønnmala eit menneske, er det motsette. Det må vera betre å døy utan minneord, enn med eit pinleg panegyrisk eit.

Norges blasse nekrologtradisjon blir ofte samanlikna med Storbritannias skarpe og hardtslåande. Dit trur eg ikkje me treng komma, men kunsten å skriva sannare utan å såra, bør i større grad dyrkast fram. Det bør heller ikkje vera noko i vegen for å skriva i det minste frekkmuntert dersom personlegdomen og posisjonen til den døde kler det. Eg trur dei pårørande toler meir enn me trur dersom minneordet er skrive med kjærleik, kløkt og klokskap.

Les også

Ho gjekk stille gjennom livet

Rosenraud persondyrking

Per Inge Torkelsens død sette i gong ein slik diskusjon, etter nokre minneord i nasegrus beundring som meinte mannen overgjekk røynda, halte Christian Paaske komikaren ned frå skyene. Han meinte Torkelsen var eit meir samansett menneske enn det som kom fram i minneorda, og gjekk ut frå at han helst vil bli hugsa for at han var eit levande og allsidig menneske, og ikkje trakta etter ei slik heltedyrking.

Nekrologen er den siste håven til å fanga desse sjeldne sommarfuglane før dei blir gløymde under jord og lauv.

I England og USA har somme aviser faste skribentar som skriv minneord. Her er det helst vener og kollegaer som sender minneord til avisene, men også meir urøynde skribentar trur eg kan heva sjangeren fleire hakk. Gå gjerne inn på Aftenpostens nettside som gir mange matnyttige råd om korleis du skriv godt om ein som er død.

Aftenposten har vald å satsa ekstra på sjangeren etter at dei i fjor merka at folk sende inn endå fleire nekrologar enn vanleg, fordi det var få som fekk gå i gravferder på grunn av pandemien. No ønsker avisa at langt fleire menneske utan flotte verv og titlar også får minneord.

Nekrologane er ei lett tilgjengeleg kjelde for historikarar og andre til å finne informasjon om ein tidsepoke. Kvar og ein som kjenner seg kalla bør nytta høvet til å skriva om menneske som har levd i skuggen av dei såkalla samfunnsstøttene. Bruk minneordet til å løfta dei som ikkje har stort anna enn livets harde skule på CV-en. La dei få sine 15 sekund post mortem, i det minste.

Skriv om vaskekona Gunda som alltid var heime med sjuke barn og difor eigentleg hadde æra for at Torleif i sitt minneord blei heidra fordi han aldri hadde hatt ein sjukedag i sine 50 år som kontorsjef. Ta tastatur eller pennen fatt og skriv om ein død nabo eller ein ven, gjerne ein utan stort nettverk, som du meiner omverda bør få vita litt om.

Les også

Kvifor får menn flest prisar?

Folk vil lesa om folk

Krydra gjerne minneorda med humor og lune anekdotar, sjarmerande særtrekk og talande episodar som hevar teksten frå den grå pappmasjeen som elles blir publisert. Kor er alle folka som ikkje er på Insta, Twitter eller Proff, som ikkje sit i interkommunale styre, som ikkje står på krava, berre på Gule sider. Nekrologen er den siste håven til å fanga desse sjeldne sommarfuglane før dei blir gløymde under jord og lauv.

Folk vil lesa om folk. Me vil lesa om Britt Kari, Olga og Bertil. Olga som tålmodig svarte alle dei som tigga etter pengar via byens siste fasttelefon, ho som hadde blomstrete deksel over platene på komfyren. Me vil lesa om Bertil som gjekk langs kaiane og nynna, som aldri brukte meir enn første og andre gir på bilen, men som kjende alle verteikna, og kunne finna vatn med ein kleshengar.

Det bør ikkje vera noko i vegen for å skriva i det minste frekkmuntert dersom personlegdomen og posisjonen til den døde kler det. Eg trur dei pårørande toler meir enn me trur dersom minneordet er skrive med kjærleik kløkt og klokskap.

Les også

  1. «Hyllesten av Per Inge Torkelsen ute av proporsjoner»

  2. «Han var en av dem som overgikk virkeligheten. Nå har han gått ut av tiden, og byen blir aldri helt den samme»

  3. «Eg har berre tatt fly to gonger i livet mitt. I løpet av ei veke i februar 1988 flaug eg fram og tilbake frå London»

  4. «Eg er glad eg ikkje er eit husdyr. Då hadde eg levd farleg, for eg er ei høne som er i ferd med å gå tom for egg.»

  5. Ein barnehage i Gjesdal begynte å ringe far først når eit barn blei sjukt. Då skjedde noko uventa

  6. – Har me så god sjuke­løns­ordning at me pressar oss mindre enn me burde?

  7. Berre knapt 30 prosent av kjeldene i avisene er kvinner. Og det er ikkje berre journalistane sin feil

  8. Folk får piggane ut av sure nynorskfolk. Difor bør nynorskingane alltid vera glade og luka ut ord som det lenge har grodd mose på.

  9. – Eg trur koronakrisa har dunka liva til urbane menneske inn i ein rytme som minner meir om våre bygdeliv

  10. Tre styrepils i 60 knop

Publisert:
  1. Nekrolog

Mest lest akkurat nå

  1. Full krangel om Norges største gondol til 500 millioner. Bak står Spotify-investorer.

  2. Tidligere proffsyklist Chris Anker Sørensen døde i ulykke: - Uforståelig og ufattelig

  3. Kjøpte rekkehus alene i en alder av 24: – Jeg er ikke noe god på økonomi, men er fornuftig

  4. – De truet med å sende meg tilbake om jeg ikke var snill

  5. Snart leverer Erna Solberg sin avskjedssøknad. Slik blir Norge styrt til Støre tar over.

  6. Nyt helgen, for snart vil regnet bøtte ned