Ansvaret for ein verdig slutt

KOMMENTAR: Ja vel, folkens. Spenn fast setebelta, saman skal vi bli veldig mange fleire gamle. Kven skal bry seg om oss?

«You’ll never walk alone», syng Jan Runar i Demenskoret. Vil det vera sant, når mange fleire av oss blir gamle og sjuke?
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Jan Runar syng «You’ll never walk alone» inn på innsida av oss. Han er 48, han har demens, han og kona har fem barn mellom 16 og 25. Han er med i Demenskoret på NRK. Han står på scena og syng, familien er i salen. Det er ei oppvisning i kva det betyr at nokon deler tida si med deg. Lagar gode, sterke her og nå. For når ein er veldig sjuk, veldig gammal eller har demens, så er her og nå alt ein veit ein har.

Det er ikkje berre alvoret i det dei står i som trengjer seg inn. Det er at det også vil vera oss, våre nære, vi kan fort stå midt i dette eller tett ved sida. Av alderdom, svekka helse, demens, behov for pleie og omsorg. Behov for eit verdig liv, også når det innhentar oss og sender oss mot slutten. Dei eldste og sjukaste blant oss er ikkje ei marginalisert gruppe. Dei er våre. Og mange, mange av oss skal bli som dei.

Dirigent Kim Wigaard dirigerer og inspirerer på den første øvinga til Demenskoret.

Finst det nok hender?

Rundt 13 prosent av arbeidsstokken vår jobbar akkurat nå innanfor helsesektoren, seier Statistisk sentralbyrå (SSB). Og legg til at det ikkje er realistisk at vi kan halda det der utan å bryta radikalt med kva vi historisk har meint at eldreomsorg skal vera. Kor god pleie du skal få. Kor trygge dagar du skal ha. Kor verdig avslutninga på livet skal bli.

Eg trur vi alt har brote med det. Ikkje overalt, men altfor mange gonger.

På ein sjukeheim i Larvik set NRK Brennpunkt opp skjult kamera på rommet til ei dement kvinne i tre veker. Ho blir lagt i sjutida dei fleste dagane. Fem dagar når klokka er mellom fire og fem. Ho kan bli liggjande 16 timar i senga, ho får ikkje hjelp til å pussa tenner, blir skifta på berre to gonger i døgnet. Det hender det går 24 timar utan skift.

Det er djupt uverdig. Og det er farleg. Bakteriar i munnen kan gi lungebetennelse, manglande skift kan gi urinvegsinfeksjon. Begge delar kan bli fatalt for den som er gammal og svak.

På ein sjukeheim i Nord-Trøndelag varslar to av sjukepleiarane Statsforvaltaren om uforsvarlege forhold. For lite ressursar, for liten kompetanse, for lita bemanning. Kommunalsjefens første kommentar er at eit slikt varsel skapar dårleg omdøme.

Finst det nok vilje?

Det er jo det aller første vi må kvitta oss med – kommunale leiarar som er meir opptekne av omdømet til kommunen enn av å gjera det som er rett. Til og med lovpålagt. Av forhold i eldreomsorga som nådde Statsforvalteren i 2021, fann ein lovbrot i 55 prosent.

Like akutt er det at alle som jobbar i eldreomsorga, kan kjenna at dei får gjort ein meiningsfull jobb. Kvar dag. Å gå frå det eine sårbare, pleietrengjande medmennesket til det andre, utan å få gitt nok hjelp til å skapa ro og tryggleik, det er ikkje til å leva med. Ikkje for nokon.

Vi mistar folka våre. Sjukepleiarar går i gjennomsnitt av med pensjon når dei er 58, 35.000 helsearbeidarar står utanfor helsesektoren. Vi må få dei inn igjen. Då må ein leggja om, auka bemanninga, få ned tidspresset, få opp lønna. Leiarane i sektoren må pressa hardare oppover. Politikarane kan ikkje fiksa dette utan å bruka meir pengar. Det går ikkje.

Finst det nok pengar?

SSB meiner vi må dobla arbeidsstokken i helsesektoren. Vi må opp i 26 prosent, ganske fort. Folka i SSB har lita tru på at det er nok med betre teknologi og friskare eldre. Vi har alt tatt ut ein del der dei siste tiåra. Folk bur alt betre, dei har heis i staden for trapper, dei er friskare og sterkare enn generasjonane før dei.

Av 80-åringane våre nå treng berre 4 prosent av mennene og 5 prosent av kvinnene ein langtidsplass på sjukeheim. Men ved 85 år er det 10 prosent av mennene og 12 prosent av kvinnene. Ved 90 er det 20 prosent av mennene og 25 prosent av kvinnene. Det er grenser for kor langt ned vi kan pressa det behovet der. Ikkje alle av oss kjem til å døy heime, friske og mette, med roser i kinna. Uansett innovasjon. Uansett kor godt vi prøver å førebu oss på alt.

Ansvaret?

At vi skal passa på dei aller eldste, at det offentlege skal sørgja for eit verdig liv med trygge dagar og netter også mot slutten, det trur eg veldig mange vil nikka til. Men er vi med på at meir av skatten vår må gå dit? Kanskje til og med at vi må betala meir skatt for å få opp talet på verdige dagar i gamle liv?

At talet på institusjonsplassar er så lågt, er ei villa, politisk utvikling, over lang tid. i 1985 hadde vi 85 institusjonsplassar per 1000 innbyggjarar over 67, nå har vi 40. Ein langtidsplass kostar nemleg rundt fire gonger så mykje som å få hjelp heime. Og krev fleire folk.

Ein kunne jo også tenkt seg ei villa, politisk utvikling der det offentlege la nok pengar inn i offentleg eldreomsorg. For eg tvilar på om det hjelper noko særleg om fleire ordnar seg privat. Det er same folka ein skal ha tak i. Ein må ha fleire av dei. Og ein må nå rundt, til alle som treng det. Blir det mindre pengar til næringslivet då? Og dermed mindre inntekter til staten? Ja, men alternativet er at pårørande gjer ein større del av omsorgsjobben. Det er folk som næringslivet treng står i full jobb hos dei.

Dette kunne vore ei oppgåve for eit sosialdemokratisk parti. Som Arbeidarpartiet. Men helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) ber heller kommunane gjera gode prioriteringar og tydelege val. Og fortel at kvar og ein av oss må ta ansvar sjølv. Det må vi nok, men det er ikkje nok.

Det trengst likevel meir pengar og meir folk. Og skal vi vera villige til å la meir skattepengar gå til å sikra ei verdig eldreomsorg, må vi ha tillit til at regjeringa forvaltar dei pengane til felles beste. At dei veit kva det er.

Den tilliten tvilar eg på om finst. Det er vanskelegare å løysa enn å finna nok folk og pengar. Og mykje vanskelegare enn å peika på kvar enkelts ansvar for seg sjølv.

Publisert: