På besøk i «Ondskapens akse»

KOMMENTAR: Det ser kanskje ut som om alle iranarar er blodtørstige og hatefulle ekstremistar nå. Men sånn er det altså ikkje.

Publisert:
Jan Zahl
Kulturjournalist

I Teheran møtte me denne 14 år gamle jenta, som elska å stå på rulleskøyter. Sjølv om mange meinte jenter ikkje burde gjera som henne. Foto: Finn E. Våga

Som alle andre blir eg uroleg av bileta eg ser frå Iran. Millionar av sørgjande og sinte menneske i Teherans gater som roper «Død over USA!» og krev blodig hemn etter USAs likvidering av Qasem Soleimani. Femti menneske trampa i hel i forsøket på å gravlegga generalen i heimbyen Kerman. Det ser skremmande ut. Kva slags folk er dette?

Problemet er at bileta stemmer dårleg med det eg sjølv såg då kollega Finn E. Våga og eg besøkte Iran i slutten av april 2017 i prosjektet «Forbodne stemmer». Me drog for å dokumentera ytringsfridomens vanskelege kår i dette «semiautoritære semidemokratiet», som ein ung iranar me møtte karakteriserte det som.

Me fortalde ikkje iranske styresmakter kva me faktisk skulle, for då ville me neppe fått pressevisum. Og sjølv under falskt dekke av å skulla laga ufarlege reportasjar om kultur og samfunn i forkant av presidentvalet, blei me utstyrte med ein eigen «guide» frå det iranske kulturdepartementet som skulle følgja – og kontrollera – oss.

Men me lurte oss vekk frå guiden og møtte ei rekke iranarar som – til vår milde overrasking – mest av alt likna … oss!?

Ei kvinne tek ein pause frå lesinga ved den populære Tabiat-brua i Teheran. Foto: Finn E. Våga

Stereotypiar

Det er kanskje ikkje så rart, men i mediesamfunnet dannar det seg ganske raskt stereotype bilete av folk og land langt borte. Me snakkar gjerne om korleis «amerikanarar» er, utan å ta omsyn til at det finst 330 millionar ulike amerikanarar. På same måte snakkar me om «Iran» som ein gitt storleik – og gløymer at det finst 80 millionar ulike iranarar.

Då me besøkte landet, hamna me midt i valkampen til presidentvalet. På den eine sida stod president Hassan Rouhani – mannen som i 2015 hadde signert atomavtalen, blant anna med USA. På den andre sida stod fleire utfordrarar som blei rekna som meir konservative og strengare enn den meir moderate Rohani.

Var dei unge, liberale, sekulære, urbane, velutdanna og velorienterte menneska me møtte i Teheran representative, var det liten tvil om at Rohani ville vinna. Dei unge, progressive var alle einige om at reformene omsider ville koma, men at det ville ta tid.

Konservative Qom

Men me besøkte også den konservative og religiøse hovudstaden Qom – som Soleimanis kiste også har vore innom på si lange, nasjonale gravferd. Fleirtalet der stemte neppe for den moderate kandidaten i presidentvalet.

I Qom møtte me Mansour Mirahmadi, professor i statsvitskap og ein høgt respektert akademikar i det religiøse miljøet. Den konservative professoren meinte religionen låg som eit felles fundament for alle presidentkandidatane og at den viktigaste politiske skiljelinja handla om korleis dei ulike kandidatane ville handtera kontakten med Vesten.

«Mange meiner Iran ikkje kan stola på USA, men må stola meir på seg sjølv,» sa Mirahmadi. (Eitt år seinare trekte Donald Trump USA ut av atomavtalen.)

Les også

Kafka og eg

Kven vann valet? Rohani. Den moderate kandidaten. Mannen som hadde starta ein forsiktig dialog med Vesten.

Bak fasaden

Noko av det merkelege med Iran er forskjellen på overflata og det som finst bak fasaden. Ute i gatene risikerer du å bli arrestert av moralpolitiet om du er kvinne og ikkje har dekka til håret. Det er ikkje lov å gå i shorts. Homofili er strengt forbode og kan straffast med døden. Du må i det heile tatt vera forsiktig med kva du seier og gjer for at det strenge, undertrykkande regimet ikkje skal ta deg.

Men innanfor husets fire vegger tek damene sløret av. Der lever mange iranarar liv som liknar vårt vestlege liv. Dei tenkjer og snakkar fritt. Kler seg som dei vil. Unge folk festar, slik unge folk over heile verda festar. Dei har sex. Dei rusar seg. Iran er det einaste landet i Vest-Asia der alkohol er totalt forbode. Likevel er Iran det landet i Vest-Asia med det høgaste alkoholkonsumet. Ja, faktisk har alkoholisme vore eit problem i Iran gjennom mange tiår.

Samtidig finst det sjølvsagt mange som lever eit langt strengare og religiøst liv – også innanfor huset fire vegger.

Salføret langs elva Darband er eit populært utfartsmål. Der ligg kafeeer og restaurantar tett, også heilt ute i elva. Foto: Finn E. Våga

Kulturnasjon

Men felles for dei er sjølvforståinga av Iran som ein av verdas eldste kulturnasjonar. Landet som heitte Persia fram til 1935, har vore ei stormakt i tusenvis av år, og er på mange måtar vår sivilisasjons vogge. Iranarane er stolte av historia og kulturen sin. Dei har med seg det lange perspektivet på alt. Sett derifrå blir USA og Trump som ein ung og dum spirrevipp å rekna. Ein spirrevipp som paradoksalt ser ut til å samla ein stadig større del av Irans befolkning til støtte for regimet, mot USA, som ein konsekvens av Trumps kunnskapslause politikk. Trump er i ferd med å oppnå nøyaktig det motsette av det som var målet hans.

Framfor alt var menneska me møtte i Teheran vennlege, kunnskapsrike og imøtekomande. Dei gjekk ikkje rundt i gatene og ropte på blod. Det kjendest ikkje utrygt å vera der. Då me kom heim, kjendest det ikkje som om me hadde vore på besøk i «Ondskapens akse». Like lite som det kjendest som eg hadde besøkt «den store Satan» sist eg var i USA.


  • Høyr podkastepisoden frå Iran, i podkastserien «Forbudte stemmer» her:
Publisert: