Dyremishandling som strukturelt problem

GJESTEKOMMENTAR: Svinedokumentaren på NRK Brennpunkt har fått mange til å tenka. Det skal jo vera null­­toleranse for dyremishandling.

Dokumentaren «Griseindustriens hemmeligheter», produsert av Piraya film og vist på NRK, har sett ein dagsorden når det gjeld husdyrhald og dyremishandling. Bak det som skjer ligg eit sett av store endringar og nye føresetnader. Foto: Piraya film/NRK

  • Eirik Magnus Fuglestad
    Eirik Magnus Fuglestad
    Forskar ved Ruralis – Institutt for rural og regional forsking; PhD i sosiologi og master i nasjonalismestudiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Det må understrekast at tv-dokumentaren «Griseindustriens hemmeligheter» på NRK gjeld nokre bønder, eit mindretal, men likevel så mange, og det skjer så ofte, at det er eit strukturelt problem.

Kvifor skjer dette? Eg trur at det er nokre strukturelle trendar som spelar inn. Desse kan samanfattast i tre ord: strukturrasjonalisering, konkurranse og modernisering. Noko gjekk tapt i overgangen frå småskala substansjordbruk til moderne familiebruk, og vidare til det industrielle massejordbruket.

Store endringar på bygdene

Det kunne nok vera fint for bonden å selja varer for pengar og dermed bli del av det det moderne samfunnet. Men dette hadde også skuggesider, og lovnadane heldt ikkje. Samfunnsdebattanten Hartvig Sætra såg føre seg noko av dette alt seint på 1960-talet:

«Bonden skal få jordbruket som eineyrke, ikkje slik som før drive jorda i kombinasjon med skogbruk, fiske eller handverksarbeid. […] Bøndene skal vere ein fåtalig parikaste som blir fråtatt normal menneskeleg kontakt med kvarandre. Dei skal bu i lag med fôrhaustar og traktor i bygder som har opphøyrt å være samfunn. […] I tillegg skal dei nøye seg med lågare levestandar enn andre grupper – for det har aldri til denne tid gått slik i noko land at jordbruksbefolkninga rykker inn på andre grupper i ein rasjonaliseringsperiode.»

Bonden skal få jordbruket som eineyrke, ikkje slik som før drive jorda i kombinasjon med skogbruk, fiske eller handverksarbeid. Bøndene skal vera ein fåtalig pariakaste som blir fråteken normal menneskeleg kontakt med kvarandre. Dei skal bu i lag med fôrhaustar og traktor i bygder som har slutta å vera samfunn. I tillegg skal dei nøye seg med lågare levestandard enn andre grupper – for det har aldri til denne tid gått slik i noko land at jordbruksbefolkninga rykker inn på andre grupper i ein rasjonaliseringsperiode.

Spådommane har stort sett slått til. Bøndene blir færre, dei er meir einsame, brukar mykje tid i lag med maskinar, og dei tener mindre enn snittet. Bonden har altså gått frå å vera ein småskala-aktør, integrert i eit samanfletta bygdemiljø og ein høgst lokal produksjon, til å bli ein individuell aktør på ein nasjonal – og etter kvart også internasjonal – marknad. Bonden driv under stadig meir marknadspress, ofte åleine, og med mykje ansvar for mange dyr. Då kan det kanskje fort gå ut over dyrevelferda?

Det er vanskeleg å driva industri like humant som eit småbruk, skulle ein tru.

Frå dyr til innsatsfaktor

I systemet som bonden no lever under blir dyra hans, i ytste konsekvens, reduserte til produksjonsfaktorar i økonomiske rekneskapskalkylar som skal sørgja for ein balansert marknad. I dette ligg det også eit element av det sosiologen Max Weber kalla «avfortryllinga» av verda. For menneska i dei tradisjonelle jordbrukssamfunna, tenkte Weber seg, var verda som ein fortrylla hage der alt levande hadde innebygd meining i fleire lag. Ikkje slik i den moderne verda; der har berre det rasjonelle meining – ein rasjonalitet som er fundert på logikken i kjøpmannen sine økonomiske risiko kalkylar.

Men det er også noko med produksjonsmåten og dyra. Ein tenkte kanskje ikkje så mykje over kva det innebar å gå ifrå det å ha fire–fem mjølkekyr, nokre griser i ein binge og ein liten flokk sauer i utmarka, til det å ha hundrevis av griser i store betongfjøs. Overgangen skjedde kanskje noko fort, utan at ein fekk tenkt seg om kva dette betydde for dyra – og for menneska sitt tilhøve til dei. Dyrevernlov fekk me først i 1974.

Deretter vart norsk jordbuk meir kopla mot internasjonale marknader og konkurranse. Først med det som i dag er WTO (då Gatt) frå midten av 1980-talet, så mot EU via EØS på 1990-talet. Dette har gjort at familiebruka som Sætra klaga over at var for store på 1960-talet, no i mange høve har blitt uendeleg mykje større enn dette att. Det er heilt treffande når ein i dokumentaren som vart vist om svinenæringa, nettopp kallar dette for industri. Det er i stor grad det jordbruket er i ferd med å bli. Det er vanskeleg å driva industri like humant som eit småbruk, skulle ein tru.

Alt var sjølvsagt ikkje betre før, ofte med naud og fattigdom. Og det var nok andre haldningar til kva ein kunne gjera med dyr. Likevel trur eg at dei dmaterielle rammene kring produksjonen då avgrensa kor gale det kunne bli, sjølv om det kunne bli gale nok. Ein ting som desse rammene til dømes la opp til – og tillét – var sveltefôring av dyr. Dette kan nok ha vore grovt dyreplageri.

Ansvaret må delast

Det som dei materielle rammene kring produksjonen i dag legg opp til, er annleis. Er det kanskje slik at den stadige driven mot vekst, volum og profitt, på stadig mindre marginar, legg opp til eit system der systematisk mishandling av dyr lettare kan bli ein strukturell konsekvens?

Dyr kan sjølvsagt ha det bra i store fjøs òg, og mange gonger kanskje betre enn i små, gamle fjøs. Det er ikkje noko uavvendeleg i dette. Og dei aller fleste bøndene mishandlar ikkje dyra sine, trass i desse strukturane. Det kviler eit tungt og viktig individuelt ansvar på kvar og ein gardbrukar som den store majoriteten av bøndene tek alvorleg. Det som det handlar om, er om me som samfunn kan gjera noko for at det skal kunna bli litt lettare å ta dette ansvaret. Det vil alltid vera strukturar som legg føringar, og desse strukturane kan me gjera noko med.

Sidan landbruket framleis er politisk styrt, og definert som ei viktig samfunnsoppgåve, har alle veljarar ein sjanse til å påverka korleis jordbruket skal utvikla seg. Ein kan rett og slett vera med på å setje rammene kring jordbruket. Bonden har eit primæransvar for dyra, ja, – men det har også den veljaren som et det bonden produserer, og som er med på å setja dei politiske rammene kring han. Saman kan dei få til eit betre jordbruk.

  • Tidlegare tekstar av Eirik Magnus Fuglestad
  • Tidlegare gjestekommentarar

Les også

  1. Eirik Magnus Fuglestad: «Forvalting av dyr og jord går ikkje ihop med den industrielle logikken»

  2. Alf Berg: «Budbringeren må skytes! Fort!»

  3. – Korleis skal me bevara grunnleggjande forståingar om eit leveleg og berekraftig samfunn når det blir stadig færre bønder?

  4. Sju tilfeller av alvorlig vanskjøtsel av slakte­gris i 2018

  5. Antallet pride-festivaler i Norge har eksplodert. Er det nok homofile til å gå i alle paradene?

Publisert:
  1. Landbruk
  2. Gjestekommentar
  3. Eirik Magnus Fuglestad
  4. Gris
  5. Dyrevern

Mest lest akkurat nå

  1. Stavanger letter på tiltakene fredag, men sier nei til skjenking

  2. Sandnes, Sola og Randaberg trosser faglige koronaråd: - Blir helt feil, mener Stavanger

  3. Finland stenger grensa mot Norge

  4. Strand: Lastebil skal ha veltet i et sandtak

  5. Kondis­professor knuser fem myter om vekt og for­brenning: – Det er helt feil

  6. Større politikontroll på veiene i natt