Fislete greier, det der med psykisk helse først

KOMMENTAR: I seks år har sjukehusa våre hatt ståande ordre frå Bent Høie om å setja psykisk helse først. Ingen av dei har gjort det.

Riksrevisjonen kjem med krass kritikk av Bent Høie og folka hans i Helse- og omsorgsdepartementet. Foto: Ole Gunnar Onsøie, NTB

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Ikkje i 2019, ikkje året før der eller året før der igjen. Ikkje på seks år. Helseføretaka våre – eller sjukehusa, for å seia det som det er – får ikkje til å setja psykisk helse over fysisk. Det går ikkje. Ikkje tale om.

Den gylne regel

Dei skal eigentleg det. Sidan 2014 har dette vore den gylne regel i spesialisthelsetenesta – altså sjukehusa: Ein skal setja psykisk helse og rusbehandling over den fysiske (somatiske.) Ventetida skal gå meir ned for psykisk helse enn for somatikken. Aktiviteten ved poliklinikkane og rein pengebruk skal auka meir for psykisk helse enn for – ja, du forstår.

Den viktigaste grunnen til at det ikkje skjer, seier Riksrevisjonen, er at mens budsjettåret ruslar og går, så sig meir og meir pengar over til den somatiske delen. Psykisk helsevern blir skyve til side. Heile tida. I tillegg klarer ikkje føretaka å få til god nok bemanning.

For vaksne i psykisk helsevern har aktiviteten ved poliklinikkane gått ned med fire prosent i åra 2015–2019. For barn og unge? Skrumpa inn med 12 prosent. Pengebruken har riktig nok auka over heile linja. Men mest har den auka på den sida som høyrer kroppen til – somatikken.

Tanntrådskjenn

Dette har altså helseføretaka – eller sjukehusa, rett og slett – fått klar marsjordre om å gjera noko med. Frå Helse- og omsorgsdepartementet, der Bent Høie (H) har vore sjef i årevis. Kvart år i seks år har departementet sjekka korleis det går med marsjeringa – dei har lese rapportane frå helseføretaka. Ingen av desse har noko år klart å innfri heilt. Så difor snakkar departementet og Høie og sjukehusa og dei litt om det, når dei har møte.

Det er omtrent som når me andre får beskjed av tannlegen om å bruka tanntråd kvar dag, lovar det og begynner ganske entusiastisk, før det etter kvart som dagane går dabbar av med både entusiasme og vilje til å velja det. Så får me same vennlege beskjed av tannlegen neste år, og me lovar like vennleg å gjera det. Og det er det.

Riksrevisjonen finn det sterkt kritikkverdig at departementet ikkje set inn sterkare verkemiddel etter seks år på dette viset. Bent Høie pleier seia at han ikkje er fornøgd, eller kanskje til og med sur, kvar gong temaet kjem på banen. Det er sikkert sant. Men det hjelper jo ikkje.

Stort

Helse er stort, uoversiktleg, alvorleg. Det gjeld oss alle. Me treng ein god barselomsorg, me treng å bli sydde saman eller opererte eller behandla når det blør og brekker i oss. Me treng langvarig hjelp på alle vis når dei alvorlegaste sjukdommane rammar.

Men det er ingen fasit for kva som er god nok helse. Kor grensene skal gå for kva som skal behandlast. Både teknologi, kunnskap, levealder og pengesekk er med på å tøya dei grensene. Me veit jo at ikkje alt kan fiksast, hindrast eller reparerast. Men me vil gjerne at alt blir prøvd.

Eit brekt bein som må opererast, høyrest fort meir akutt ut enn eit psykisk samanbrot. I alle fall er det vanskeleg å sjå føre seg at brekte bein skulle måtta venta, mens samanbrota blir tatt hand om. Me er vant til å tenkja fysisk helse først. Som mest akutt, mest grunnleggjande. Og psykiske lidingar meir som eit fenomen, noko rike samfunn oppdagar når alt anna er på plass.

Alvorleg

Men psykiske skadar og psykiske sjukdommar kan vera like smertefulle, like akutte, minst like lammande for helsa, for livskvaliteten og for evna til å fungera. Den akutte faren for liv og helse kan vera stor. Samfunnskostnaden også. Riksrevisjonen reknar med at psykiske lidingar kostar samfunnet 70 milliardar i året. 60.000 barn og unge var i 2019 i kontakt med fastlege eller legevakt på grunn av psykiske lidingar. 600.000 vaksne. Det er mange. Og det er ei lenge varsla krise, der barn, unge, og rusmisbrukarar er dei mest sårbare.

Riksrevisjonen listar opp fleire punkt som er kritikkverdige i det psykiske helsevernet, og ikkje berre på sjukehusa. Som at kva hjelp du får kjem an på kor du bur. At det ikkje finst minstekrav til kva eit behandlingstilbod i kommunane faktisk må vera. At altfor mange barn og unge som slit, endar opp i køen hos barne- og ungdomspsykiatrisk (BUP) – altså på sjukehusa – fordi det ikkje finst andre tilbod. Ein av fem blir avviste i den køen. Det blir brannslokking av det – hjelpa er først tilgjengelig når lidinga har blitt alvorleg. Då tar det lenger tid, då er faren for liv og helse større.

Les også

Psykisk helsetilbud for barn og unge: Hvilken hjelp du får avhenger av hvor du bor

Stort og alvorleg

Helsepolitikk kan bli så stort og alvorleg at kven som helst kan snakka oss heilt i senk, sjølv utan å prøva på det. Det er lett å la seg overvelda når politikarar snakkar om kva som er gjort, kor mange millionar som blir brukte, her og der og i kommunar og sjukehus, når fagfolka snakkar om alt som ikkje strekk til, verken av folk eller pengar eller plassar. Eller når me som skriv i aviser og rundt forbi, filosoferer over kva som er galt med heile samfunnet og alle store ting, når så mange slit.

Det gjeld å halda fast ved noko. Som dette: Kvifor klarer ein ikkje få sjukehusa til å setja psykisk helsevern og rusbehandling øverst? Når ein har bedt dei gjera det i seks år?

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

  2. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  3. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  4. – Kor nært kan du koma folk over heile landet, utan å mista retninga?

  5. – Det handlar om å bli store nok til å klara seg utan SV. Utan å bli ufine mot Ap

  6. «Ingen skal måtta ned på kne for å få vera del av eit fellesskap, Tix»

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Helsepolitikk
  3. Psykisk helse
  4. Psykisk helsevern
  5. Stortingsvalget 2021