Julenissen, Jesus og Marx

GJESTEKOMMENTAR: Kor vart det av den revolusjonære Messias når me feirar jul?

Publisert: Publisert:

Kven skjuler seg bak julenisseskjegget – eigentleg? Marx eller Messias? Eller er det den same gamle? Foto: NTB scanpix

  • Eirik Magnus Fuglestad
    Forskar ved Ruralis – Institutt for rural og regional forsking; PhD i sosiologi og master i nasjonalismestudiar

Orsak på førehand for å politisera jula, men det er ikkje på den måten de kanskje skulle tru; eg skal ikkje diskutera om me skal eta pinnekjøt eller ikkje, eller om det heiter julemat eller tradisjonsmat. Det skal handla om jul og revolusjon, nemleg.

Dobbeltgjengarar

Slik han som oftast er avbilda eller representert, er den revolusjonere kommunismens far Karl Marx til forveksling lik julenissen der han fyller heile ramma av eitkvart bilete med den store kroppen sin, og ikkje minst med det karakteristiske kraftige skjegget som på nær flaumar ut av biletet.

Karl Marx (1818–1883), tysk filosof grunnleggar av den teoretiske grunnstrukturen for sosialismen, mannen bak marxismen. Foto: NTB

Men det er ikkje berre dette reint ytre som bind Marx og marxismen saman med jula. Som kjent er det at Jesus, alias Messias, kom til jord, me feirar i jula – sjølv om me i Noreg er i den litt rare situasjonen at me seier «jul», som er det norrøne midtvintersblótet, når me snakkar om denne kristne høgtida.

I dei gamle jødiske skriftene var Messias tolka på forskjellige vis, men det som går igjen, er at han skulle vera ein frelsar, ein som skulle få slutt på undertrykking og naud for jødane, fri dei frå romarane, ein som skulle bringa med seg eit nytt og betre samfunn, ein slags utopi. Jesus vart framstilt som ein revolusjonær, rett og slett. Og ikkje utan grunn brukte historikaren Jacob L. Talmon omgrepet «politisk messianisme» om dei revolusjonære ideologiane som oppstod etter den franske revolusjonen, inkludert marxismen.

Forbruk for milliardar

Den norske kyrkja og dei fleste andre snakkar for det meste om fred og kjærleik og slikt i jula. Og det er sjølvsagt fine ting som denne verda treng mykje meir av. Men kanskje kunne ein også fokusera litt meir på det radikale elementet i jula: Den revolusjonære sitt kome. Slik den kristne jula har vorte, er ho eit størkna og tomt ritual som heller enn å inspirera til ei betre verd, for det meste berre støtter opp om samfunnet slik det er.

Som alle veit, er jula i dag først og fremst ein milliard-industri og ei sterk drivkraft for det forbrukssamfunnet som driv oss mot økologisk krise og sosial urett. Den trygge julefeiringa i familien er fin og koseleg, den, men det messianske, revolusjonære bodskapet om radikal endring mot ei betre verd er ofte vanskeleg å få auge på. Tradisjonane kan vera som ei mare som rir sinnet til dei levande, som Marx seier. Slik jula er i dag, med sine tilbakevendande tradisjonar som kjem like tilbake kvart år, blir den kanskje på eit vis berre ein av dei tinga som gjer det vanskelegare å sjå føre seg nye alternativ.

Kapitalismen ei «naturlov»?

Det er ikkje lenger berre radikale marxist-inspirerte tenkjarar som Slavoj Žižek som peikar på at det i dag er lettare å førestilla seg verdas undergang enn å sjå føre seg eit anna økonomisk system enn kapitalismen. Også den norske samfunnsdebattanten og sosiologen Linn Stalsberg har nyleg, i boka «Det er nok nå», peika på korleis mange i dei oppveksande generasjonane i dag er ute av stand til å sjå føre seg alternative samfunnsformer. Kapitalisme og nyliberalisme står for oss mindre som ideologiske konstruksjonar, og meir og meir som «naturlover» som ein må forhalda seg til på same måte som tyngdekrafta.

Slik har det ikkje alltid vore. I to tusen år har først den religiøse og så den politiske messianismen sett føre seg andre alternativ. Så langt har dei færraste, om nokon, av desse visjonane enda særleg bra. Tvert om har dei ofte enda opp i undertrykkande og massemord-regime.

Les også

Audhild Skoglund: «Hva kan vi godta av illiberale trossamfunn?»

Den tredje store revolusjonen

Ein som nyleg har søkt å koma med eit alternativ til dette, er den britiske skribenten Aaron Bastani. Han lanserer konseptet «heilautomatisert luksus-kommunisme» («Fully automated luxury communism»). Ved å gå vegen gjennom ein folkeleg populisme som er både raud og grøn – raud fordi den må fordela gode og makt, grøn fordi den må ta klimatrugsmålet på alvor – meiner Bastani at me no kan koma til eit samfunn som vil vera godt for alle, og berekraftig.

Dette er først og fremst fordi me no er på terskelen til den tredje store historiske revolusjonen i teknologi: bioteknologi og digitalisering-revolusjonen (dei to førre var jordbruksrevolusjonen og den industrielle revolusjonen). Det som gjeld, ifølgje Bastani, er å skapa ei folkeleg masserørsle som kan bruka fordelane av denne revolusjonen, nett slik som nasjonalstatane gjorde dette etter den industrielle revolusjonen.

Ikkje noko nytt?

«Eg stod på ei høgd, då såg eg det gamle kome, men det kom som det nye», skreiv dramatikaren Bertolt Brecht i «Gedichte im Exil» (1943). På julekvelden bankar kanskje nissen på døra, men kven er under maska? Er det den same gamle? Er det Marx eller Messias? Mest truleg er det berre onkel, – men det betyr likevel ikkje at me ikkje kan ønska oss ei anna verd.

Publisert:

Les også

  1. Hvordan skal julegavene åpnes på julaften? Og hvem skal du kjøpe gaver til? Skikk og bruk-ekspert gir deg svaret

  2. Slik er nordmenns julemeny på julaften

  3. Julegran og røde nisser ingen adgang

  4. – Julens budskap er for både troende og ikke-troende

  1. Jul
  2. Jesus
  3. Eirik Magnus Fuglestad
  4. Gjestekommentar
  5. Filosofi