Den siste trenden blant foreldre er sherpaforeldre-trenden. Den må du passa deg for. Den også.

KOMMENTAR: Sherpaforelder? Kva er det? Kor langt opp på heilt feil foreldreskala har ein kome då?

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Det er mange måtar å bry seg om ungane våre på. Og mange forunderlege syn på korleis vi bør eller ikkje bør gjere det. Foto: NTB scanpix

«Er du blitt en sherpaforelder?» spør Forskning.no meg, med det eg tydeleg kjenner som eit strengt og granskande blikk. Og som alltid, i alle saker som rettar seg mot alle foreldres feil og manglar, hoppar eg mentalt ein halvmeter på reint instinkt. Og kjenner meg dum over at eg gjorde det.

Foreldreskalaen

Sherpaforelder? Kva er det? Kor langt opp på heilt feil foreldreskala har ein kome då? For eit par generasjonar sidan fauk det ein og annan replikk forbi om foreldre som sydde puter under armane på ungane sine. Det var heilt klart ikkje bra. Men dei var ikkje så mange. Så blei vi curlingforeldre. Litt diffust kor mange av oss, men eg trur nesten alle. Det kan ein kjenna seg nokså stakkarsleg av. Patetiske greier, alltid å liggja litt før ungane dine og febrilsk kosta vekk alt som elles kunne hindra dei i å skli uhindra rett inn til midten av alt. Og bli der. Er litt usikker på kva vi gjer etterpå. Kostar vi vekk andres ungar? Eller er greia her at vi aldri får våre eigne heilt inn i midten, og aldri sluttar å kosta?

Eit steg opp, og endå eitt

Ting tyder i alle fall på at vi ikkje høyrde godt nok etter om kor gale det er å vera curlingforeldre. Så ekspertane, journalistane, eller kven det nå er som fiskar fram sånne merkelappar, måtte ta hardare i: Dei innførte snøplogforeldra. Då er det ikkje snakk om kosting av smårusk lenger, nei, her blir alle hindringar brøyta vekk, og vegen staka ut og skilta. Hos snøplogfamiliane – som også er dei fleste av oss, får ein inntrykk av – er heile livet, langt ned i barndommen, ein evig, trugande vinter kven som helst kan setja seg fast og gå under i, viss ikkje mor og far er føre var og brøytar og brøytar og brøytar, kosta kva det kosta vil.

Heller ikkje dette kan vi ha tatt alvorleg. Så merkelappebonanzaen når nye høgder – vi er nemleg også helikopterforeldre. Som helikopterforeldre heng vi over ungane våre, heile tida. Vi vaktar alle val dei tar.

Her omtrent, syns eg desse foreldretrendane blir dyrare og større enn eg kjenner meg heilt heime i. Det er merkelappar for dei veldig rike, alt dette. Dei med god tid.

Det er kanskje difor mange nok av oss ikkje reagerte kontant nok nå heller, og umiddelbart slutta med kosting, brøyting, vegmerking og helikopterhenging.

Sherpaen

Og dei som er så glade i merkelappar på alle som har barn, og eg veit ikkje heilt kven dei er, ser seg nøydde til å gå minimalistisk. Skrella det ned, på eksotisk vis. Til sherpaforelderen. Sherpaen, hjelparen, den lokalkjende som ber rikfolks bører opp i fjella i Himalaya. Han som kjenner terrenget, tar ansvaret for flokken sin, og ber dei tyngste børene.

Det kan kanskje høyrast ut som ein type forelder det er ganske trygt å veksa opp med. Ei slags manuell og lokalkjend omsorg bygd på erfaring, utan støyande hjelpemiddel, og i avpassa tempo.

Men nei. Det er ikkje slik meint. Som sherpaforelder sluttar du aldri å bera børene for barna dine. Det er jo slett ikkje bra.

Poenget

I den augeblinken du gjer noko for barnet ditt som det kunne ha klart sjølv, har du tråkka over ei grense. Det seier den australske oppveksteksperten Justin Coulson i denne nemnde NTB-artikkelen eg fann på forskning.no og hos NRK. Opphavleg er det eit intervju i Daily Mail. For å banka inn kor sterk autoritet han er på området, får vi også vita at han er seksbarnsfar.

Han åtvarar oss mot å ta frå barna våre sjansen til å gjera ting sjølve, til å snakka, handla og avgjera ting på eiga hand. Det kan enda med at dei ikkje utviklar evna til å takla utfordringar. Eller endå styggare – at dei heile livet trur dei har ein slags rett til at alle legg ting til rette for dei.

For å visa kor gale det kan gå, og kor grenselause foreldre nå til dags er, hoppar ein i NTB-artikkelen rett over til dei rike amerikanarane som har juksa ungane sine inn på dei finaste universiteta i landet.

Ikkje før har du pakka ein skulesekk for å få alle ut av huset i tide, før grensa er passert, og livsvegen til barnet ditt bygd på ei løgn.

Svaret

Men Coulson veit råd. Prøv å nullstilla deg gradvis, viss du oppdagar – og det burde du vel strengt tatt, etter alt dette – at du tar over for mykje av det ungane kan klara sjølv. Men du skal ikkje la dei falla heller. Gå ved sida av dei, så du kan støtta dei om dei snublar. Og la dei gå vidare sjølv, når dei har gjenvunne balansen.

Det er sannsynlegvis ikkje så langt frå det mange prøver på, vil eg tru. Med vekslande hell, alt etter korleis dagane er.

For det er ganske generelle ting denne psykologiprofessoren, oppvekstspesialisten og seksbarnsfaren peikar på. Ting mange av oss kan kjenna oss igjen i, litt kosting for å hjelpa poden i gang, litt brøyting når ho står heilt fast, litt bering av dei tyngste børene opp dei brattaste bakkane.

Sjølvsagt bør vi ikkje driva med det heile tida. Sjølvsagt kan det vera greitt å bli minna på det.

Prosjekt barndom

Denne artikkelen skriv seg inn i ei stor forteljing der barndom først og fremst er å rekna som eit slags investeringsprosjekt – ei ustanseleg førebygging mot alt som kan gå gale seinare. Der foreldre er ein ganske dum og blind flokk, der barnet må bli forstått og gitt plass på akkurat riktig måte, der journalisten og forskaren definerer både tema, farar, heltar, skurkar og verkemiddel.

Heile framtida for barna våre står på spel, viss ikkje alt blir førebygd veldig riktig veldig tidleg, og heile tida.

Tenk om det ikkje er sant.

Les også

Flere tusen lokale 13-åringer skal få stress-hjelp på skolen

Les også

Stresshjelp til 13-åringer – se også på systemfeil i skolen

Les også

Forsking til å stola på?

Les også

Datostempling av barn

Publisert: