Abid Rajas sveis

KOMMENTAR: Det første som burde dukka opp når eg tenkjer på Abid Raja, skulle vore kulturpolitikken hans. Men det er – dessverre for Raja og kulturlivet – hårsveisen hans.

Publisert: Publisert:

Nei, Abid Raja. Det er ikkje frisyren din som er det vesentlege i koronaens tid, men kulturpolitikken din. Foto: Terje Pedersen, NTB scanpix

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Før helga annonserte kulturministeren at regjeringa forlenger forbodet mot arrangement med fleire enn 500 personar fram til 1. september. Mange har mast for å få Raja til å gi klar beskjed langt tidlegare, slik at det blei mogleg å planleggja, avlysa og minska det økonomiske tapet. Men dermed er det eit faktum: Festivalsommaren 2020 er avlyst.

Dette er svært dramatisk for eit kulturliv i djup krise. Ikkje berre for festivalarrangørane, som går glipp av alle sine inntekter i år, men for publikum, artistar, lyd- og lysbransjen, leverandørar og lokalt næringsliv.

Men kva var den store snakkisen på sosiale medium etter den dramatiske beskjeden frå kulturministeren? – Abid Rajas frisyre!

Som Raja sjølv sa til VG då han måndag omsider kom seg til frisøren, sjølvsagt med Oslo-pressa på slep: «Når jeg så at det var flere på Twitter som snakket om håret mitt enn det, da tenkte jeg at det var på tide.»

Måndag kom Abid Raja seg til frisøren. Det blei meir diskutert på Twitter enn avlysinga hans av festivalsommaren 2020. Foto: Terje Pedersen, NTB scanpix

Eg er redd han meinte at det var på tide å klippa seg, ikkje at det var på tide å bli ein tydelegare kulturminister. Og det er altså Raja sjølv som har gjort håret sitt til ein større snakkis enn politikken. Sjølv om det burde vera ganske openbert kva som er mest interessant.

Kulturliv i krise

Kulturfeltet er eitt av dei hardast ramma områda i koronakrisen. Forbod mot større folkemengder enn fem personar betyr i praksis at det er umogleg å gjennomføra kulturarrangement. Regjeringa har kome med økonomiske hjelpetiltak som også omfattar kulturarbeidarar, kulturlivet har fått ei eiga pakke på 300 millionar kroner. Likevel har stadig fleire, både frå kulturlivet sjølv, frå opposisjonen og frå kommentatorhald etterlyst kulturministeren, og skulda han for å mangla handlekraft, for å vera bakpå og usynleg.

«Jeg tror det er første gang i mitt politiske liv jeg kan huske at noen har ment at jeg er for lite synlig», parerte Raja til NRK, som vanleg i godt humør. Men dette handlar altså ikkje om deg, Abid, eller om at det skal vera bilete av deg i avisa, men om (den manglande) kulturpolitikken din.

Les også

Populære medium i koronatrøbbel

Les også

Miniteater i kjempeformat

Les også

Rogaland Teater permitterer ansatte

Raja blei ikkje kulturminister i januar fordi han hadde vist spesielt engasjement, kunnskap eller interesse for kulturpolitikk. Han blei kulturminister på grunn av maktkampen internt i minipartiet Venstre.

Partileiar – og tidlegare handlekraftig, kunnskapsrik og populær kulturminister – Trine Skei Grande var utfordra, og «løysinga» blei å få dei to fremste utfordrarane – Raja og Sveinung Rotevatn – inn i regjering. Politisk kynisme/realisme er alltid kulast på engelsk. Som Michael Corleone seier i «Gudfaren»: «Keep your friends close and your enemies closer.» Eller som president Lyndon B. Johnson sa om FBI-sjef J. Edgar Hoover: «Better to have him inside the tent pissing out, than outside pissing in.»

Det er langt frå første gong nokon blir statsråd utan å ha tyngde på fagområdet frå før av, eller som eit resultat av internt politisk maktspel. Men om det ikkje er uvanleg, er det likevel ikkje nokon fordel når ein som ansvarleg statsråd skal meisla ut politikken på feltet.

Fin på håret igjen. Men kva skjer nå, Abid Raja? Foto: Terje Pedersen, NTB scanpix

Sjølvskryt ikkje nok

Den manglande statsrådserfaringa, innsikta i feltet og politiske pondusen internt i regjeringskollegiet er definitivt ingen fordel når Raja har hamna midt i den verste krisa for feltet sidan 2. verdskrig. Sjølv meiner kulturministeren at han både har vore synleg og at han har levert – men det hjelper ikkje særleg å skryta av seg sjølv om ingen andre gjer det. Som når leiarane for dramatikarane, skodespelarane, musikarane, kunsthandverkarane og filmregissørane på vegner av 19 kunstnarorganisasjonar og 29.000 kunstnarar skriv i Aftenposten at sjefen har forlate bygningen og at kulturen er aleine.

Det finst nok av uløyste problem på kulturfeltet der Raja kan visa handlekraft – og ikkje berre snakka i store ord, vera fin på håret og oppteken av seg sjølv:

  • Korleis skal kulturlivet manøvrera framover, når det etter alle solemerke ikkje blir mogleg å samla nok publikum til å sikra økonomisk berekraft i lang, lang tid?
  • Mange prisar nye, digitale strøymealternativ. Men er gratis, eller frivillig vippsing som berre kjem nokre få til gode, verkeleg løysinga for eit kulturliv i krise?
  • Offentleg finansierte kulturinstitusjonar har i koronakrisa framfor alt utmerka seg ved å bli heilt stille og permittera folk – mens dei små, private utan offentleg finansiering har tenkt og handla nytt. Kva gjer Raja med det framover?
  • Når kjem Raja med tiltaka for media han tidleg i april lova å følgja raskt opp? Medietilsynet anslår eit tap på éin milliard kroner i perioden mars–mai? Tilsynet anslår at avisene får kompensert rundt åtte prosent av inntektstapet med dei eksisterande ordningane.
  • Krisepakken til kulturlivet omfatta mars og april. Kva skjer med mai, juni, juli og august?

Nå blir det spennande å sjå kva Raja gjer når han omsider har klypt håret. La oss for all del håpa at det ikkje går som med den bibelske Samson. Hans vanvitige styrke låg i den mektige manken hans. Då håret blei klypt av, mista han all kraft.

Publisert:
  1. – Koronakrisen har vist at kulturpolitikarane ikkje skjønnar seg på kulturfeltet

  2. – Abid Raja: Det er ikkje frisyren din som er det vesentlege no, men kulturpolitikken

  3. "Skal me ha eit levande mediemangfald også etter korona, må folk rett og slett abonnera"

  4. «Historia om 22. juli ikkje ferdig fortalt»

  5. «Folk i Iran liknar mest av alt på oss»

  6. Stavangers nye posisjon har ikkje kome veldig godt ut av sitt første forsøk på å laga kulturbudsjett

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kulturpolitikk
  3. Kultur
  4. Abid Raja
  5. Koronaviruset