Godt spelt så langt!

KOMMENTAR: Frode Myrhol i Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB) har spelt korta sine klokt. At Sp går der makta sit, er heller ikkje uventa.

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Frode Myrhol gjekk til venstresida og Kari Nessa Nordtun (Ap) først. Dermed skiftar makta hender i Stavanger. Foto: Jan Inge Haga

Sjølvsagt stod mykje på spel etterkvart som stemmeteljinga i Stavanger viste omtrent dødt løp mellom venstresida og høgresida - med FNB på vippen.

Reknestykket

Kommunestyret i nye Stavanger tel 67. Dermed må ein ha 34 bak seg for å få fleirtal.
Budsjettkameratane i Stavanger dei siste åra, Høgre, Frp, KrF, Sp, V, og Pp mista fleirtalet dei hadde. Høgre mistar tre representantar, det same gjer Venstre, som dermed er halvert. Saman ligg kameratane nå an til å få inn 32.
Altså måtte John Peter Hernes (H) ha fått med seg FNB for å få fleirtal i det nye kommunestyret, i tillegg til å halda på alle kameratane frå denne perioden.

Ap, MDG, SV og Rødt, som har vore i opposisjon denne perioden, ligg an til å få inn 29. Ap, MDG og SV held på sine representantar, mens Rødt aleine står for framgangen - dei går fram frå 1 til 4 representantar, og blir dermed like store som MDG, og større enn SV, som har 3.

Kari Nessa Nordtun i Ap måtte anten få med seg FNB, eller lokka over to av dei tre sentrumspartia - KrF, Sp og V. I tillegg til å halda fast på MDG, SV og Rødt. Eller få med alle tre sentrumspartia, mot å løysa på banda til Rødt. Det siste kanskje ikkje så usannsynleg som det høyres ut.

FNB gjorde det altså bra, men ikkje så bra at dei aleine kunne bestemma.

Kva har FNB gjort??

Partileiar Frode Myrhol snakka seg i valdebatten på Aftenbladet fredag nært opp til Ap. Bompengepartiet vil gjera det lettare for barnefamiliar i byen, og dermed lettare å få barnefamiliar til byen. Med barnefamiliane kjem meir skattepengar. Han etterlyser syskenmoderasjon når du har barn både i barnehage og i SFO, som politikarane alt har gått inn for i Sandnes. Og han vil rusta opp kommunale bustader.


Før resultatet var klart, snakka han om gode løysingar, heller enn posisjonar. Den snorklippande delen av å vera politikar i posisjon, er ikkje hans greie. Heller leiar for utvalet for byutvikling i det nye kommunestyret enn varaordførar. Heller handlekraft. Og sjølvsagt gjennomslag i bypakka. Han ville ha ned maksgrensa for bompengepasseringar frå 75 til 60, og han ville ha gratis passering på sundagar.
Dei krava er sjølvsagt kjernesaka for partiet.

Etter ei heilt sikkert kort natt, og etter dei første samtalane med venstresida, fortalte Myrhol oss andre kva som var viktig for han i sjølve forhandlingane. Det var det med barnefamiliane og reduserte prisar, han vil jobba for miljø og klima ved å byggja ein fortetta by. Han vil ha cruisebåtane ut av Vågen, men ikkje over til Sandnes. Med andre ord, ikkje seia plent nei og dermed senda dei vidare til neste by. Det gir ikkje lågare klimautslepp. Han vil skrota planane om demenslandsby, noko Ap er hjartans einige med han i, og heller rusta opp Blidensol. Og så var det krava til bypakka då. Det meste av dette er nokså uproblematisk både til høgre og venstre. Klokt nok, for sjølv om FNB gjorde det bra, gjorde dei det altså ikkje så bra at dei aleine kunne bestemma kven som får ordførarmakt og fleirtal i byen. Sentrumspartia kunne romstera i bakgrunnen..

For FNB ville eit samarbeid med høgresida betydd eit samarbeid med Frp. Det var dei nok lite interesserte i. Dei to bompengepartia vil begge ha eigarskap til saka, og det vil dei ha aleine. I tillegg til at FNB dei fire siste åra - i andre saker - lener seg meir mot venstresida enn mot høgre.

Venstresida står dei nærmare. Det var dit dei gjekk først. Då måtte FNB sine krav kunna fordøyast av MDG.

Fasiten

Det kan dei, veit vi nå. Dei som skal styra nye Stavanger dei neste fire åra, er Ap, FNB, MDG, Sp, SV og Rødt. Dermed heiter nok Stavangers nye ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap).

Rennesøyordførar Dagny Sunnanå Hausken (Sp) har snakka varmt om heiltidsstillingar i helse og omsorg - ei av Aps kjernesaker. Og at Sp gjerne vil vera med der makta rår, er vel kjent. For Kari Nessa Nordtun er det også ei fjør i hatten å få med ein så sentral politikar frå ein av dei to kommunane som nå skal inn i Stavanger.

MDG hadde på førehand berre satt foten ned for å samarbeida med Frp - noko vi kan ta for gitt er gjensidig. Elles har dei på kravlista si at dei vil stenga Vågen for bilar, erstatta cruiseskip med småbåtar, planta 5000 tre i året, byggja sykkelvegar, leggja til rette for fleire bilfrie gater og stader i Stavanger, og auka skulanes driftsbudsjett med minst 40 millionar kroner i året. Eitt av krava er ufråvikeleg: Årleg klimabudsjett og -rekneskap, som skal sikra at Stavanger klarer målet om å redusera klimautsleppa med 80 prosent innan 2030.

Det viktigaste

Eg trur mange veljarar har kjent på eit stort alvor og ei uro for framtida ved dette valet. Anten det gjeld ei for hard og usosial bompengebelastning, aukande forskjellar og fattigdom i Stavanger, kor dei nye arbeidsplassane skal koma frå når olja mister posisjon, eller kor mykje handlekraft partia eigentleg har i klimapolitikken.
Det er difor avgjerande for den nye posisjonen i Stavanger at dei samla kjem ut som truverdige overfor veljarane sine. Det gjeld særleg for MDG og FNB. Den eines siger kan ikkje treffa den andres såraste punkt. Nei til bompengar kan ikkje slå beina under ja til klimatiltak. Måten Frode Myrhol tysdag spelte ut korta sine på, viste at han hadde tatt høgde for det.

Men det er ikkje dermed sagt at det blir lett for dei to å styra saman på truverdig vis. Ikkje nå. Ikkje dei nærmaste fire åra. Det blir den store utfordringa.

Folk vil ha politikarar å tru på, også etter at ein har forhandla om saker og posisjonar.

Publisert: