Er digitalt grenseforsvar rette svar i ei verd der Norge er kringsett av fiendar?

KOMMENTAR: Me bør lytta godt når forsvarsvener i Frp er skeptiske til digitalt grenseforsvar.

Publisert: Publisert:

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide med generalløytnant Morten Haga Lunde, sjef for E-tenesta i Norge. Foto: Vidar Ruud,NTB Scanpix

  • Jarle Natland
    journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Kosebamse høyrest triveleg ut.

Men det er ikkje like gildt når Cozy Bear er tilnamnet på ei russisk hackargruppe, APT 29, som målretta jobbar mot politiske miljø i Norge, PST og UD.

«Sannhetens og frihetens farligste fiender blant oss, det er den kompakte majoritet», sa dr. Stockmann i Ibsens «En folkefiende».

Slik sett gjev det grunn til optimisme at me i alle fall har fått ein offentleg debatt om framlegget til ny og omfattande overvaking av all elektronisk grensetrafikk. Men i ei verd som vert framstilt stadig mørkare også her heime, er utfallet uvisst.

Les også

Mener nytt overvåkingsforslag må stoppes. Frykter E-tjenesten kan få tilgang til svært sensitive helseopplysninger

VG skreiv måndag at fleire hundre norske politikarar, regjeringsmedlemmer og ambassadetilsette har fått sensitiv informasjon lekka på nett etter store, organiserte hacker-åtak frå utlandet. Korleis skal me svara på dei nye digitale trugslane utanfrå?

Rikets tryggleik – og oss andre

Hårek Elvenes, stortingsrepresentant for Høgre frå Akershus, har levd sitt liv i det stille i justiskomiteen som vararepresentant for Jan Tore Sanner.

Men med dei nye rapportane frå Politiets sikkerhetstjeneste (PST) og den militære Etterretningstenesta (E-tenesta) har mannen frå Vesterålen brått vorte partiets fremste forsvarsven og varmaste talsmann for digitalt grenseforsvar.

Eit digitalt grenseforsvar vil seia at E-tenesta får lov til å lesa all grensetrafikk gjennom internett og telefon. Framlegget om digitalt grenseforsvar ligg no på bordet hos forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H).

Etterretningssjef Morten Haga Lunde seier at hans teneste ikkje vil kunne forsvara Norge effektivt mot åtak utanfrå utan digitalt grenseforsvar.

Framlegget frå Lysne II-utvalet, leia av professor Olav Lysne, vil gje E-tenesta tilgang til all elektronisk kommunikasjon til og frå Norge for å kartlegga og kjempa mot ytre trugsmål mot rikets tryggleik.

Tilsynelatande lite å laga noko nummer ut av. Rikets tryggleik, ikkje sant?

Inn og ut og inn igjen

Men dersom du sender ein e-post via outlook.com til naboen nede i gata, er det høgst mogleg at informasjonen går inn og ut av Norge på vegen. Likeeins med stort sett alt me har av sosiale medium.

Både E-tenesta og PST åtvarar mot dei nye trugsmåla i det digitale rommet – frå aktørar utanfor landets grenser som vil påverka det norske samfunnet.

Særleg peikar etterretningsfolka mot Russland og Kina. Russland har i fleire år infiltrert sosiale nettverk for å påverka opinionen og spreia desinformasjon og sjikane, kinesarane er meir opptekne av industrispionasje.

Utryggleiken i verda har førebels ikkje avteke med Donald Trump i Det kvite hus. Me er i ein situasjon der kampane i Aust-Ukraina har teke seg opp att dei siste vekene med støtte frå Russland. Nord-Korea fyrte av ein rakett mot Det japanske hav i helga, noko som vert rekna som ein rein provokasjon i høve av at den japanske statsministeren er på offisiell vitjing til USA.

Les også

Sterke reaksjoner etter testrakett fra Nord-Korea

Men i tillegg har krigføringa også flytta seg over i såkalla cyberspace, vel så mykje som med konvensjonelle våpen.

Den nye krigen vert ikkje ført av HV-soldatar i skogen, men på skjerm og nett. Foto: Jarle Aasland

Det er her Elvenes vil ha eit såkalla digitalt grenseforsvar og mottiltak mot internasjonal hackar-verksemd. I utgangspunktet eit tilforlateleg framlegg av alle dei rette grunnane.

Frykt, til dømes.

Men eg festar større lit til direktøren i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon, som meiner at eit slikt forsvar vil vera i strid med både Grunnlova og Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK).

Eit digitalt grenseforsvar vil tyda lagring av dine data i halvt-anna år, kven du kommuniserer med og kva du gjer på nett. All bruk av sosiale media vil vera omfatta av overvaking fordi trafikken til Facebook, Twitter og Snapchat alle går inn og ut av Norge. Personvernet slik me har kjent det i Norge vil i praksis vera historie.

Masseovervakinga

Eg kjenner meg heller ikkje spesielt roa av at sjefen for E-tenesta seier det blir feil å snakka om masseovervaking – sidan sjølv Stasi med titusenvis av tilsette ikkje greidde å overvaka heile Aust-Tyskland. Kunstig intelligens og ny teknologi gjer til dømes at National Security Agency i USA kan overvaka eit stort tal samtalar til ei kvar tid og plukka ut nøkkelord, såkalla «trigger warnings», for tettare oppfølgjng som det heiter.

Les også

Det mørke nettet

Spørsmålet me må stilla oss er kva som skal ligga i eit eventuelt digitalt grenseforsvar. Kva tiltak vil samfunnet meina er naudsynte for å verja oss mot utanlandsk hackar-verksemd. Kor skal grensa gå for å setja i verk tiltak og henta innsyn i data?

Kontantfritt

Dei fleste av oss har sjølvsagt ingenting å løyna. Per no lever me i eit trygt demokrati der me lit på kvarandre og styremaktene. Det er mogleg å tenka seg at det siste ikkje alltid vil vera tilfelle.

Digitalt grenseforsvar kan vera eit lite, men vesentleg steg vidare mot ein eventuell politistat og ei omfattande overvaking som knapt nokon ønskjer i prinsippet. Men kva gjer me ikkje mot ytre fiendebilete anten fienden heiter Russland, Kina eller IS?

Iselin Nybø (V) har vore prisverdig tydeleg på at personvernet kjem først i denne saka.

Venstre har lenge vore ivrig motstandar av datalagringsdirektiv og overvaking av einskildmennesket. No ser Nybø og dei ut til å ha fått ein alliert i Framstegspartiet.

Harald Tom Nesvik (Frp) varslar at personvern målt mot digitalt grenseforsvar høyrer heime på landsmøtet i mai. Rogaland Frp og fleire andre fylkeslag har til dømes gått inn for seia nei til eit kontantfritt samfunn, nett av omsyn til personvernet.

Å fjerna kontantane skal få bukt med svart arbeid og ymse kriminalitet.

Å overvaka elektronisk grensetrafikk skal stogga hackar-åtak.

Alt skjer i det godes teneste.

Grensene flyttar me steg for steg, smått om senn.

Men digitaliseringa gjev høve til overvaking i ein målestokk som Stasi og Erich Honecker i det gamle DDR berre kunne drøyma om.

Den store jakta på tryggleik kan fort enda utrygt i eit samfunn der alle mistrur alle – og med aukande grunn.

Publisert:

Les også

  1. Kommentar: Brages nye verd

  2. Kommentar: Ni av ti drepne i trafikken er menn

  1. Stasi
  2. Personvern
  3. Russland
  4. PST
  5. Internett