Stagnasjonsfella og veljarane sin sure hemn

KOMMENTAR: Kan det bli eit problem for regionen vår at det har gått så bra så lenge, og at me blei så rike?

Detroit var ein gong ein blomstrande bilby i USA. Men då Aftenbladet var der i 2013, stod rundt 80.000 bygningar tomme.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

– Hemnen kjem ikkje frå dei som aldri har hatt noko, men frå dei som har hatt alt – og så mista det.

Profetien fall på utestaden Påfyll ein tidleg kveld i slutten av oktober. Det var Kåkånomics-festival, og på scenen stod den spanske professoren Andrés Rodríguez-Pose. Han er noko så uvanleg som økonomisk geograf, har sitt hovudvirke på prestisjetunge London School of Economics, men er også professor II ved Universitetet i Stavanger.

Pose er også ein populær fyr i EU-systemet – om enn med ein litt skremmande. Dei siste åra har han 27 gonger blitt invitert til toppane i Europa for å presentera essayet sitt «The revenge of the places that don’t matter» (Hemnen til stadane som ikkje betyr noko).

Men nå stod han altså på ein brun pub i Stavanger. Og snakka om noko som det plutseleg slo meg at like gjerne kan ramma oss, på grunnrike Nord-Jæren.

Folk i geografien

Pose har studert geografiske forskjellar i både Europa, Storbritannia og USA. Ikkje minst har han sett på stemmemønsteret då amerikanarane valde Donald Trump til president – til sjokk og vantru i Washington D.C. – og då Storbritannia bestemte seg for å gå ut av EU i 2016 – til sjokk og vantru i London. Pose har undersøkt kva som kjenneteiknar områda der du finn dei mest misnøgde veljarane, der du finn den tydelegaste protesten mot etablissementet og dei rådande elitane.

Kva fann han ut? Jo, at desse stadene er kjenneteikna av stagnasjon og tilbakegang. Den dagen det spreier seg ei kjensle av at framtida ligg ein annan stad, oppstår det eit problem. Som i rurale område i USA.

Kan me enda i same situasjon sim Nord-Italia – sjølv med vår velstand?

Protest i val

Problemet manifesterer seg når veljarane går til vallokalet. Og det gjeld enten veljarane bur i Detroit i USA eller i Sunderland i Nord-England. Begge var ein gong rike industriområde. Men det er lenge sidan nedturen og stagnasjonen festa grepet.

Det eg ikkje hadde tenkt på, og som Pose fekk meg til å tenkja på, er at det faktisk ikkje skal så mykje til for at ein region hamnar i ei slags bakevje som så gir seg utslag i misnøye og protest. Poses – for meg – overraskande poeng er at regionen ikkje ein gong treng å vera fattig eller tilbakeliggjande. Det er nok at dei som bur der begynner å kjenna seg oversette og gløymde, at veksten har stoppa opp.

– Er du velståande og ser at barna og barnebarna dine kjem til å oppleva mindre velstand og meir stillstand, stemmer du på ein annan måte enn i oppgang og vekst, som Pose sa på Påfyll.

Feller av stagnasjon

Slike feller av stagnasjon finn han i Europa både i Storbritannia, i Frankrike og ikkje minst i det nordlege Italia, som alltid har vore landets industrielle motor, velståande og vellukka. Men nå dominerer proteststemmene og oppslutninga om politikarar som høgrenasjonalisten Mateo Salvini.

Det var då Pose begynte å snakka om dei rike regionane i Nord-Italia at eg begynte å tenkja på Norge, Rogaland og Nord-Jæren. Kan me enda i same situasjon – sjølv med vår velstand?

Ifølgje Pose er det visse faktorar som kjenneteiknar område som blir fanga i stagnasjon og nedgang:

  • Næringa som har sørga for brød og smør er ikkje lenger konkurransedyktig.
  • Området manglar kompetanse og innovasjonskraft.
  • Institusjonane er svake.

Nytt brød og smør?

Nord-Jæren er definitivt ikkje der nå. Men det betyr ikkje at det ikkje kan skje. Ikkje minst med tanke på kor viktig olje og gass har vore for velstandsutviklinga i regionen – og med tanke på at olja og gassen ein dag tek slutt. Så det første poenget kan i høgste grad koma til å gjelda også oss.

Til gjengjeld er vår region velsigna med både kompetanse og innovasjonskraft – men framfor alt på olje og gass. Kan me få til det same på område som ikkje gir så eventyrlege pengar tilbake?

Dei norske institusjonane er sterke, tilliten er høg, me har så mykje pengar i banken at me toler det meste. Men interessant nok har ingenting av dette vore nok til å hindra at regionar og lokalsamfunn også her til lands stagnerer, blir avfolka – og at misnøya i provinsen stig.

Misnøya har gitt seg utslag i at me nå har ei Ap/Sp-regjering, som har som uttalt mål å stagga sentraliseringa. Og i at det sit ganske mange på Grünerløkka i Oslo og ristar på hovudet over at MDG, SV, Venstre og Rødt ikkje fekk fleire stemmer. På Grünerløkka fekk desse fire partia til saman 51,4 prosent av stemmene ved siste val. På landsbasis fekk dei 20,9 prosent.

Sentrum–periferi-konflikt

Men her ligg også noko av Poses poeng: Aukar misnøya i regionar og provinsar som blir oversette og forbikøyrde, vil provinsens stemmer ved val hindra dei «progressive» eller «moderne» reformene folk i storbyane ønsker seg. Det hjelper ikkje om London veks og blømer og elskar EU, viss resten av landet ikkje gjer det. Det hjelper ikkje om folk i Oslo sentrum vil stenga oljenæringa innan 2035 og gå over til elsykkel, om mange nok i Nord-Trøndelag eller Rogaland vil behalda næringa og dieselbilen. Eller den spinndyre Teslaen.

Urbanisering er ein global megatrend som ikkje kjem til å stoppa. Heller ikkje i Norge – sjølv ikkje med ein pickup-køyrande finansminister. Men om avfolkinga av distrikta og Oslo-regionens vekst held fram også med Sp i regjering, kven skal dei som sit igjen i provinsen, då stemma på neste gong, i protest?

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Hemnen frå dei som hadde alt

  2. Det smilande makt­skiftet

  3. Blant dei som har stått fremst i kjefte­køen, er dei som nå skal ta over makta

  4. «Mangfald» er det nye moteordet – også i kulturlivet. Men korleis får ein det til utan å enda i den reine parodien?

  5. «Er det verkeleg val­kampen som får deg til å bestemma kven du skal stemma på?»

  6. Kulturjobbar er visst ikkje som andre jobbar

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kåkånomics
  3. EU
  4. USA
  5. Nord-Jæren