Gå i karantene!

KOMMENTAR: Eg syns faktisk ein heil del politikarar i ein heil del parti burde gi seg sjølv karantene mot å driva nokon form for skulepolitikk i minst eitt år. Vi kan begynna med Høgre. Og Venstre. Og Ap.

Henrik Asheim er Høgres minister for forsking og høgare utdanning. Han vil gjerne at Høgre skal bestemma korleis ein klasse skal delast i grupper.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Denne helga er det Høgre sin tur til å ha landsmøte. Og i Høgre syns dei det kan vera ein god idé å dela elevane i same klasse inn i grupper etter fagleg nivå. Og i alle fall i fag der Høgre meiner det er spesielt viktig å prestera på høgt nivå. Nå er det ikkje nødvendigvis sånn at elevane lærer best på den måten, men sidan Høgre trur det, lar dei ikkje slikt sjenera seg frå å overstyra kva den læraren som kjenner klassa best, måtte meina er den beste måten å læra elevane sine matte på.

Les også

Høyre vil skille elever i ulike klasserom ut fra faglig nivå

For det finst i grunnen ingen grenser for kor sterkt politikarar og byråkratane deira har lyst til å styra skulen. Kor mange detaljar dei meiner dei bør ta grep om. Kor sterkt ein framstormande politikar bør bruka skulen til å markera handlekraft. Kva som kan løysast med meir skule. Kva som kan problematiserast, testast og målast, for så å kasta glans over politikarane som gjorde det.

Pust!

Greia er – og det er ei stor greie – at skulane nettopp har begynt med nye læreplanar. Der det viktigaste er å gi meir plass og rom og tid til å tenkja og læra og finna ut av ting. På tvers av fag, for eksempel. På forskjellige måtar. Forsvinna djupare ned i ting, og bli der ei stund.

Ein kunne tenkja at det ville vera lurt å la alle i skulen få jobba med det der i fred ei god stund. At det dermed ikkje er så lurt å gå inn og bestemma detaljar som kva måte dei skal dela klassane i grupper på, til og med kva for nokre fag det er viktig å gjera det i. Det er tull og vas. Når politikarar styrer på den måten, endar dei fort opp med å spenna bein på det som eigentleg er viktig i eit klasserom.

Hyss!

Ta nå nasjonale prøvar, for eksempel. Noko politikarar frå dei fleste parti meinte var ein god idé då dei blei innførte i 2004. Den finaste tanken med nasjonale prøvar er å finna ein måte å sjekka om Kari i Finnmark får like god undervisning på skulen som Samuel i Oslo. Og omvend. Det kan ikkje vera kvar lærar, sitt kongerike. Men korleis gjer ein det?

På 5. trinn, når barna er ni–ti år, har ein funne ut at dei skal sitja rett opp og ned og stille ved ein pult i 90 minutt og bli nasjonaltesta. Og konsentrera seg. For eksempel om å lesa fem lange tekstar og svara på spørsmål. Det er dei aleine, med tekst og tanke og oppgåveark.

Sånn jobbar jo ikkje ni- og ti-åringane til vanleg. Viss ein finn det vanskeleg å sitja på det viset i 90 minutt, kan ein løysa det med å senda tankane ut i flyt, tenkja seg langt vekk, mens ein ventar på at det skal vera over. Eller kryssa seg fort gjennom ulike alternativ, utan å tenkja, for å sleppa vekk frå nederlaget så fort ein klarer.

Mål!

Og skulen? Lærarar er ofte opptekne av å prøva å gi elevane følelsen av å meistra det dei held på med. Det er ein ganske sterk drivar for å læra. Så då kan det jo vera at ein bruker veldig mykje tid på å venna elevane til denne rare greia som dei nasjonale prøvane forlanger av dei. For å unngå at det blir for negativt for mange. Ein kan be mor og far begynna å øva dei opp i å sitja skikkeleg, skikkeleg lenge med lekser alt i fjerde klasse, for at dei skal meistra dette. Sjølv om både lærarar og foreldre ser at det er nokså naturstridig.

Så er det jo også sånn at skulane blir rangerte etter resultata på dei nasjonale prøvane. Sånn at vi som er foreldre skal få sjå kva som er ein god skule og ikkje. Det kan jo også skulane bli ganske opptekne av. Og også difor bruka mykje tid på denne greia, sjølv om dei kanskje ikkje har så stor tru på akkurat den måten å læra på.

Det har vore mykje bråk rundt dei nasjonale prøvane. Fordi den måten som gjer det lettast for politikarar og byråkratar å måla skular på, ikkje heng særleg godt saman med måten ungar lærer på. Og då forsvinn i grunnen mykje av vitsen. Det er veldig rart at ein ikkje har gjort noko med det der.

Mål meir!

Nå har det nettopp blitt kjent at regjeringa, med kunnskapsminister Guri Melby frå Venstre i spissen, jobbar lynfort for å endra det. Så fort at dei ikkje har tid til å be dei som kan mest om dette – for eksempel lærarar – om råd.

Dei ser ut til å enda opp med endå meir av det same. Fleire sånne prøvar. Ein del av dei ganske ublygt kalla styringsprøvar. Heilt ned til andre klasse. Sjuåringane våre, altså. Som om du kan dela opp kva ein andreklassing kan på den måten, utan at dei sjølve kjenner seg mindre av det. Og viss det blir endå fleire sånne prøvar, dobbelt så mange, ser det ut til, og viss dei heng endå dårlegare saman med måten lærarar meiner ungar lærer på, – ja, så kjem skulen og lærarane til å bruka endå meir tid på det – for ikkje å koma dårleg ut. Og for at elevane ikkje skal gå ut med bøygd hovud og blikket i skoa alt i andre klasse.

Gi fred!

Ap? Dei vil blant anna justera opp verdien av praktiske fag. Og dei vil redusera testane. Samtidig som dei vil innføra ein lese-, skrive- og reknegaranti.

Det siste kan fort bli like dumt som når Høgre sa dei ville satsa meir på fag som musikk og handverk, men samtidig fortsetja å måla skulane offentleg i lesing, skriving og rekning. Garantiar høyrer meir saman med bilar enn med barn.

Så viss dei nå alle saman rett og slett kunne la vera å driva med meir skulepolitikk ei stund? Eg veit jo at det ikkje går. Men eg trur likevel den beste skulepolitikken ein kunne kome med akkurat nå, er å la skulen få fred.

Gå heller i karantene!

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg for den som er sjuk

  2. – Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel

  3. – Å, NRK! De må tola å få eit blåmerke eller to!

  4. – I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

  5. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  6. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Skolepolitikk
  3. Henrik Asheim
  4. Guri Melby