Kven skal ut?

KOMMENTAR: Sjukehuset vårt klarer ikkje å spara meir utan at det går ut over kvaliteten. Nokon må ut.

Kven av oss kan sjukehuset (SUS) slutta å behandla? For kva? Her frå intensiven, med pleiarane Kirsten Ree Jensen, Tone Winnskjei og Tone Michelle Stokka.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Vi begynner på nytt denne helga. Nikkar til det gamle året, nokså avmålt, vil eg tru, og begynner på eit nytt. Det må sparast, over alt, også i sjukehusa, og også i vårt – SUS. Det har dei for så vidt drive med i årevis. Men nå?

Nå må det bli oss

«For å få økonomisk handlingsrom til å gjennomføre de nødvendige investeringene må foretaket gjennomføre større og mer grunnleggende endringer i driften. Det er ikke tatt høyde for at dette kan gjennomføres i 2023,» stod det i styrepapira om budsjettet i årets siste styremøte.

Større og meir grunnleggjande endringar i drifta? Det er nok deg og meg og familien vår dei meiner. Det er vi som er drifta. Når vi føder barn, brekk ein arm, treng ei ny hofte, får ein kreftdiagnose, har barn som har alvorlege, psykiske lidingar, gamle foreldre med fleire og kompliserte diagnosar. Alt det.

Dei nødvendige investeringane? Først og fremst å kunna fortsetja å byggja nytt sjukehus. Det går i alle fall ikkje, ikkje nå, ikkje på fleire år. Halvparten av det nye er klart om eitt par år, med akuttmottak og sengeplassar. At bygginga skulle skje trinnvis, har ein tenkt heile tida. Men ein tenkte jo at ein kunne begynna på neste trinn når det første var ferdig. Spara opp eigenkapital av pengane til drift, få lån, byggja, selja den gamle sjukehustomta, få nye lån, fortsetja å byggja. Eit trinn om gongen.

Men det går ikkje. Fortsetja som nå går heller ikkje.

Pengane

Sjukehusa får alle pengane sine frå staten. Den eine delen som basis, den andre etter innsatsfinansiering – eit system laga for å rekna ut kor mykje ulike behandlingar og operasjonar på sjukehuset faktisk kostar. På eitt eller anna vis skal ein jo prøva å halda oversikt og kontroll med kor pengane blir av. Så kan ein tena litt meir, viss ein jobbar fortare enn denne akkorden tilseier. Det har vist seg lettast å få til når det gjeld planlagde operasjonar.

Dei siste to åra har det vore mindre av den aktiviteten. For koronapasientar har trengt sengene på intensiven. I tillegg til at koronaen kravde meir av planlegging og smitteomsyn både i akuttmottaket og på avdelingar, og gjorde at mange av dei som jobbar på sjukehuset også blei sjuke. Barne- og ungdomspsykiatrisk utvida etter kvart det dei klarte, for å kunna ta imot auken i svært unge og alvorleg sjuke pasientar.

Sjukehuset gjorde akkurat det dei skulle. Dei gav nødvendig helsehjelp.

Det gjekk utover økonomien. Det er her det begynner å bli skikkeleg, skikkeleg bakvendt. Systemet er jo konstruert, offentlege sjukehus tener ikkje pengar sjølv, dei kan ikkje det, og det er ikkje det dei skal driva med. Men når ein så lagar seg eit slikt system som vi har, for å prøva å halda ein viss oversikt, også over om folk rundt i landet får den helsehjelpa dei har krav på, blir det veldig rart når det same systemet straffar sjukehusa for å gjera det som er heilt nødvendig og lovpålagt. Fordi dei ikkje kunne driva med like mykje planlagd aktivitet. Systemet fungerer berre viss det kjem nok pengar frå staten til at det finst handlingsrom, og så lenge sjukehusa ikkje blir freista til å prioritera det som gir mest pengar inn på bok, over det som gir mindre. Psykiatri og kroniske sjukdommar er blant det som gir mindre.

Strammare grep

Vi veit jo alt dette. Vi veit også at krigen i Ukraina gjorde at byggekostnadane steig, og førte til ein sprekk på det nye sjukehuset på rundt 450 millionar kroner. Det ein kunne brukt til å begynna på neste bygg, må gå til å dekkja den sprekken. Det same skjedde forresten med det nye regjeringsbygget. Den sprekken dekka regjeringa, over det reviderte statsbudsjettet i vår. Men ikkje sjukehuset sin. Sjølv om årsaka er klin lik.

Kva skal dei i tilfelle gjera mindre av? Kor mykje behandling skal vi få?

Då statsbudsjettet for 2023 kom nå i haust, var det ikkje pengar til nokon byggesprekk, der heller. Det var heller ikkje pengar til å dekka lønns- og prisvekst.

Og sjukehuset vårt, SUS, trur ikkje dei kan klara å springa fortare, utan at det går utover kvaliteten. Altså oss. Sjølv ikkje styreleiar og administrerande direktør trudde det, då statsbudsjettet kom.

Ropet ut til oss, som lenge har likt å tru at den offentlege helsetenesta går rundt av seg sjølv, er at nå må dei anten ha meir pengar, eller slutta med noko. Kva skal dei i tilfelle gjera mindre av? Kor mykje behandling skal vi få? Og av kven? Og kven skal bestemma det?

Valet

Det der er ikkje noko politikarane har særleg lyst til å meina sterkt om. Dei tyr til ord som effektivisering, smartare løysingar, meir teknologi. Du vinn ikkje neste val på å ta frå oss helsehjelp.

Politikarane bruker systemet til å skyva slike spørsmål nedover. Av og til er det å gi fagfolka der nede handlingsrom. Av og til er det rein ansvarsfråskriving.

Offentlege sjukehus kan ikkje velja vekk dyre og lange behandlingar, dei kan ikkje gå for det som er enklast og mest rett fram, dei skal retta opp komplikasjonar som har oppstått andre stader, dei skal ha spesialistar nok til å utdanna alle nye spesialistar. For vi har ennå ein tanke om at folk skal ha lik rett til eit godt helsetilbod her i landet, uansett kven dei er.

Eit alternativ er jo meir pengar til sjukehusa, og mindre til vegar og skipstunnelar og byråkrati. Elles sit vi igjen med at nokon må ut av sjukehuset for godt. Og dei bør vel helst ikkje vera blant fagfolka som ennå jobbar der. Altså må det bli nokon av oss. Pasientane. Kven av oss skal det bli?

Publisert: