Gratulerer med tiårs­dagen, Stavanger konserthus!

KOMMENTAR: Torsdag feirar Stavanger konserthus sin tiårsdag med storslått festkonsert. Blei Konserthuset det ein håpa på?

Stavanger konserthus er ti år. Det er grunn til å gratulera både huset, byen og regionen.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Berre for å slå det fast: Du bygger ikkje eit nytt konserthus til 1,2 milliardar kroner ut av ingenting. Når Stavanger konserthus torsdag kveld kan feira ti år, er det resultatet av at nokon har tort å tenkja stort. Av sterk vilje, tolmod og gjennomføringsevne over svært lange – også vanskelege – tider.

Over 24 år har gått sidan Aps gruppeleiar Berit Egaas Røen i formannskapet i Stavanger foreslo å bygga nytt konserthus. Same haust, i oktober 1998, vedtok formannskapet å starta arbeidet med ein disposisjonsplan for Bjergsted og Sandvigå. Ideen hadde først oppstått blant musikarane i Symfoniorkesteret. Trombonisten Leif Værum Larsen og oboisten Arve Rosell hadde endåtil meldt seg inn i Ap for å jobba politisk med ideen.

Tanken om Bjergstedvisjonen og å bygga eit nytt og ambisiøst konserthus i Stavanger utvikla seg parallelt med ein annan storslått idé. På ei samling i åttande etasje på Hotell Maritim i 1999 diskuterte ei gruppe lokale Høgre-politikarar kva saker dei burde satsa på framover. Her lanserte Helge Ole Bergesen tanken om Stavanger som europeisk kulturhovudstad. Året etter fekk kultursjef Rolf Norås i oppdrag av ordførar Leif Johan Sevland å finna ut kva desse kulturhovudstadsgreiene var for noko.

Resten er (kultur)historie.

Brei satsing

(Kultur)politikarar får ikkje så ofte skryt frå (kultur)kommentatorar (eller nokon andre). Men i dag, på tiårsdagen, skal dei få det: Eit breitt, tverrpolitisk fleirtal bestemte seg for å satsa på kultur i Stavanger. Dei la ein grandios, langsiktig – og ganske kostbar – plan. Dei gjennomførte tidenes største kulturarrangement i Norge, Stavanger 2008. Året blei avslutta med nedlegging av grunnsteinen for det nye konserthuset og kjøpet av Tou Scene.

Det skal Stavangers politikarar ha både ros og takk for.

Den langsiktige satsinga på kultur var del av ein større, internasjonal trend. «Alle» hadde lese den amerikanske sosiologen Richard Florida. Om kor viktig det var for byar å by på noko meir enn jobb, om dei skulle tiltrekka seg høgkompetent arbeidskraft frå «den kreative klassen».

I den globale krigen om talent nyttar det ikkje berre å by på noko å leva av. Du må også by på noko å leva for. Noko å gjera på fritida. Som eit oppegåande kulturliv. Eit godt konserttilbod. Som i sin tur krev ein god konsertarena.

Ein mellomting

Det er spenn i det som er vist i Konserthuset, som meisterligafinalen i fotball mellom Liverpool og Tottenham i 2019 på storskjermar.

Men eit konserthus kan vera så mangt. Det kan vera eit skal som byr på scene og sal der omreisande artistar kan leiga seg inn – som Grieghallen i Bergen – men der konserthuset sjølv knapt skaper innhaldet. Eller det kan vera eit konserthus som sjølv produserer sitt eige innhald, som Operaen i Oslo.

I god, stavangersk and, blei løysinga ein mellomting. Stavanger konserthus byr på mange omreisande (kommersielle) framsyningar som leiger seg inn for eigen risiko. Men samtidig arrangerer dei også ein del sjølv som kan bidra til større breidde og til at fleire uttrykk kan sleppa til.

Dette blir i sin tur dels finansiert etter ein kjent modell i kulturlivet, nemleg ein kombinasjon av børs og katedral: Inntektene Konserthuset får frå næringslivet som event-arena, kan i sin tur finansiera kulturarrangement som ikkje går i pluss sjølv. Næringslivet i regionen sette ny, norsk rekord i privat finansiering av eit kulturprosjekt då Konserthuset blei bygd. Då – og no – bidreg dei indirekte gjennom event og sponsing av breidda i Konserthuset.

Optimistane fekk rett:
Kaka måtte ikkje delast
på fleire. Kaka blei større.

Vinn–vinn

Dette veit Per-Harald Nilsson, som blei konserthusdirektør eit halvt år før opninga. I ti år har han sørga for klokskap, kontinuitet, kulturell og kommersiell kompetanse i Konserthuset.

Grepet med at Stavanger Symfoniorkester og restauranten Spiseriet er faste leigetakarar, skaper også ein vinn–vinn-situasjon. SSO spelar i ein konsertsal med spektakulært god akustikk for klassisk musikk. Konserthuset bidreg til å skaffa gjester til Spiseriet, som i sin tur byr på mat og drikke på høgt nivå. Og publikum får altså ei breidde både i innhald og uttrykk som ligg på eit nivå godt over det du kunne forventa frå ein by på Stavangers storleik.

Karpe i Zetlitz-salen i 2019.

Publikum

For i siste instans handlar jo dette om publikum. Det hadde ikkje vore noko poeng i å bygga eit konserthus til 1,2 milliardar om ingen møtte opp. Stavanger konserthus kom seg raskt opp på eit årleg snitt på rundt 250.000 publikummarar og over 400 arrangement årleg. Det er altså kulturarenaene som er dei største, breiaste og mest folkelege samlingspunkta denne regionen har.

Eitt av dei store spørsmåla for ti år sidan var om eit nytt, offentleg finansiert konserthus ville konkurrera ut dei andre konsertarenaene i byen, som ikkje har same offentlege finansiering i botn. Ti år seinare ser det ut til at optimistane fekk rett: Eit større tilbod frå fleire aktørar har skapt eit større publikum. Kaka måtte ikkje delast på fleire. Kaka blei større.

Det einaste eg er usikker på er om Konserthuset har blitt «motoren» ein kunne ønska for det lokale kulturlivet – ikkje minst dei mindre aktørane og det frie feltet.

Men på denne dagen er det framfor alt tid for å gratulera, både Stavanger konserthus, byen og regionen, med dagen. Og håpa at me har like visjonære og handlekraftige (kultur)politikarar også framover. For kva blir det neste, store kulturprosjektet som står ferdig i Stavanger? Blir det eit Akropolis?


Publisert: