Verdiar i vinden

GJESTEKOMMENTAR: Ein underleg allianse har vendt haldninga til vindkraft frå entusiasme til avsmak.

Publisert: Publisert:

Ein underleg allianse, kallar rektor Klaus Mohn ved UiS den store gruppa av aksjonistar som har gjort opprør mot dei mange vindkraft-utbyggingane som er sett i gang i Noreg. Foto: Pål Christensen

  • Klaus Mohn
    Rektor, Universitetet i Stavanger; professor i økonomi

På tampen av året er det tid for tilbakeblikk. Kavalkadar over året som gjekk har rulla over mange medium dei siste par vekene. For folk som er interessert i energi og miljø er det kanskje ei sak som står som ein merkepåle over fjoråret. 2019 markerte nemleg eit vendepunkt for vindkraft, der opinion og politikarar tok ein ekte u-sving, frå entusiasme til avsmak. Kva var det eigentleg som skjedde?

Det starta med NVE sitt arbeid med ei nasjonal ramme for vindkraft på land, som skulle kartlegge område av Fastlands-Noreg som kunne vere spesielt godt eigna for vindkraft. Bakgrunnen var at regjeringa si tilnærming til utbygging av vindkraft har sakna samanheng, heilskap og langsiktigheit. Prosessen skapte uansett tumultar, resultatet skapte skarp debatt, og regjeringa enda opp med å legge rapporten i skuffa. Men uroa rundt denne prosessen var i realiteten berre dropen som fekk glaset til å renne over.

Full mobilisering

Vindkraft fører med seg naturinngrep, økonomisk aktivitet og sysselsetting, og kan potensielt gje gunstige verknadar på utsleppa av klimagassar. Naturinngrepa har mobilisert motstand frå natur- og miljøverninteresser, med Den Norske Turistforening som faneberar. For klimaskeptikarar og nasjonalromantikarar har det vidare vore kontroversielt å ofre norsk natur for klimaverknadar ein eigentleg ikkje bryr seg om. Spesielt omstridt har dette blitt når det er utanlandske investorar som let til å sko seg på det mange ser på som uforsiktige inngrep i norsk natur.

Det finst minst tre perspektiv på vindkraft, om vindmøllene står til lands eller til havs. For det første kan utgangspunktet vere knytt til sjølve forsyninga av energi. I Noreg er me godt forsynte med vasskraft, veksten i etterspurnaden er moderat, effektiv utveksling i den nordiske kraftmarknaden stabiliserer prisane og det er lite som tydar på at kraftprisane står i fare for å skyte i været. I alle fall så lenge ein ikkje vil bygge fleire kablar til utlandet. Vindkraft er dermed neppe naudsynt for å møte behova for elektrisitet innanlands i åra som kjem.

Verdiskaping?

Eit anna utgangspunkt er at utbygging av vindkraft kan legge til rette for økonomisk verdiskaping og sysselsetting. Dette føreset at kostnadar og ulemper for samfunnet ved er lågare enn inntekter og gevinstar. Inntekter frå vindkraft heng sjølvsagt nøye saman med utviklinga i elektrisitetsprisane, der utsiktene ikkje peikar mot store endringar dei nærmaste 20 åra. Når vindkraft likevel har blitt såpass mykje meir interessant, så har det meir å gjere med at kostnadane ved utbygging no har falle så mykje at utbygging av vindparkar på land er i ferd med å løne seg utan stønad frå staten.

Men dette er før ein tek omsyn til ulempene ved vindkraft for omgjevnadar og samfunnet elles. Økonomisk aktivitet har nemleg ringverknadar for kringliggande næringar og eigedom, som utbyggaren av vind ikkje utan vidare tek omsyn til når avgjerda om utbygging blir gjort. Tenk for eksempel på hytteprisane i eit felt som får ein vindpark som nærmaste nabo. Eller verknadar på beitekvalitet og anna landbruks- og næringsverksemd. Slike indirekte verknadar kan vere positive og negative. Fordelen er at dei normalt kan målast, og nettoverknaden må bringast inn i vurderingar av samla lønsemd for samfunnet.

Kva kan målast?

Verre er det med såkalla eksterne verknadar, som er fordelar og ulemper for natur, miljø og samfunn som ikkje utan vidare kan målast. Eksempel er støyforureining, tap av utsikt, verknadar på fugleliv og mangfald av artar, samt bortfall av turområde og villmarksareal. Men eksterne verknadar kan og vere positive, for eksempel om vindkraft kan føre med seg reduksjon i utsleppa av klimagassar. Dette tek oss til det tredje perspektivet på vindkraft, der motivasjonen er å erstatte fossile brensel med fornybar energi, for dermed å demme opp mot vidare global oppvarming. Dette har truleg noko føre seg, men verknadane er ikkje rett fram. Uansett må ein vege alle slike verknadar mot kvarandre i samfunnsøkonomiske vurderingar av lønsemd.

Året som gjekk har lært oss at sjølv om vindkraft kan gje økonomisk aktivitet i distrikta, lågare straumprisar og velkomne verknadar på utsleppa av klimagassar, så har likevel entusiasmen rundt verksemda slått sprekker. Ein underleg allianse av naturvernarar, klimaskeptikarar og nasjonalromantikarar har nemleg kome til at verdien av naturen som går tapt er for høg, og denne rørsla har tippa opinion og politikarar frå entusiasme til avsmak.

Eit dilemma

Verdien av naturen som går tapt må rett nok med når ein skal vurdere lønsemda av vindkraft for samfunnet i vid forstand. Det er likevel eit tankekors at slike verdiar får så mykje større merksemd når det gjeld vindkraft enn for mange andre typar inngrep, som hyttefelt, vegprosjekt, tunnelbygging og anna næringsutvikling.

Denne type dilemma vil me uansett sjå stadig fleire av i tida som kjem, og difor blir det viktig at grunnlaget for avgjerder inkluderer flest mogleg perspektiv og innfallsvinklar allereie frå starten. For saker der ein må balansere omsynet til økonomisk aktivitet og sysselsetting mot omsynet til natur, miljø og klima vil vere eit kjenneteikn for tida som kjem.

Følg på Twitter: @mohnitor


Publisert:

Les også

  1. Statkraft sel vindparkar i Skottland for 1,2 milliardar kroner

  2. NVE kan gå rettens veg mot utbyggar av Vardafjell

  3. Sylvi Listhaug, som blir minister for vindmøller, synest vindmøller er noko svineri

  4. Ny rapport: Lyden frå Vardafjell vindkraftanlegg vil vere over lovleg verdi

Mest lest akkurat nå

  1. Fastleger bekymret for ny korona-testordning: – Kan gå utover pasientsikkerheten

  2. Auglendstunnelen åpner lørdag

  3. Bilfører stoppet i Ryfast – for å sove

  4. Myndighetene fraråder unødvendig reise til utlandet. Men hva med unødvendig reise i Norge?

  5. Trapper opp leteaksjonen ved Månafossen

  6. Alle grønne land blir gule - ber alle la være å reise utenlands

  1. Vindkraft
  2. Sysselsetting
  3. Utbygging
  4. Miljø og klima
  5. Klaus Mohn