Ikkje til å tola

KOMMENTAR: Kritikk kan kvelast av at nokon blir krenka. Også når dei krenka er ytringsfridomsorganisasjonen Norsk PEN.

Publisert: Publisert:

Kjersti Løken Stavrum og Norsk PEN sine reaksjonar på barneboka «Sitronlimonaden» er nedlatande, pompøse og hårsåre, skriv Solveig G. Sandelson. Foto: Gorm Kallestad, NTB scanpix

  1. Leserne mener

I si sjel er identitetspolitikk heilt nødvendig. Aller sterkast kjennest nok det for minoritetar og undertrykte i eit samfunn. Å finna saman i ei gruppe, sjå at det ikkje er privat dette, det er ikkje deg det er noko gale med. Og så, som gruppe, hevda dine rettar overfor dei andre. Få dei til å sjå din veg. Ikkje gi deg på at di stemme også tel. Og i din versjon, ikkje slik dei andre, dei mange og mektigare, har definert at den bør vera.

Den er også like nødvendig for storsamfunnet. At ulike grupper kan vita at dei blir høyrde. At dei tel med. At ikkje grov urett mot nokon blir til eit skuldertrekk for resten av oss. Tilliten mellom oss er avhengig av det. Sjølvaste demokratiet vårt er avhengig av det.

Baksida

Men det finst jo ei bakside. Eit krenkehelvete. Der ingen grupper må krenkast, støytast eller rørast av andres meiningar. Der retten til å ha si eiga stemme blir til retten til å få vera i fred for kritikk og motstand, i fred med eigne oppfatningar og sanningar. Der meiningane til alle som ikkje er akkurat som deg, kan avvisast. Som når NTNU-studentar blir krenka av at av ein forelesar har latt seg intervjua av Resett. Eller når liberale Sylo Taraku blir nekta scene fordi nokon syns boktittelen hans, «Frihetskampen i islam» er for suspekt.

Det er ei ganske utoleleg bakside.

Også vi, når vi blir krenka

Barneboka «Sitronlimonaden» har skapt debatt om både rasisme, krenking og ytringsfridom. Foto: Magikon Forlag

Det er ikkje berre minoritetar som blir krenka. Det hender også at det er oss. Det store vi. Eller representantar for oss. Det kan henda at også vi helst vil få vera i fred med våre haldningar, våre eigne oppfatningar. Også for oss finst det ein hårfin balanse. Der vi på den eine sida verken kan eller vil gå på akkord med grunnleggjande verdiar som likeverd, fridom til å meina kva du vil, tru på kva du vil, leva med kven du vil. Enkeltmenneskets rett til å heva si stemme mot makta. Eller alles ansvar for å halda dei same rettane opne for andre.

Og på den andre sida? På den andre sida blir også vi krenka, og vil ikkje ha noko av at andre skal forstyrra våre oppfatningar.

«Det er vanlig at norske barn kritiserer foreldrene sine, blir flaue over klær foreldrene bruker, skammer seg over hva foreldrene gjør og tenker dumme tanker om dem», skriv forfattar Hilde Henriksen i eit innlegg i Dagsavisen.

Mina Adampour er lege, Aftenposten-skribent og samfunnsdebattant. Foto: Aftenposten

Ho forsvarar boka si, «Sitronlimonaden», mot kritikk reist av den svært erfarne samfunnsdebattanten Mina Adampour, plukka opp av blant andre Rahaf Allawi. Henriksen finn det også nødvendig å opplysa om at ein skjønnlitterær tekst treng ein konflikt.

Leiar for litteraturutvalet i ytringsfridomsorganisasjonen Norsk PEN, Dag Larsen, trur Adampour ikkje forstår korleis ting verkeleg heng saman: «Hun later ikke til å være helt klar over hvordan dagens barnelitteratur tar opp problemer som barn møter, slik Nasir eksemplarisk møter det i «Sitronlimonaden». […] Når voksne lar seg krenke av en barnebok, er det som regel ikke boka det er noe feil ved.»

Han synest også det er på sin plass å informera Adampour – som har bakgrunn som flyktning frå Iran – om kor ille dette kan gå, ved å visa til sterke, statlege sensurinstansar i land i Midtøsten.

Kritikk

Kva Adampour har gjort? Ho har kritisert eit tekstutdrag i barneboka «Sitronlimonaden», brukt blant anna i leseverk for barn i den norske småskulen. Boka handlar om Nasir og mor hans frå Syria, og minoritetsforeldre har reagert fordi dei finn delar av framstillinga rasistisk. Adampour har også vendt seg til Likestillings- og diskrimineringsombodet og bedt om ei vurdering av innhaldet.

Forfattar Henriksen kan forresten også opplysa om at det er ei total misforståing at boka handlar om Syria, den handlar om å vera tokulturell i eit nytt land. Ho brukte berre Syria fordi det var eit fredeleg land i 2010, då boka blei skriven, og fordi vokalane i namnet kling så vakkert. Ho legg til at når boka har vekt debatt, må det nok vera fordi den er viktig. Dessutan syns ho det er viktig å snakka saman.

Kjersti Løken Stavrum, leiaren i Norsk PEN, forklarer at «vi reagerer fordi vi er uenige i at boka er rasistisk, verken boka sett som helhet eller tekstutdragene, som er trykket i lærebøker for 2. og 4. trinn». Ho åtvarar mot å trekkja staten – altså ombodet – inn, og meiner ytringsrommet blir mindre av slikt som dette.

Sjølv har eg ikkje lese boka. Om eg ville vera einig eller ueinig med Adampour er heilt uvesentleg i dette.

Men eg synest reaksjonane er til å få vondt i magen av. Det er nedlatande. Det er pompøst og hårsårt. Både Henriksen og Norsk PEN står fram som krenka over at nokon kan finna på å stilla spørsmålsteikn ved fleirtalets blikk på ein minoritet. I dette tilfelle syriske mødrer, gjennom delar av teksten i ei barnebok. Kritikken Adampour reiser blir kalla forsøk på sensur og på å innskrenka ytringsfridommen.

Maktkritikk

Verkeleg? Er det ikkje heller maktkritikk Adampour driv med? Ho løftar enkeltmenneskets stemme mot maktas definisjon av dei. Mot kva tekstutdrag staten bruker i norske klasserom. Ho hevdar retten til å la stemma til ein minoritet telja med. Ho bruker offentleg debatt til det, og ho vender seg til den rådgivande instansen som er oppretta for «dei som blir urettferdig behandla og diskriminerte.» Ho har, så vidt eg kan sjå, aldri tatt til orde for sensur av boka. Og eg tvilar på at likestillingsombodet i Norge liknar veldig mykje på statlege sensurinstansar i land i Midtøsten.

Sjølvaste Norsk PEN går i identitetsfella og ropar til Adampour at du forstår oss ikkje, difor treng vi ikkje lytta til di stemme. Krenka snur dei baksida til, og drar ironisk nok krenkekortet mot Adampour. For vi vil ha oppfatningane våre i fred. Også oppfatningane våre av dei andre.

Den måten å avvisa kritikk på er faktisk ikkje til å tola.

Publisert: