Digital dissonans i skule og utdanning

GJESTEKOMMENTAR: Me har framleis mykje å lære om teknologi i utdanningssektoren.

Publisert: Publisert:

Behova for digitalisering i skulen har gjerne vore motiverte av heilt andre kriterium enn læring – som komfort, moro, underhaldning og hygge. Foto: NTB scanpix

  • Klaus Mohn
    Rektor, Universitetet i Stavanger; professor i økonomi

Villa Parafina. Ute er det vinter. Snøen har lagt byen til ro. Inne er det lunt og varmt. Summing under høge tak, digre lysekroner og dekorasjonar i bladgull. På veggane kivar løvene om merksemda med englar med faklar og basunar. Blanke skor trør parkett og persiske teppe. Augo søkjer kvil i nasjonalromantikk, tunge gardin og utsikt mot sjølvaste Slottsparken.

Staten sin representasjonsbustad i Parkveien i Oslo kan på sett og vis representere både historia og samtida. Historia, fordi det var slike omgjevnadar dei mest privilegerte blant oss skal ha vanka i for 100–150 år sidan. Samtida, fordi restaureringa til standarden i dag minner om kva ressursar landet vårt rår over om ein vel å sette klutane til.

Som ei vekking over landet

Høvet i dag er utdanningspolitisk toppmøte, med to ministrar og alt som kan krype og gå av leiarar i Utdannings-Noreg. Paradoksalt nok har ein valt Villa Parafina som arena for førelesing og debatt om rolla for ny teknologi, digitalisering og læring i det norske systemet for utdanning.

Digitalisering er kanskje det aller største moteordet i næringsliv og offentleg forvaltning no om dagen. Og utdanningssystemet slepp ikkje unna. Med ein eigen minister på toppen, og ambisjonar og mål på alle nivå, går digitaliseringa no som ein farsott over landet. Om du arbeider i næringslivet, i kommunen eller i utdanningssystemet, – for digitaliseringsbølgja finst det ingen plass å gøyme seg.

Sjølv har eg levd så pass lenge at eg tek slike framstøytar med ei viss klype salt. Somme tider har det vore slik at om ein berre sit i ro, så er det mykje som blæs over. Ikkje det at eg trur at digitalisering er ei døgnfluge. Gud forby! Snarare vil eg vel meine at digitalisering mest er eit uttrykk for at ein stadig bør tenke nytt, og ta den beste teknologien i bruk uansett kva for oppgåver ein er sett til å løyse. Så enkelt, og framleis nokså komplisert.

Effektane på læringa er små

Med dette som utgangspunkt er eg spent på kva den første talaren har å seie, etter at minister for forsking og høgare utdanning Iselin Nybø og kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner har dradd gjennom høgdedraga i norsk utdanningspolitikk. Frå Johns Hopkins-universitetet i USA har ein nemleg henta inn professor Robert Slavin, ein kapasitet på området, om ein skal tru på autoritetane. Fødd på midten av det førre hundreåret kan det likevel tenkast at han er vel så representativ for fortida som for framtida.

Uansett er professor Slavin her for å ta oss gjennom historia om korleis innovasjon basert på ny teknologi og digitalisering har løfta kvaliteten på læringa i utdanningssystemet. Det er ei historie om vonbrot, skal det vise seg. Oppsummeringa av forsking på området tyder nemleg på at effekten av nye teknologiske verktøy på læringa av lesing og rekning rett nok er positive. Men dei er i hovudtrekk veldig små. Dette står i sterk kontrast til merksemda og ressursane som blir brukte på teknologi og digitalisering i det norske utdanningssystemet no om dagen.

Vidare seier professor Slavin at den faktiske verknaden på læringa ikkje har stått i høgsetet for dei som har etterspurt det nyaste av teknologiske reiskapar for utdanning og læring. Behova har gjerne vore motiverte av heilt andre kriterium – som komfort, moro, underhaldning og hygge.

Rett nok er forskinga ein refererer til i hovudsak frå USA. Men resultata er like fullt urovekkande. Her i Noreg har Lesesenteret ved UiS rett nok gjort ein del for å moderere digitaliseringsfokuset, samstundes som ein navigerer midt oppi det. Men det generelle biletet er nok likevel at ein ikkje er bortskjemt med store mengder forsking på kva som verkar og kva som ikkje verkar når det gjeld ny teknologi i utdanningssystemet. Til gjengjeld er det mykje snakk – om digitalisering, koding, kunstig intelligens og chat-robotar.

Meir systematisk evaluering

Før ein drysser nettbrett og dataspel over skuleklassane bør ein kanskje starte med enkelte overordna spørsmål: Kva er det ein eigentleg vil oppnå med teknologi og digitalisering i undervisninga? Er det at elevane skal lære meir? I gjennomsnitt, eller gjennom individuell tilpassing til kvar enkelt elev? Skal dei nye reiskapane rettast mot grunnleggande ferdigheiter, som lesing og rekning, eller er det kompetanse om sjølve teknologien som er målet?

Så snart ein har valt kva for spørsmål ein vil svare på, så bør ein ikkje basere svara på tru og gjetting, ikkje på tilfeldig observasjon, og heller ikkje på sunt folkevit. Det einaste som duger er kunnskap basert på forsking. Og ikkje berre med utgangspunkt i meir eller mindre vilkårleg valde enkeltstudiar, men på grundig gjennomgang av forskinga innanfor ulike område av utdanningssystemet.

Nettopp dette er hovudaktiviteten for det nasjonale Kunnskapssenteret for utdanning, som nett er flytta frå Oslo og innlemma ved Universitet i Stavanger no i haust. Her skal ein samle og systematisere den internasjonale forskinga på utdanningssystemet, og sidan legge til rette for brukande informasjon til praksisfeltet og politikken på området.

Med denne type innsikt kan ein sikre at politikken og skattepengane blir betre innretta, slik at utbytet av ny teknologi og digitalisering i utdanningssystemet blir det beste, – for elevar, studentar og for Kunnskaps-Noreg.

Følg på Twitter: @mohnitor


Les også

Etter 7000 innspill er anbefalingen klar: Mer tid i naturen er en av endringene i skolefagene fra neste år

Publisert:

Les også

  1. Barn distraheres mindre av databruk i skolen

  2. Sandnes og Stavanger er verstinger på bruk av ukvalifiserte lærere

  3. Friskmelder elevenes Chromebook-maskiner

  4. Derfor bør elevene spille dataspill på skolen

Mest lest akkurat nå

  1. Elina og moren har flyttet konfirmasjonen tre ganger. Nå har de endelig funnet en godkjent løsning

  2. Kaller ungdommen idioter uten fornuft og empati

  3. Ektemannen Artur leter på 11. dagen etter sin kone, Elżbieta

  4. Biden skaper historie med valget av Kamala Harris

  5. Spania har Europas verste oppblussing av korona

  6. – Landet stenges dersom smitten øker mye

  1. Klaus Mohn
  2. Gjestekommentar
  3. Skole og utdanning
  4. Teknologi
  5. Digitalisering