Kven er folket i folkekyrkja?

KOMMENTAR: For mange har kyrkja vore det kristne rommet som i minst grad måler tru. Men kven skal halda trua levande der?

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Gudsteneste i Jørpeland kyrkje palmesundag. Dei høyrer til blant kyrkjene med høgast besøkstal i bispedømmet. Foto: Tommy Ellingsen

«Jeg har vansker med å stå i ro. Jeg tror vi lutheranere i Norge hadde hatt godt av å slippe oss litt løs», seier sokneprest Martin Ivar Arnesen i Strand. Det er palmesundag i Jørpeland kyrkje, og presten har nærmast dansa seg fram i prosesjon med både barn og esel. Preikestolen held han seg unna, han vil stå nær.

Les også

Noen menigheter har suksess med å jazze opp gudstjenesten. Kirkemøtet mener det har gått for langt

Mest liv

Gudstenestereforma i 2011 opna for eit større mangfald i gudstenestene rundt forbi, med sterkare lokalt preg. I fjor gjekk 15.000 færre på gudsteneste i vårt bispedømme enn året før. Dei siste tre åra har besøket i snitt falle med ti prosent. Men ser ein på den siste årsrapporten frå Stavanger bispedømme, hadde dei sju kyrkjene som i størst grad utfordra dei tradisjonelle liturgiske rammene, høgast besøkstal, i snitt 191, mens snittet for alle er 123.

Jørpeland er ei av desse kyrkjene, Ålgård ei anna. Der har dei nå to typar gudsteneste, den eine mindre høgtideleg enn den andre. Besøkstala er firedobla i forhold til før, seier dei der. Så skal det leggjast til at nyare kyrkjebygg, som på Ålgård, gjer det lettare å opna opp og driva med fleire aktivitetar og gi folk eigarskap til kyrkja.

Strammar til

Nå strammar Kyrkjemøtet inn. Dei vil ha mindre variasjon i dei faste ledda. Biskop Anne Lise Ådnøy i Stavanger er blant dei som vil ha nasjonale retningslinjer. Slik at folk kan kjenna seg igjen. Frå kyrkje til kyrkje, frå gong til gong. Også når det er lenge mellom kvar gong. Kyrkjene skal ikkje bli klubbar, dei skal ikkje skilja mellom aktive kristne og dei som dukkar opp av og til.

Men vi har ikkje statskyrkje lenger. Det er ganske lenge sidan liturgien i gudstenesta var ein del av barnelærdommen. Er det sikkert at det er den som får folk til å kjenna seg igjen i kyrkja?

Paradoksa her er fleire. Eitt av dei at ein biskop som er kjend for å vera liberal i teologi – altså i innhald – er så oppteken av å halda på form. Eitt anna at innstramminga kjem samtidig som St. Petri opnar dørene for ein sjaman i dyr samtale med ei prinsesse som gir uttrykk for overtydingar temmeleg langt borte frå Kyrkja.

Eitt tredje at ei ledigare, mindre høgtideleg form faktisk kan kjennast som eit sterkt styrande grep for mange. Som at det ikkje er godt nok berre å oppsøkja kyrkja, du må samtidig koma nær alle menneska i det same kyrkjerommet. Dela deira fellesskap, deira meir personlege måte å uttrykkja tru på. På ein eller annan måte stadfesta di eiga tru for desse andre på synleg vis. Før du får gå i fred og tena Herren med glede.

Les også

St. Petrikirken i Stavanger åpner dørene for sjaman

Les også

Svarer på kritikk mot Sjaman og Martha-opptreden i St. Petri

Les også

Dialogprest Silje Trym Mathiassen: «Ja, en sjaman i kirken, men ikke sjamanisme i kirken»

Styrande fellesskap

For lovsong, mindre liturgi, presten på golvet, ikkje oppe på preikestolen, det er frikyrkje- og bedehustradisjonen sin måte å gjera det på. Amerikanskinspirert lovsong, forkynning frå hjarte til hjarte, vekk med det høgkyrkjelege.

Dette er gjenkjenneleg for mange i vårt bispedømme. Er det ikkje berre logisk og rett og rimeleg at kyrkjene nærmar seg dei? Legg til rette for at dei som vil vera ein del av eit kristent miljø, som vil gjera kyrkja til sin plass, lett kan kjenna seg heime der?

Jo. Men det kunne vera fint å kjenna seg trygg på at her får du lov til å koma i fred også. Vera i fred. Sitja der, med sterk tvil og lita tru, eller med ønske om å løfta deg sjølv ut av kvardagen for ei stund, grunna litt over dei store spørsmåla i livet. Og gå igjen. I fred. Utan fakter du kjenner deg dum og spak av å prøva å etterlikna eller bli med på. Utan å handhelsa på prest og nabo.

Det finst menneske som ikkje så lett deler trua si med andre. Og for mange har kyrkja vore det kristne rommet som i minst grad har målt tru. Det må folkekyrkja ha som merke, skal den klara å vera folkekyrkje.

Då må folk vera trygge på at dei får lov til både å koma og gå i fred. At kyrkjerommet ikkje krev meir av dei enn det.

Opne dører

Det er kanskje dei Kyrkjemøtet og biskopen prøver å halda dørene opne for. Men det er ikkje sikkert det er å kjenna igjen liturgien og dei faste formene som gir den kjensla. Det er meir at faste former bidrar til at ein ikkje blir trødd for nær.

Lenge har frikyrkjer og bedehus stått for sterke, kristne fellesskap, mens Kyrkja har prøvd å romma alles liv.

Det siste vil ikkje lenger vera nok til aleine å halda liv i kyrkjene. Dei rommar ikkje lenger alles liv, for færre og færre av oss trur.

Nokon må bera, nokon må halda rommet levande. Også for at dei som vil koma og gå i fred skal finna det kyrkjerommet og den trua dei kom for å møta.

For dei ber jo om å få koma til dekka bord og levande tru. Å forventa opne, levande kyrkjer når ein sjølv berre ein sjeldan gong vil gå der, kan også vera ein ganske egoistisk tanke.

Kyrkjene må byggja levande fellesskap. Dei er nøydde til det, rett og slett. At dei då hentar byggjesteinar frå det som strøymer i andre kristne rom i lokalmiljøet, er logisk.

Så blir utfordringa å passa på at fellesskapet ikkje blir så tett at andre snur i døra. Eller innhaldet så luftig at ein ikkje kjenner igjen den trua ein kom for å møta.

Les også

Tru og mistru

Les også

K-en i KrF

Les også

Abortlova: Høgres pirking i såret

Publisert: