Psykiatri er sårbart

KOMMENTAR: Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg viss ein har det vondt frå før.

Fastlegar i Sør-Rogaland vurderte at 2952 barn og unge hadde behov for hjelp i BUP i fjor. 680 av henvisningene blei avviste.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Psykisk helse, og unges psykiske helse, var spådd å bli eit viktig valkamptema i år. For varsellampene blinkar, fagfolka ropar, pandemien har forstørra det som alt var eit problem: Unge er sjukare enn før og yngre enn før, når dei kjem i kontakt med barne- og ungdomspsykiatrien. Fleire blir henviste, og fleire blir avviste. Likevel, berre i glimt kjem det høgt på dagsorden.

For det finst ei bakside av velferdsstaten vår. Eller, det finst fleire, men ei av dei er at vi har overlatt så mykje til denne at det finst alvorlege og viktige tema vi ikkje treng å forholda oss til. Før vi står midt oppi det sjølv. Før vi blir sjuke, for eksempel, eller pårørande av sjuke. Då vender vi oss ofte innover, med ryggen til omverda. Vi skjermar oss, for alt vi har av krefter og energi går til sjukdom, eigen eller andres. Ikkje til å stå på barrikadar.

Beinhard kritikk

Riksrevisjonen kom i juni med beinhard kritikk av regjeringa når det gjeld psykiatri. Hjelpa du får, varierer i altfor stor grad med kor du bur. Berre i ein av tre kommunar får unge hjelp for psykiske plager av helsestasjon eller skulehelseteneste. Barne- og ungdomspsykiatriske avdelingar behandlar ikkje henvisningar likt. Og når sjukehusa landet over, seks år på rad, ikkje klarer følgja opp regjeringas krav om å bruka minst like mykje på psykiatri som på somatikk, får det ingen følger. Dei kan berre halda på.

Også barneombodet er bekymra, og meiner regjeringa må setja eit minstekrav til kommunane om psykisk helsehjelp for barn og unge.

Som om ikkje det er nok, fekk regjeringa også marsjordre frå eit uvanleg fleirtal på Stortinget i februar i år. Frp gjekk saman med Ap, SV og Sp og kravde at regjeringa stoppar nedbygginga av sengeplassar i psykiatrien, og går gjennom heile feltet.

Sengeplassene i psykiatrien i Norge, og då snakkar vi om den hjelpa dei aller sjukaste har behov for, har blitt halverte dei siste tjue åra. Alle desse partia, pluss Høgre, KrF og Venstre, har vore med på å byggja dei ned, for dei har alle hatt regjeringsmakt i løpet av dei åra. Problema i psykiatrien vil ikkje nødvendigvis bli betre om ein skiftar regjering.

Tidleg innsats

Solbergregjeringa, i fleire versjonar, men med Høgres Bent Høie som helseminister, har gjort mykje for psykiatrien. Dei har innført krav om psykologkompetanse i alle kommunar, dei har gitt tilskot til fleire hundre slike stillingar. Dei har styrka helsestasjonar og skulehelseteneste med over ein milliard.

Det finst neppe eit parti som ikkje vil gå inn for å få på plass slik rask hjelp fort. For å unngå at ting blir verre, unngå at ein blir alvorleg sjuk. Og for å trygga, roa ned, støtta. Kanskje normalisera, for alle kriser er ikkje sjukdom, sjølv om dei er tøffe. Få ned det høge presset inn mot sjukehuset. Gå for tidleg innsats.

Men skal det fungera, må ein sikra at den som slit, ofte eit barn, ikkje fell mellom to stolar. Og blir verande der. Aleine. Avvist av BUP, utan å få eit tilbod i kommunen. Fastlege og tilitsvald i Stavanger, Peter Christersson, har stilt spørsmål ved om BUP kjenner godt nok til om det finst kommunale tilbod å visa dei til. Mens BUP hevdar fastlegane ikkje forstår heilt kva som skal til for å koma inn til BUP. Dei burde kanskje snakka meir saman.

For mellom der, har vi barnet. Eller ungdommen.

Fastlegar i Sør-Rogaland vurderte at 2952 barn og unge hadde behov for hjelp i BUP i fjor. 680 av henvisningene blei avviste. Det utgjer rundt 23 prosent.

Les også

680 barn og unge fikk avslag på hjelp i BUP: – Får en vond klump i magen

I den andre enden

Det finst også eit høgt press på sjukehuset i den andre enden. For å få folk fort nok ut igjen. Det er jo ikkje alltid det går så bra. Det er ikkje alltid det er riktig. Folk i psykiatrisk behandling kan trengja lang, lang tid. Også som innlagte.

Eg trur, uansett regjering, at ein vil jobba hardare med å få på plass gode nok tilbod i den førebyggjande enden, enn i den tyngste, behandlande enden. Blant anna fordi det trengst, sjølvsagt, men også fordi det kjennes som noko som verkar. Det er kjent frå før, det er tidleg innsats, vi kjenner det frå skule og barnehage. Og politikarar likar å fiksa ting. Dei likar å visa seg handlekraftige. Det kan også vera at dei liker å overlata ting til kommunane.

Men tidleg innsats løyser ikkje alt. Det er ikkje ein gong sikkert alt kan løysast. Som i annan sjukdom, er det ikkje sikkert alt går bra, eller går over. Det kan bli tungt, langvarig, kronisk. Og eit pengesluk. Utan at det betyr at nokon ikkje jobbar effektivt nok, eller ikkje er gode nok på å førebyggja, eller har oversett teikn dei burde sett.

Å passa på at dei sjukaste blant oss ikkje blir svingdørpasientar, ikkje får så lite og sjeldan behandling at dei aldri kjem seg vidare, er ei stor og alvorleg oppgåve. Men den blir altfor sjeldan etterspurt. Ikkje minst av oss, vi som er mange og sterke og går rundt friske og raske og ikkje treng å forholda oss til slikt.

Det er ikkje alt som kan fiksast på ei gitt tid. Det er ikkje alt som kan effektiviserast.

Sårbart

Psykisk helsehjelp er sårbart på fleire vis. Det viktige arbeidet som blir gjort på førebygging og rask hjelp i kommunane, kan fort stå i fare for å bli kutta når budsjetta må strammast. Då blir ikkje alltid førebygging sett på som heilt nødvendig. I tillegg slit mange kommunar med å rekruttera fagfolk.

I den tyngste enden, for dei sjukaste, er ein avhengig av ei felles oppfatning av at det tar tid, at det kostar pengar. At resultata, verken for sjukehus eller politikarar, kjem fort og på særleg synleg vis.

Ein skal ikkje la barn og unge falla mellom kommune og sjukehus. Og ein skal ikkje prøva å leika butikk med tung psykiatri.

Og vi som er friske og raske, skal ikkje la kva som skjer med psykiatrien forsvinna inn i velferdsstatens skygge når valkampen er over.

Les også

  1. – Innimellom skulle jeg gjort mye for å bytte min psykiske sykdom mot en fysisk sykdom

  2. Fullt belegg på to sengeposter for barn og unge

  3. Det er et lovpålagt krav med psykologkompetanse i kommunene. Langt fra alle kommunene i Rogaland oppfyller kravet

  4. – Ungdom bør få psykiske helseplager innen utgangen av 2021

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg for den som er sjuk

  2. – Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel

  3. – Å, NRK! De må tola å få eit blåmerke eller to!

  4. – I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

  5. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  6. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Ung i korona
  3. Bent Høie
  4. Psykiatri
  5. Psykisk helse