Megatrendane som vil endre liva våre dei neste 20 åra

GJESTEKOMMENTAR: Sju globale trendar er identifiserte som sentrale tendensar som formar dette hundreåret, og dei er til dels illevarslande. Tiltak for å møte dei krev tillit og samarbeid, og at vi jobbar på tvers.

Aldring av verdas befolkning, klimaendringar og digitalisering er tre av dei mest sentrale utviklingstrekka som vil forme liva våre framover.
  • Marte C.W. Solheim
    Marte C.W. Solheim
    Professor og leiar for Senter for innovasjonsforskning, Handelshøgskolen ved UiS
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Forskarar frå det statlege vitskapsbyrået CSIRO i Australia (Commonwealth Scientific and Industrial Research Organisation), har på overordna nivå undersøkt, utviklinga i verda framover. Dette gjorde dei sist i 2012, då med tendensar som vi ser utvikle seg i dag.

I ein heilt fersk forskingsrapport – «Seven megatrends that will shape the next 20 years» – legg dei fram sju globale mega­trendane dei hevdar vil ha stor innverknad på framtida vår. Desse mega­trendane set søkelys på økonomiske, sosiale, miljømessige, politiske og teknologiske endringar som vil gjere seg gjeldande i dei komande åra:

  1. Tilpassing til klimaendringane
  2. Reinare og grønare
  3. Det veksande helseimperativet
  4. Geopolitiske skifte
  5. Digitalisering
  6. Automatisering og kunstig intelligens
  7. Tillit, openheit og berekraft
Samla dannar desse mega­trendane
nøkkelen til både utfordringane og
moglegheitene dei neste tjue åra.

Aldring, internasjonal spenning, klimakrise

Dei sju mega­trendane går, ikkje overraskande, inn på dei enorme klimaendringane og behovet for å møte desse, på aldrande befolkning og på ressursar og grøn omstilling (til dømes knytt til mangel på ressursar).

Forskarane legg òg vekt på helseutfordringar. Her har fleire av dei vorte forverra gjennom korona­pandemien, så som einsemd, risiko for nye pandemiar og antibiotikaresistens, for å nemne noko.

Helseutfordringar og klimakrisa heng saman, og dette vert løfta fram i ein heilt ny studie frå Nature Climate Change, som peikar på samanhengar mellom klimaendringar og auke av infeksjonssjukdommar. Klimaendringar har allereie forverra kjende infeksjonssjukdommar som malaria og kolera.

I tillegg peikar den australske rapporten på geopolitiske endringar og spenningar, og peikar mellom anna på militær opprusting som når nye rekordar. Rapporten peikar òg på auken i nettkriminalitet.

I tillegg vektlegg forskarane digitalisering og kunstig intelligens (AI). Digitaliseringa vart forsterka gjennom pandemien, og sette spor som vil vare. Det skuldast nok òg at mange verksemder endra produkt og tenester, tilpassa endringane og trendane som pandemien har vore med på å forsterke, slik som berekraft. Trass i at mange verksemder gjorde kvantesprang i digitalisering gjennom krisa, er det framleis meir potensial å hente for å maksimere vår digitale kapasitet, konkluderer forskarane frå Australia.

Les også

Nina Østhus: «Kunstig intelligens og usanne teknologier»

Den menneskelege dimensjonen

Den sjuande og siste dimensjonen er den menneskelege dimensjonen. Den heng saman med dei nemnde momenta, for det er jo folk som gjer ting. Organisasjonar og samfunn må endrast for å tilpasse seg det endra klimaet, men det er ikkje regionar eller firma som gjer ting, det er aktørane der.

Samla sett dannar desse mega­trendane nøkkelen til både utfordringane og moglegheitene vi står ovanfor dei neste tjue åra. Dette fordi «trendar, som hestar, er lettare å ri i den retninga dei skal», ifølgje John Naisbitt, opphavsmannen til omgrepet «megatrends», altså trendar med globale følgjer. Å forstå desse mega­trendane set oss i stand til å legge ein plan for korleis vi kan imøtekome dei.

Det er komplekse og store utfordringar som her vert løfta fram, og det er naudsynt å tenkje gjennom på kva måtar desse vert omsett «på bakken», altså her vi er, og kva dei betyr for våre daglege liv og virke. Det er berre på den måten vi kan klare å omsetje desse utfordringane til innovasjonskapasitet og endring.

Det er viktig ikkje å tenke på desse sju mega­trendane som isolerte frå kvarandre, men på korleis dei heng i hop. Ta til dømes tillit, eit element som gjennomsyrer heile rapporten – tillit til institusjonar, teknologien, forsyningskjeder og tryggleik, til demokratiet og medborgarskap, og få fram stemmene til dei som ikkje nødvendigvis vert høyrde. Kva arena har vi for å høyre deira stemmer?

Og for kollektivt å kunne dra lasset i lag, er vi avhengige av at folk vert sett, høyrt og kan medverke.

Det er dermed tid for å gjere meir enn passivt å informere eller reflektere over desse mega­trendane. Vi må spørje oss sjølve: Korleis kan vi skape tillit og vareta menneskelege behov og tryggleik i møte med desse mega­trendane?

Dei store stormane framfor oss

«Dei store stormane har du attum deg», innleia Olav H. Hauge i diktet «Kvardag», og fortsette: «Då spurde du ikkje / kvi du var til, / kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk, / du berre var i stormen, / var i elden.»

Slik kan det kjennast ut i krisetider. Då er det om å gjere å kome seg vidare, halde seg flytande.

Slik kan det òg kjennast ut i avslappande tider som i sommarferien. Men om vi no løftar blikket frå alle «no begynner vi på jobb att etter ein deilig ferie»-oppdateringane i sosiale medium, og heller tenker på korleis vi kan møte desse megatrendane – og har eit medvite forhold til dei – vil det kunne setje oss i ein sterkare posisjon på vegen vidare.


Publisert: