Kor tungt veg eit barns liv, eigentleg?
KOMMENTAR: I saker som gjeld barn, skal deira beste vera eit grunnleggjande omsyn. Det står i Grunnlova.
- Solveig G. SandelsonDebattredaktør


Det står i Grunnlova at barn har krav på respekt for sitt menneskeverd. At dei har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei, at deira meining skal tilleggjast vekt i samsvar med alderen og utviklinga deira. Og at ved avgjerder som gjeld barn, skal barnets beste vera eit grunnleggjande omsyn.
Dette blei tatt inn i Grunnlova i 2014. Paragraf 104.
I tillegg ratifiserte vi FNs barnekonvensjon for over tretti år sidan, der dette også står. Og at barn har rett til ikkje å bli skilde frå foreldra sine mot sin vilje, viss det ikkje er til barnets beste. Når eit land har ratifisert ein slik konvensjon, skal den eigentleg gjelda som lov i landet.
Endra praksis?
Ja vel. Sjølv ikkje regjeringa har vore sikre på om dette blir godt nok tatt vare på i praksis, verken Solberg- eller Støre-regjeringa. Heilt spesielt gjeld det sakene der foreldre kan bli utviste frå landet for brot på utlendingslova. Solberg-regjeringa bad i fjor eit utval sjå på om vi praktiserer dette med omsyn til barna godt nok. Nå er rapporten her.
Fleirtalet føreslår der at når saker om brot på utlendingslova også gjeld barn, skal ein som hovudregel ikkje bruka utvising som straff. Slik at omsynet til barns beste veg tyngre. Ifølgje Klassekampen ventar akkurat nå 90 foreldre med norske barn, eller barn som er lovleg i Norge, på å bli kasta ut. I 20 av sakene kan ikkje familien fortsetja å leva saman.
Eller?
På den andre sida i desse sakene står såkalla innvandringsregulerande omsyn. Du skal ha eit reelt behov for vern for å få asyl her. Og du skal ikkje lyga deg til det. Det skal ikkje bli den sterkaste som får rett, men den som treng det mest. Men det ein skal skilja i er heller ikkje lett. Det finst flyktningar frå land der dei ikkje får tak i dokumentasjon på kven dei er. Det finst flyktningar som ville vore i livsfare om dei under flukta viste kor dei kom frå. Eg vil tru det også finst flyktningar som risikerer ei løgn for å få ungane sine inn i eit trygt land. Eg veit ikkje kva for ei gruppe som er størst.
Samanlikna med andre land har Norge ein streng praksis når det gjeld slike lovbrot. Vi har fleire gonger blitt dømt av Menneskerettsdomstolen for ikkje å ha tatt nok omsyn til barna i slike saker.
I praksis er det også sånn at jo alvorlegare brot foreldra har gjort, jo sterkare krav blir det stilt til kor alvorlege følgjer ei utvising vil få for barna, før det slår inn. Har barna eit sjølvstendig rettsvern då?
Sjølv Høgsterett slo i ei sak i desember i 2019 fast at å mista mor i to år ikkje er så belastande for dei fire barna hennar at det burde bli avgjerande. At mor har gitt uriktige opplysningar om kor ho kom frå, er meir alvorleg. For kven då?
Flosklane
Eg kjenner ikkje alle vedtaka, sjølvsagt. Og eg er ikkje jurist. Men eg kjenner igjen «barn og unge» som ein slags floskel. Vi bruker den i stort alvor, men likevel sklir orda glatt forbi, utan motstand.
Legg til «psykisk helse», og det blir endå verre. Det kjenner vi igjen frå koronaen. Alle snakkar om at tiltaka går hardt utover barn og unges psykiske helse. Fagfolka ropar om alvorlegare lidingar, for yngre barn, for langt fleire barn og om lange ventelister for ganske tunge psykiske lidingar. Lidingar det kan ta år å koma ut av. Likevel er det som om dette berre kan venta. At det ikkje er så akutt. At det kan reparerast og fiksast etterpå. Det kan ikkje bli konkret nok og akutt nok til å nå heilt opp.
Sjølv om ein langt frå er sikker på kor godt tiltaka mot koronaen verkar, vinn dei likevel. Den ukjende trusselen vinn.
I NRK-dokumentaren «Uønsket» kunne vi onsdag kveld sjå at stortingsrepresentantane også veit å bruka ein floskel. NRK har klippa frå ein debatt i februar 2021 der SV bad om at ein set sakene om dei lengeverande barna på vent og undersøkjer om praksisen her held. Dette er nokre månader før Solberg-regjeringa sette ned utvalet.
Masud Gharahkhani (Ap), nå stortingspresident, understrekar at barns beste skal vera eit grunnleggjande omsyn i alle saker som gjeld barn. Heidi Greni (Sp) høyrest som eit ekko – barns beste skal vera eit grunnleggjande omsyn i saker som gjeld ungar. Terje Breivik (V) understrekar like alvorleg at barn ikkje skal lida for at foreldra har gjort feil. Det høyrest ut som ein frase dei har lært seg – ikkje som noko dei meiner.
Og forslaget om å setja sakene på vent fall.
I saker om dei lengeverande barna ser det ut til at frykta for at løgn skal lønna seg for den som vil inn i landet, blir sett på som det mest akutte å stansa. Det er trusselen vi ikkje heilt veit om er stor eller liten. Det er bildet vi ikkje heilt veit korleis ser ut. Omtrent som med pandemien.
Men vi veit at det skadar barn å mista nære omsorgspersonar. At det skadar barn å leva utrygt. At det skadar meir jo lenger ein må leva slik.
Rett
Forslaget om at ein i regelen ikkje skal ty til utvising i saker som gjeld barn, er eit forsøk på å gjera omsynet til barns beste til noko meir enn ein floskel. For det held ikkje å kunna sitera frå Grunnlova frå talarstolen på Stortinget. Det må meir til, skal barns beste vega tungt nok til å vippa vektskåla på deira side.
Det spørst om politikarane er villige til det. Trusselen om kor mange som då vil prøva å koma seg urett inn i landet, veg fort tyngre enn kunnskap om barns liv og helse.
Les også
Kommentator Solveig G. Sandelson
- KOMMENTAR
– Sjukehuset trudde dei ville gå bittelitt i pluss i februar. Kor kom den tanken frå?
- KOMMENTAR
På SV sitt landsmøte diskuterer dei alt. Dei kan snakka eit demokrati i senk
- KOMMENTAR
- Du risikerer å døy ung, viss du får dårlege karakterar på ungdomsskulen. Hæ?
- KOMMENTAR
All næring dette barnet har trengt, kan det ha fått frå mor. Ikkje far
- KOMMENTAR
Rema 1000 frys samarbeidet med Sophie Elise. Det gjer ikkje NRK. For NRK er jo ikkje akkurat Rema. Eller?
- KOMMENTAR
Jo, vi må snakka om det