Øyvind Strømmen: Blues i Detroit

GJESTEKOMMENTAR: Trump sin siger har gjeve nye notar til etablissementet sin blues, men me overser stadig mange av dei som verkeleg er marginaliserte.

Valresultatet i USA handlar om sosial og religiøs konservatisme, skepsis mot sentralmakta, strid mellom by og land. Ute på bygda er tilliten til liberale byfolk låg, og slik vann ein rikmann frå New York valet.
  • Øyvind Strømmen
    Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Boka «Detroit – an American autopsy» startar med at journalisten Charlie LeDuff finn eit frose lik i ei heissjakt i ein forlaten bygning i heimbyen Detroit. «I dei fleste byar», skriv han, «ville ei slik dødsscene vorte sett på som merkverdig, som sjokkerande, skremmande. Men ikkje her. Noko fælsleg hadde hendt i Detroit medan eg var borte.»

Det er ei sjokkerande og skremmande bok, ei bok som handlar om det urbane forfallet som har råka Detroit. Den amerikanske bilindustrien sin heimby. Ein gong blant USA rikaste byar, i dag rekna som den fattigaste amerikanske storbyen. Det er ei bok om beint fram korrupte politikarar, om brennande hus, og om elende.

Les også

Der håp og drømmer bor

Sjølv om Clinton vann i Wayne, vann ho med titusenvis færre stemmer enn Obama gjorde for fire år sidan.

Presidentvalet

Då eg plukka fram boka igjen, er det sjølvsagt fordi det såkalla rustbeltet – det som ein gong var «the industrial heartland» – igjen hamna i fokus i samband med det amerikanske presidentvalet. På eit vis var det blant anna i Detroit at Clinton si von om å verta den fyrste kvinnelege presidenten i USA vart knust, sjølv om ho vann fleirtalet av dei amerikanske veljarane sine røyster, og fleirtalet av røystene i fylket Wayne, der Detroit ligg. Ho fekk nær to tredelar av røystene i fylket, Trump fekk under ein tredel. Noko av forklaringa på det er sjølvsagt demografi; litt over halvparten av innbyggjarane i Wayne er kvite, fire av ti er svarte. Men sjølv om Clinton vann i Wayne, vann ho med titusenvis færre stemmer enn Obama gjorde for fire år sidan, og det utan at særleg mange av desse gjekk til Trump.

Etter valet har mange analytikarar og snakkehovud snakka om korleis Trump vann valet fordi han klarte å mobilisera marginaliserte og lågløna veljarar, arbeidarklassen Demokratane vert sagt å ha gløymd. Det er jo delvis sant også. Sjølv om det var Clinton som vann blant dei med lågast inntekt, så var det langt fleire av dei med låge inntekter som røysta republikansk enn det var i dei førre vala.

Ute på bygda er tilliten til liberale byfolk knappast mykje å skryta av, og slik vann ein rikmann frå New York valet.

Ei tillitskrise

Men i alt dette fokuset på økonomi er det fleire ting som forsvinn. Trump sine veljarar røysta sjølvsagt ikkje berre mot Clinton, dei røysta for Trump, og mange av dei gjorde det fordi dei også stør idear mange av oss misliker. Alt pratet om økonomi gjer at ein overser at det i langt større grad handlar om ei tillitskrise. Økonomi speler ei rolle – no som før – i å bringa fram denne tillitskrisa, som ein slags katalysator. Men eigentleg handlar det om ting som går djupare. Det handlar om sosial og religiøs konservatisme. Det handlar om amerikansk skepsis mot sentralmakta, ein skepsis med djupe røter. Det handlar om strid mellom by og land, skilnaden mellom veljarane i byar og veljarane på landsbygda er faktisk langt større enn skilnadene mellom veljarar i ulike inntektsgrupper. Sjølv i gjennomført «raude» delstatar – republikanske, altså – finn ein blå flekkar i meir urbane strøk. Men ute på bygda er tilliten til liberale byfolk knappast mykje å skryta av, og slik vann ein rikmann frå New York valet.

Det handlar sjølvsagt om motvilje mot frihandel, også, og om innvandringsmotstand, om frykt og om rein rasisme. Rasismen er – for å låna nokre ord frå ein sambygding av meg, no busett i eit blått fylke i det raude Texas – kirsebæret som toppar Trump-kaka. Men tillitskrisa går vidare: Svært mange amerikanske veljarar røysta ikkje i det heile. Ikkje denne gongen heller.

Det er endå mindre lett å få auge på dei mange i Detroit som ikkje røysta i det heile, sjølv om det knappast er særleg mange i USA som har betre grunnar enn mange av desse til å vera forbanna på dei politiske elitane.

Dei mange som ikkje stemte

Noko anna som forsvinn? Lat oss ha som utgangspunkt at kritikarane av det Demokratiske partiet har rett, at partiet har svikta amerikansk arbeidarklasse og har oversett det veksande mismotet i amerikanske middelklasse. Det er ikkje eit standpunkt ein treng vera vidare langt verken til høgre eller til venstre for å godta. Kva då med alle dei som høyrer heime i desse samlesekkane, og som ikkje er å finna blant Trump sine kvite kjerneveljarar? Det er ikkje lett å få auge på den svarte middelklassen eller på fattige amerikanarar med røter i Latin-Amerika i analysane etter valet. Det er endå mindre lett å få auge på dei mange i Detroit som ikkje røysta i det heile, sjølv om det knappast er særleg mange i USA som har betre grunnar enn mange av desse til å vera forbanna på dei politiske elitane. Sjølv om ein blant dei garantert finn ein heil del av globaliseringa sine taparar, som ein har vorte så oppteken av å snakka om. Og det triste er at ein ved å oversjå dette langt på veg kjøper Trump-leiren sin eigenpresentasjon som eit slags folkeopprør.

No ser eg teikn på ein annan mediasvikt.

«Mediasvikt», skreiv Detroit-journalisten Charlie LeDuff på Twitter den 9. november. Han var ein av dei som hadde snakka om ein mogleg Trump-siger tidlegare.

Sjølv var eg blant journalistane som var overtydd om at Clinton kom til å vinna, sjølv om eg såg på meiningsmålingar med veksande uro dei siste vekene før valet. Men den naive trua til trass: No ser eg teikn på ein annan mediasvikt. Mest av alt får eg lyst til å setja på musikk av ein annan Detroit-bebuar, Sixto Rodriguez, som syng om korleis han vil høyra på nyhende, men berre høyrer etablissementets blues.

Les også

Omdal: Trumps seier er en demokratisk selvmotsigelse

Les også

Zakaria: Hva Donald Trumps beundrere i andre land feirer

Les også

Zakaria: To synder avgjorde presidentvalget

Les også

Midtøsten etter Trumps valgseier: Forvirring, frykt og forventning

  • Nokre tidlegare gjestekommentarar:

Les også

  1. Øyvind Strømmen: Langt frå Kardemomme by

  2. Øyvind Strømmen: Nærområda

  3. Øyvind Strømmen: Knus murane rundt tankegettoen! Les noko du er rivande usamd med!

  4. Øyvind Strømmen: I svartsynets tid

Publisert:
  1. Globalisering
  2. USA
  3. Øyvind Strømmen
  4. Gjestekommentar
  5. Donald Trump

Mest lest akkurat nå

  1. Slik blir den nye korona­hverdagen fra mandag av

  2. – Folk skal kunne spise som en konge med lue­sveis

  3. Opptur for Jan (71) etter flosshatt-aksjon

  4. 21 smittetilfeller på Nord-Jæren, en Stavanger-skole på gult nivå

  5. «17 nye spillere! Her må printeren ha gått varm!»

  6. Frustrert Fridjonsson ute i kulden: – Jeg er sint