Stortinget nytta sin soleklare rett i Listhaug-saka

Det problematiske er at statsministeren reagerer med ganske misvisande påstandar om Grunnlova i ein så spent parlamentarisk situasjon som den vi hadde.

«Erna Solberg hevda at ho ville stilla kabinettspørsmål fordi det ikkje lenger handla om ein statsråd, men om maktfordelinga», skriv Settem.
  • Ola Johan Settem
    Ola Johan Settem
    Førsteamanuensis i rettsvitskap, UiS
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Støvet har så vidt byrja å leggja seg etter den voldsomme feiden om Sylvi Listhaug skulle få halda fram som justisminister etter at ho delte ein facebook-post om Ap og terroristar. Undervegs i striden vart det sett fram mange forskjellige argument frå kvar av sidene, mellom anna hevda regjeringspartia å ha Grunnlova og statsretten på si side. Det bør kommenterast.

Les også

Hareide: Dette handler om anstendighet

Som dei fleste har fått med seg, enda feiden med at Listhaug trekte seg som justisminister før Stortinget rakk å stemma over mistillitsframlegget mot ho. Stortinget hadde dermed i realiteten tvinga justisministeren til å gå av, men sidan det ikkje kom til noka ei formell votering, kunne Regjeringa halda fram. Hadde det komme til formell votering, ville statsminister Erna Solberg ha stilt kabinettspørsmål, og slik tvinga Stortinget til å velja mellom å la Listhaug bli sitjande eller utløysa ei regjeringskrise.

Les også

KrF presses av Solberg, får råd fra kristen-redaktør om å avvise mistillitsforslag

Utfordra dei Grunnlova?

Det interessante ligg i Solberg si eiga grunngjeving for at ho ville stilla kabinettspørsmål. På pressekonferansen etter at Listhaug hadde trekt seg om morgonen den 20. mars hevda ho mellom anna at stortingsfleirtalet hadde gått for langt i å gripa inn i statsministerens openbare rett i følgje Grunnlova til å setja saman Regjeringa, og at ho ville stilla kabinettspørsmål fordi det ikkje lenger handla om ein statsråd men om maktfordelinga. Statsråd Jan Tore Sanner hadde tidlegare uttala til TV2 at det rokkar ved maktfordelinga om opposisjonen skal avgjøra fordelinga av statsrådspostar.
Altså gjekk både Solberg og Sanner langt i å skulda Stortinget sitt fleirtal for å opptre statsrettsleg problematisk. Regjeringa hevda rett og slett å ha Grunnlova på si side.

Er det hald i desse påstandane? Utfordra Stortinget sitt fleirtal Grunnlova ved å trua med å stemma for mistillitsframlegget mot statsråd Sylvi Listhaug?

Enkelt og greitt

Svaret på dette viktige spørsmålet er enkelt og greitt: nei, det var ingenting statsrettsleg problematisk ved at Stortinget sitt fleirtal ville fella statsråd Listhaug gjennom eit mistillitsvotum. Det mest problematiske, statsrettsleg sett, er vel eigentleg at statsministeren reagerer med ganske misvisande påstandar om Grunnlova i ein så spent parlamentarisk situasjon som den vi hadde.
Solberg viste til statsministeren sin rett til sjølv å velja ut sine statsrådar. Det er vel og bra, det er ingen tvil om at statsministeren (eller formelt sett Kongen) har ein slik rett i følgje Grunnlova § 12. Om fleirtalet på Stortinget hadde byrja å gjera vedtak om at bestemte personar burde bli statsrådar for det og det departementet, til dømes vedteke at Sylvi Listhaug bør bli kulturminister, ville det vore eit klart overtramp.

Men det var ingen på Stortinget som prøvde å instruera statsministeren på denne måten. Enkelte representantar påpeikte rett nok at grunnlaget for mistillit ville forsvinna om Listhaug vart flytta til eit anna departement. Dette greip regjeringspartia tak i, og meinte det nettopp bar preg av ein slik type instruksjon som er problematisk i følgje Grunnlova § 12. Men det framstår meir treffande å sjå dette som reine konstateringar av at om statsministeren gjorde eit slikt grep, så ville grunnlaget for mistillit naturleg nok forsvinna. Det var ingen i opposisjonen som sa noko om kva departement Listhaug eventuelt kunne bli flytta til, langt mindre vart det sett fram noko formelt vedtaksframlegg om dette. For den saks skuld var det ingen i opposisjonen som uttrykte noko spesielt ønske om at Listhaug skulle halda fram i regjering overhovudet, og mitt inntrykk er at fleirtalet er godt nøgde med at det heile enda med at Listhaug trådde heilt ut av Regjeringa.

Les også

Listhaugsaken har ikke endret det politiske systemet

Soleklar rett

Det fleirtalet på Stortinget var i ferd med å gjera var å nytta sin soleklare rett i følgje Grunnlova § 15 til å vedta mistillit mot ein enkelt statsråd. I følgje denne paragrafen, som er heilt sentral for å forstå vårt parlamentariske system, kan Stortinget vedta mistillit mot regjeringa samla (då må heile regjeringa gå av) eller mot ein enkelt statsråd (og då er bare den aktuelle statsråden forplikta til å gå av). Det seier seg sjølv at Grunnlova § 12 om statsministerens rett til å setja saman regjeringa må lesast saman med Grunnlova § 15 om at Stortinget kan vedta mistillit mot den enkelte statsråd.

Systemet er altså at statsministeren i utgangspunktet står fritt til å velja kven ho vil til statsrådar, men at den enkelte statsråd deretter står til ansvar ovanfor Stortinget for korleis ho skjøttar sitt embete. Om Stortinget uttrykkjer at det ikkje lenger har tillit til statsråden, må statsråden gå av, og statsministeren må velja nokon andre av Noreg sine 5,3 millionar innbyggjarar til akkurat den statsrådsposten.

Det var ikkje noko statsrettsleg problematisk ved mistillitsframlegget mot Listhaug eller ved opposisjonens framferd elles i denne saka. Det var vidare ingenting i Grunnlova som tilsa at Solberg var nøydd til å tvinga stortingsfleirtalet til å velja mellom mistillitsframlegget og regjeringskrise. Det kan godt vera at dei politiske realitetane, her under omsynet til å halda Frp inne i regjering, gjorde at ho var nøydd til å stilla kabinettspørsmål såframt ikkje Listhaug gjekk av frivillig. Det er greitt nok, men det gjev ikkje grunnlag for å skulda stortingsfleirtalet for å utfordra Grunnlova sitt maktfordelingssystem.

Publisert:
  1. Sylvi Listhaug
  2. Stortinget
  3. Erna Solberg

Mest lest akkurat nå

  1. Ny direkterute fra Sola

  2. Cruise-film fra Stavanger skal ut i hele verden

  3. Gladmelding til Bryne-fansen: – En av de beste i ligaen

  4. Vinden skaper trøbbel – ferjer omdirigeres til Hanasand

  5. Spotify fjerner Neil Youngs musikk

  6. Omkamp om grønt tak på Sølvberget: Kan bli byens mest spektakulære park