Kråkeslotthjernar og alt som heng saman

KOMMENTAR: Nå prøver nokon å ta ting ut av skulen. La dei få gjera det. La dei for all del få lov til å gjera det.

Publisert: Publisert:

Norsk skule skal bli betre rusta til å få fram samanhengen i ting. Og norske elevar skal bli betre i å finna den.

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

For lenge sidan hende det av og til at eg steppa inn som pianolærar. Som regel for 16-åringar, som alt spelte eit anna instrument, men som kanskje var nye på piano. Då er ikkje notane for venstrehanda som du trur, dei viser til andre tonar enn du har lært. I tillegg til å knekka den koden, skal du få fingrane på venstrehanda til å klara seg meir sjølvstendig enn dei er vant til. Og så skal det bli musikk av det.

Men har du funne den første tonen, plassert tommeltotten på den, og ser at dei fire neste notane går som trappetrinn nedover, så kan du trygt bare la fingrane dine gjera det same - utan å tolka note for note.

Den lange vegen

Ikkje alle såg det. Og ikkje hadde dei veldig god lærar. Dei måtte begynna heilt på nytt, for kvar note. Det er ein lang veg å gå, og den er frustrerande også, for opphaldet mellom kvar ny tone blir så langt at du ikkje klarer få dei saman til den klingande snutten dei faktisk er. Så du får ikkje drahjelp av øyra heller, til å oppdaga samanhengen, mønsteret eller retninga.

Det den første eleven kunne, tilsynelatande reint intuitivt, det er ein måte å læra på som politikarar og fagfolk vil ha meir av i norsk skule: Evna til å kunna bruka kunnskap du har frå før til å setja deg inn i nye ting, til å forstå, sjå samanhengar og mønster. Det tar tid.

Les også

Isaksen sender alle skolefagene på slankekur

Dei kallar det djuplæring. Det er det dei skal gjera betre plass til i skulen nå. For det er for trongt der, det er for mange ting som skal lærast, det blir for mykje overflate, for vanskeleg for elevane å få tak i samanhengane – mellom faga, mellom dei ulike religionane, mellom nytt og gammalt.

At ein faktisk tar ting ut, er så prisverdig i seg sjølv at vi eigentleg bare bør sitja heilt stille og la dei rydda ferdig. For når høyrde du sist nokon føreslå å fjerna noko frå skulen? Vi legg til, heile tida. Det finst i grunnen ikkje det problem som ikkje kan løysast ved å leggja det inn i skulen - bortsett frå kanskje å setja ned eit granskingsutval eller be nokon om å gå.

Snarvegen

Den første eleven vår hadde sannsynlegvis drive lenger med musikk, og hadde meir kunnskap lagra frå før. Kanskje var ho også meir vant til å læra på det viset - assosiera, reint intuitivt la dette nye søkja på kryss og tvers i eit kråkeslott av ein hjerne, der alle rom og gangar og krokar på eitt eller anna vis heng saman, på leit etter liknande mønster eller erfaringar.
Eller ho var vant til å analysera, for så å senda dette same nye ut på leit i eit meir oversiktleg bygg av ein hjerne, men med like mange gangar og rom som heng saman.
Det er ikkje bare kunstnarar som treng å læra seg dette, det er også ingeniørar, utviklarane hos Sony, dei som lagar avanserte protesar for folk, dei som prøver å nå inn til ein dement hjerne og få kontakt.
Korleis kan eg bruka det eg kan, på ein ny måte?
Eleven som for kvar tone må begynna heilt på nytt, finn ikkje igjen kunnskap som kan brukast. Han har kanskje ikkje nok av den ennå, eller den finst i tunellar i hans hjerne, med bare eitt løp, og ingen opningar på sidene. Det blir tungvint, for sjølv om kunnskapen han treng for å gjenkjenna mønsteret, ligg i tunellen rett ved sida, finn han den ikkje, men må laga ein ny.

Bare starten

Det er bare eit bilde, sjølvsagt, på ulike måtar å læra på.
Og å rydda opp i faga, er jo bare ein start.
For ein skal også tilpassa den kunnskapen ein sit igjen med, til alle alderstrinn. Der har ein dei siste åra vore mest opptekne av å begynna med alt så tidleg som muleg, utan å la seg hefta av kva ein seksåring kan ta til seg. Det bør ein la seg hefta ved. Verkeleg.
Dei tusen delmål (nei, eg trur ikkje eg overdriv) må også lukast ut. Det same må alle skjema der eleven heilt ned til førsteklassingen skal evaluera seg sjølv.
Dei er lammande for einkvar hjerne.

Berebjelkane

Men ennå har dei ikkje kome lenger enn til faga. Er det greitt å ta vekk norrønt og eldre språkhistorie? Er det greitt å ta vekk musikkteori, og la elevane få jobba meir praktisk i musikk, kunst og handverk? Er det greitt å kutta i religionshistorie, og heller sjå på kva dei ulike religionane har å seia om eitt tema?
Meir praksis er heilt klart bra, då bruker ein hjernen på fleire måtar, og kan lettare laga gangar som heng saman.
Men så er det ikkje så lett å seia kva som er bra og ikkje, lenger. For sjølv eit kråkeslott treng jo ein grunnmur, bereveggar og berebjelkar.
Kva er berebjelkane i norsk? I historie? Og for ein sjølv?
Alle treng å erfara at ein sjølv står i ein samanheng, læra at andre, til andre tider, i historia, eller i bøkene,har opplevd ting eg opplever nå, anten det er Jonatan Løvehjertes hjartehamrande mot, Peer Gynts feige vegar utanom alt som er vanskeleg, eit undertrykt samefolk, eit land i krig, eller dei manges mobilisering mot overmakta.

La det stå

Eg håpar dei får det til. Eg håpar ein klarer la vera å dytta for mange ting inn igjen, eg håpar ein klarer la vera å stilla overveldande krav fordi ein ikkje tar nok omsyn til alder og modning og ulike barn, og eg håpar ein finn pusterom i nye evalueringsmåtar.
For det er så tungt å vera den som kvar gong og på same måte må grava ein ny tunnel, med bare eit løp, og utan inngangar frå sidene. Og det er så mykje lettare å vera den eleven som får læra å tenkja og jobba på kryss og på tvers. Som kan la nye ting leita rundt i eit kråkeslott av ein hjerne. Og finna ein samanheng.

Publisert:
  1. – Akropolis i Stavanger? Det høyres ut som ein by som vil vera større enn seg sjølv.

  2. – Viss skule­barn blir meir og meir stressa av skulen, kvifor er det då barna vi skal endra?

  3. – Frp har lenge bite seg sjølv i halen i bompengespørsmålet. Det gjer vondt

  4. Det viktigaste med Frp? At dei insisterer på at folk må få sjansen til å velja sjølv.

  5. «Biskopen bør seia nei til sjamanen»

  6. Når det er Earth Hour, ja, så er det Earth Hour. I SV tar dei mørket på alvor.

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Skolepolitikk
  3. Skole og utdanning