Ting kan vera større enn deg sjølv

KOMMENTAR: Det finst viktigare ting enn eit blankpussa omdømme. Også for Osloskulen og elevane deira.

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Dagsnytt 18, 5. mars. Lektor Simon Malkenes kritiserer systemet med fritt skuleval i Oslo. Debatten etterpå har på lammande vis handla om krenking. Foto: Skjermdump frå NRK

Det er måndag 5. mars. Klokka er seks på ettermiddagen, og NRKs Fredrik Solvang har nettopp sparka i gang debattprogrammet Dagsnytt 18.

«Vi er i gang her», les lektor Simon Malkenes ved Ulsrud vidaregåande skule. «B bannar og ropar. M vandrar. R jobbar ikkje. B fell til ro når M er ute. R og S kranglar høglydt.» Malkenes skildrar ein klassesituasjon. Ein syng, ein er borte, ein kjem for seint, ein har ikkje bok, ein jobbar bare viss læraren sit med han. Poenget, ifølgje Malkenes, er å visa kva som oppstår i eit klasserom når svært mange sårbare og svake elevar er samla der. «Vi har ungar og ungdommar i vanlege klassar som skulle hatt ei heilt anna oppfølging», seier Malkenes. «Dei står i prekære, tunge livssituasjonar som gjer dei svært sårbare. Dei har det så tungt at nesten ingenting er igjen til læring når dei kjem på skulen.»

Malkenes kritiserer systemet. Han meiner systemet med fritt skuleval i Oslo bare er fritt for dei med gode karakterar, mens dei med svake karakterar ikkje har noko val. Dei hamnar der det er plass. Altfor mange av dei hamnar på same skule, i same klasserom. Der, fortel Malkenes, bruker dei strategiar barn og unge bruker når dei ikkje meistrar ein situasjon, dei vandrar, blir urolege, dei er opptekne av ikkje å bli avslørte i at dei ikkje kan.

Krenkande?

Rektor Dave Dunlop på Ulsrud vidaregåande skal, ifølgje Klassekampen, ha varsla skuleeigaren om at Malkenes på Dagsnytt 18 kan ha krenka elevane. Han bruker rett og slett paragraf 9A i opplæringslova. Mobbeparagrafen. Der det heiter at «Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn.» Er det ein tilsett som utsett ein elev for dette, er kravet om varsling og tiltak nå endå strengare. Og det er eleven si oppleving som skal leggjast til grunn, i første omgang.

Dersom skulen konkluderer med at elevane er krenka eller trakasserte eller mobba av Malkenes på Dagsnytt 18, kan dei oppretta sak mot han. Han kan bli irettesett, få ei skriftleg åtvaring, eller bli oppsagt.

8. april står eit lesarinnlegg frå klassa til Malkenes på trykk i Aftenposten. Elevane kjenner seg krenka. Det er i ettertid usikkert kor mange av dei det gjeld, og om dei har fått hjelp av vaksne på skulen til å skriva innlegget.

Sett utanfrå

Eg høyrde Dagsnytt 18 måndag 5. mars. Eg høyrde ikkje at nokon blei utsett for krenkjande ord, mobbing eller diskriminering. Men eg høyrde ein lærar som var alvorleg bekymra for elevane sine, og for kva skulepolitikken i Oslo fører til for dei svakaste og mest sårbare. Han skildrar klassesituasjonen både han og elevane må stå i. Som lærar forstår han kvifor dei gjer som dei gjer, at det er noko dei tyr til for å klara dagen sin, han forstår at alle desse strategiane blir forsterka når så mange av dei ikkje kan klara å meistra situasjonen, og han forstår også kvifor dei har det slik.

Det han gjorde var viktig. Vi er alle med og betalar for skulen vår, vi er alle med på å velja dei som skal bestemma over skulen vår, det er framtida vår vi stolar på at skulen tar vare på og byggjer opp. Difor er det viktig, svært viktig til og med, at lærarar opent kan ytra seg om forhold i skulen. Det angår oss alle. Det gir oss grunnlag til sjølv å gjera oss opp ei meining.

Men i ei undersøking Norsk Lektorlag nettopp gjorde, svarte over halvparten av lærarane at dei er redde for å kritisera forhold ved eigen skule, fordi dei fryktar negative reaksjonar.

Ting kan vera større enn deg sjølv

Alle elevar har rett på opplæring. Alle elevar har rett på ei likeverdig opplæring.
Til elevane som kjenner seg krenka: De har ein lærar som tar til motmæle mot dei som er mektigare enn både han sjølv og de er. Han protesterer mot den skuledagen desse mektige har gitt dykk. Og han gjer det ein stad der både dei mektigaste i landet vil få høyra det, og der mange vanlege folk, som skal velja kven som skal bestemma over skulane våre, høyrer det. Det er modig. Og det er lojalt mot noko så høgtideleg som demokratiet vårt, og mot noko så viktig som de som er elevane hans.

Eg skulle ønska de klarte å høyra at han snakkar om ei sak som er viktig for dykk, han nemner ikkje ein einaste dårleg eigenskap hos ein einaste elev. Men eg ville aldri halde ut verken og vore lærar eller elev i det klasserommet. Av og til er det viktig å klara gjenskapa ein slik situasjon, for å få oss som står utanfor dette klasserommet til å forstå. Til å høyra etter. Og til å konsentrera oss om sak. Ikkje om personar. Viss alle skal vera så redde for å bli krenka at ein ikkje kan gjera slikt som dette, blir det altfor vanskeleg å kritisera kva svære system, makt og dårleg brukt makt kan føra til for dei som blir utsette for det.
Eg skulle ønska de klarte å sjå det.

Til skuleleiinga, til rektor, til utdanningsetaten der borte i Oslo: Å koma trekkjande med mobbeparagrafen på vegner av elevane her, er hårreisande. Det er heilt hinsides. Og de burde ha konkludert med det for mange veker sidan.

Simon Malkenes har brukt ytringsfridommen sin til å driva systemkritikk. Det er det viktig at fagfolk gjer.

For det finst faktisk ting som er viktigare enn eige omdømme. Unge elevars sjanse til å meistra dag etter dag etter dag i den skulen de har så mektig ansvar for, er heilt soleklart blant dei.

Publisert: