Varsellampene er fleire. Og me kan koma til å høyra meir om QAnon. Det er mørkt nedst i kaninholet

GJESTEKOMMENTAR: QAnon-konspirasjonsteoretikarane ser på Trump som ein helt. Korleis vil dei reagera om Trump taper valet?

QAnon-tilhengarane trur på dei mest utrulege konspirasjonsteoriane om Trump sine motstandarar. Nokre av dei har våpena klare.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

«Lat meg spørja deg om QAnon», sa NBC-journalist Savannah Guthrie under eit town hall-møte med president Donald Trump.

Du har antakeleg også nådd å høyra om QAnon no. Om ikkje: QAnon-teoriane er ei samling konspirasjonsteoriar som er mangfaldige og i kontinuerleg utvikling.

Den sentrale påstanden er likevel at ein hemmeleg insider i Trump-administrasjonen, ein person som kallar seg Q, har teke i bruk nettforumet 8kun (tidlegare 8chan) for å rapportera om Trump sin kamp mot den såkalla «djupstaten».

På dette nettforumet legg Q igjen «brødsmular», kryptiske og eigentleg ganske uforståelege meldingar. Her er eit døme frå 2019, gjeve att på originalspråket: «[C] BEFORE [D]. [C]oats BEFORE [D]. The month of AUGUST is traditionally very HOT. You have more than you know».

Les også

Arild I. Olsson: «Flere moderate republikanere gir seg i Kongressen. De kan bli byttet ut med til dels helsprø Trump-tilhengere»

Les også

Øyvind Strømmen: «Trollet som ville redda planeten med å eta babyar»

Pizzagate på syre

Meldingane vert tolka til å omhandla den pågåande hemmelege krigen mellom Trump og «djupstaten». Og om ein dukkar ned i dette kaninholet, vil ein raskt oppdaga at denne «djupstaten» vert kopla til ein verdsomspennande klikk av satanistar og overgriparar, påstått å inkludera alt frå leiande politikarar i Demokratane (ikkje minst Hillary Clinton) til høgtståande tenestemenn i etterretningstenesta og hollywoodstjerner.

Sentralt står skuldingar om overgrep mot born, i stor skala. Nokre QAnon-tilhengjarar meiner at born allereie har vorte berga ut av hemmelege underjordiske fangeleirar, og at Hillary Clinton i løyndom er arrestert.

Hugsar du «Pizzagate»? QAnon er «Pizzagate» på syre.

Også i Noreg finst det dei som forfektar tilsvarande tankegods. På den nylege Konferanse Jæren – arrangert av Arvid Gimre og Merete Hodne – var Rainer Irgang hovudføredragshaldar. Via YouTube forfektar han idear henta ut frå det same idéuniverset som QAnon. I eit nyleg foredrag snakkar han til dømes om korleis Melania Trumps bruk av raude kjolar eigentleg er teikn på krigen som går føre seg i det skjulte!

Irgang er elles uttalt motstandar av parlamentarismen, og han meiner at Noreg – for å verta ein suveren stat – må ha «ein herskar».

Mange av QAnon-tilhengarane trur verkeleg på at ein allianse av demokratiske politikarar, som Barack Obama, Hillary Clinton og Joe Biden, næringslivstoppar og hollywoodstjerner er pedofile og mykje anna gale, som krypdyr i menneskeham.
Les også

Trump sprer pedofilianklage mot Biden

Les også

Gunnar Grendstad: «Etter Trump må Det republikanske partiet bygges opp på nytt»

Ei uro for demokratiet

Tilbake til town hall-møtet: Guthrie frå NBC utfordra Trump til å gå i rette med QAnon, og til å ta avstand frå det konspirasjonsteoretiske nettfenomenet.

«Eg veit ingenting om QAnon», svara presidenten. Guthrie dytta vidare, og Trump heldt fram: «Eg veit ingenting om det. Eg veit at dei er sterkt imot pedofili. Dei kjemper veldig hardt imot det, men eg veit ikkje noko om det. Dersom du vil at …».

«Dei trur det er ei satanisk kult styrt av djupstaten», skaut Guthrie inn. Trump gjekk vidare til å snakka om Antifa og den radikale venstresida, viktige delar av fiendebiletet han hentar fram i denne valkampen, og hendige motstandarar.

I etterkant har han fått føreseieleg kritikk for å ikkje villa ta avstand frå QAnon.

Uavhengig av kva ein måtte meina om det, kan The Washington Post rapportera at QAnon-fenomenet er i vekst, i aukande grad med det komande presidentvalet som fokuspunkt.

Dei har intervjua Rita Katz i SITE Intelligence Group – ein organisasjon som følgjer med på både ekstrem islamisme og høgreekstremisme på nettet. Katz meiner at Trump har bidrege til å gjera QAnon – som internt trugsmål – større.

Ho seier også: «Eg har aldri vore meir uroleg for det amerikanske demokratiet enn eg er no, og det er urovekkande kor mykje av denne frykta som kjem frå presidenten sjølv.»

Det er sterke ord.

På eit område skil QAnon seg frå andre konspirasjonsteoriar: Den sitjande amerikanske presidenten er helten i forteljinga. Elles liknar det meste: QAnon teiknar opp ei sjakkbrettmønstra verd, der det i det skjulte går føre seg ein kamp mellom det gode og det vonde. Korleis vil dette sterkt konspirasjonsteoretiske miljøet reagera dersom Trump taper valet?

Tilsette i firmaet Owens & Minor, som distribuerer medisinsk utstyr – alle med ansiktsmasker, rimelegvis – under eit besøk dei fekk av president Trump tidlegare i år. Alle hadde på seg verksemda sine t-skjorter, mange bar Trump-caps, – nokre nokre hadde QAnon-symbolet nærast kroppen, og viste det til Trump. Kanskje ikkje så rart at Trump sa «I believe they like me» om desse folka.
Les også

Hilde Øvrebekk: «Vil du være en manipulert vare?»

Les også

Aftenbladet mener: «At Donald Trump så eksplisitt gjentar konspirasjonsteorier, viser at han er villig til å gjøre alt for å bli likt og gjenvalgt. Det er rett og slett skremmende.»

Varsellamper

Eit FBI-notat frå mai 2019 – publisert av Yahoo News i august same året – kan kanskje gje oss noko av svaret. I notatet vert det åtvara om at konspirasjonsteoriar kan motivera innanlandske ekstremistar til å gjere seg skuldig i kriminalitet, inklusive valdshandlingar. Blant døma som vert nemnde er eit frå 15. juni 2018, då Matthew Wright blokkerte trafikken på ei bru nær Hooverdammen, med eit heimebygd pansra køyretøy. Wright var direkte inspirert av QAnon.

FBI-notatet nemner ikkje ei heller spesiell sak frå mars 2019. Då freista 24 år gamle Anthony Comello seg på ein «borgararrestasjon» av Francesco Cali, ein leiarfigur i Gambino-mafiaen, i den tru at Cali var sentral i «djupstaten». Han enda med å skyta Cali til døde. Comello skal ha vore overtydd om at han hadde Trump si støtte.

Etter at FBI-notatet vart kjent, har det også kome nye episodar. I april 2020 vart til dømes eit tog med vitande og vilje køyrd av sporet av ein jernbanetilsett i California. Han var motivert av ein konspirasjonsteori rundt koronaviruset. Og 3. juli freista ein annan QAnon-tilhengar å ta seg inn på eigedomen der Canadas statsminister Justin Trudeau bur.

Kort fortalt: Varsellampene er fleire. Og me kan koma til å høyra meir om QAnon. Det er mørkt nedst i kaninholet.

Øyvind Strømmen: «Ti år etter 22. juli er høgreekstremisme eit veksande terrortrugsmål internasjonalt. Både ein polarisert amerikansk valkamp og koronakrisa kan bidra til å gjera vondt verre.»

Sven Egil Omdal før USA-valget i 2016: «Ifølge Southern Poverty Law Center har antall militser vokst eksponentielt i de åtte årene Obama har vært president. Senteret registrerte i fjor 998 grupper som bekjemper regjeringen, 276 av dem er bevæpnet.»

Publisert: