Når teateret tar tempen

KOMMENTAR: På sitt beste er teater både underhaldande å sjå på − samtidig som du får noko å tenkja på om deg sjølv og samtida. I Edinburgh i august får du begge delar. Får me også det i Stavanger?

Publisert: Publisert:

Det finst uendeleg mykje teater, humor og show å velja i på den årlege Fringe-festivalen i Skottland. Så mykje at det er nesten umulig å handtera. Foto: Jan Zahl

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Går det an å laga dragshow om Brexit? Er det mogleg å laga einmanns thrash-teater om Donald Trump − basert på Shakespeare’s «Kong Lear»? Eller politisk teater om tilstanden i det britiske helsevesenet, NHS? Kan du laga høgreorientert standup?

Etter å ha brukt ei augustveke i Edinburgh i år, kan eg avsløra at svaret er «ja». Det er fullt mogleg å laga aktuelt, politisk teater, humor og show som kommenterer samtida på eit ganske anna vis enn norske institusjonsteater jamt over gjer.

59.236 arrangement

Når Edinburgh International Festival, Fringe-festivalen («fringe» betyr ytterkant/periferi) og Edinburghs internasjonale litteraturfestival neste måndag pakkar saman, har dei til saman gjennomført vanvittige 59.263 arrangement på 25 dagar . Edinburgh er, med andre ord, byen å vera i kvart år når det blir august om ein er interessert i teater, humor, litteratur, musikk eller dans.

Det er komplett umogleg å peika ut ein tendens eller trend i eit så massivt program, sidan det byr på Absolutt Alt − i komplett uhandterlege mengder. Men som ein fyr som både interesserer meg for teater og for politikk, bestemte eg meg for å sjekka ut korleis folk i 2018 kan kombinera dei to.

Dei mest populære showa blir raskt utselde på Fringe. Men då kan du alltids velja noko anna. Foto: Jan Zahl

Kunstens bidrag

For å starta i ein pretensiøs ende: Kva kan teatret − eller kunsten i det heile tatt − bidra med i samtidsdebatten som du ikkje allereie får servert av alle dei andre aktørane i politikk, aviser og kommentarfelt? Jau, på sitt beste kan teater gi deg eit anna perspektiv, ein ny tanke, ikkje basert på tall, statistikk eller argument, men gjennom kjenslene dine. Når teater fungerer, føler du med dei som står på scenen, du kjøper på eitt vis deira perspektiv, emosjonelt, på godt og vondt. Det kan, for å låna eit perspektiv frå Jan Kjærstads siste roman «Berge», fungera som ein pens − ein sporvekslar − for tanken.

I Edinburgh såg eg tre sterke teatermonologar som gjorde nettopp dette. I «On the Exhale», som har hatt stor suksess i New York, fortel ei einsam akademikarkvinne om korleis barnet henne blir myrda i ei amerikansk skuleskyting − eit deprimerande aktuelt tema i dagens USA. Men monologen og tanken tek uventa vendingar når mora sjølv til slutt plukkar opp same type våpen som sonen blei drepen med, og får kontakt med ein viktig våpenforkjempar. Skal ho skyta?

Sinte menn

«Angry Alan» var ein av snakkisane i Edinburgh. Alan er ein lågt utdanna, middelaldrande amerikansk mann som mister jobben, rotar seg inn i eit Youtube-univers av frustrerte menn, og så følgjer me hans radikalisering − kanskje på litt for overtydeleg vis. Igjen ein særs aktuell kommentar til eit aukande problem i Vesten, igjen sett frå det ubegripeleges perspektiv.

Men mest tankevekkjande for meg var canadiske «Daughter», der ein særs sympatisk kar kjem på scenen, sjarmerer publikum i senk med morosame historier om den vesle dottera si. Før han, så sakte at dei fleste av oss hang lenge med, krysser moralsk grense på grense. Før han ender som ein djupt forstyrra, valdeleg, psykopatisk mann.

Når du sit rysta tilbake i stolen, har teaterstykket gjort jobben.

Politisk show

Men teatret har heldigvis ei større verktøykasse enn alvoret og emo historieforteljing. Samfunnsaktuelt og -kommenterande politisk teater treng ikkje ein gong vera særleg alvorleg i forma.

Det store, politiske traumet i Storbrittania for tida er Brexit, og årets Fringe-festival baud på ei rekkje ulike tilnærmingar. Lærdommen er at det er fint mulig å laga alt frå dragshow, via musikal og stand up til meir konvensjonelt satirisk teater om noko så komplisert, aktuelt og kjedeleg som Storbrittanias tilknyting til EU.

Sjølv såg eg komedien «Brexit», lagt til 2020, der den nye statsministeren framleis strevar med forhandlingar og tilknyting, ulike fraksjonar i eige parti, makt og avmakt. Det var som eit manus skrive om Theresa May, i beste, smarte, britiske «Yes, Prime Minister»-tradisjon.

Les også

Dette får du se på teateret i høst

Les også

Komisk alvor om 1980-talet

Les også

Eventyrlig teater

Heim til Stavanger

Så kjem eg heim til Stavanger, og vender blikket mot Rogaland teater. Der kan du på Hovedscenen utover hausten sjå «Romeo og Julie» frå 1597, «Trollmannen fra Oz» frå 1900, «Pan» frå 1894 og teatrets versjon av «En julefortelling» frå 1847. Pluss gjestespela «Kjellermennesket» (1864) i kjellaren og «Haugtussa» (1895) og H.C. Andersens eventyr i Teaterhallen.

Men heldigvis også teaterversjonen av «Om våren», Tore Renbergs nyskrivne «3. august 1964», Sarah Kanes «04.48 Psykose» frå 2000 og monologen «Dritt» − som hadde urpremiere nettopp på Fringe-festivalen i 2012. Desse stykka blir spelte i Teaterhallen og på Intimscenen.

Eit norsk institusjonsteater har ein heilt anna rolle og funksjon enn ein lett anarkistisk teaterfestival. Institusjonsteatret skal både ivareta Tradisjonen − og bidra til nødvendig nyskaping. Men etter ei veke i Edinburgh skulle eg ønska at det fanst meir av eit friteatermiljø i Stavanger, og at planleggingshorisonten på hovudteatret var litt mindre lang.

  • Les fleire kommentarar av Jan Zahl:
Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. – Kva må til for at eg skal bli ein varm Trump-tilhengar?

  2. Viking må bytta navn!

  3. Kva er denne gjengen sin største kulturpolitiske tabbe?

  4. – Koronakrisen har vist at kulturpolitikarane ikkje skjønnar seg på kulturfeltet

  5. – Abid Raja: Det er ikkje frisyren din som er det vesentlege no, men kulturpolitikken

  6. "Skal me ha eit levande mediemangfald også etter korona, må folk rett og slett abonnera"

Les også

  1. Stavangers 2008-impotens

  2. Kva er vitsen med vitsen?

  3. Facebook, min beste venn

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Teater
  3. Edinburgh
  4. Festival
  5. Kommentator Jan Zahl