Å stilla spørsmål ved deltidsjobbinga blant norske kvinner er veldig langt frå god tone

KOMMENTAR: Mange kvinner jobbar deltid fordi dei vil. Dei har råd til det. Og dei får aksept for det.

Adm. direktør Anne-Kari Bratten vil ha fleire kvinner til å leva som henne.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Å stilla spørsmål ved deltidsjobbinga blant norske kvinner er veldig langt frå god tone.

Det ligg svære kvinnekampar og likestillingskampar i fleire generasjonar og ulmar rett under overflata. Kampen for å synleggjera tyngda av omsorgsarbeid og husarbeid, kampen for å visa fram manglande likestilling i heimen, kampen for respekt for kvinners turnusarbeid og mot kvinners ufrivillige deltid.

36,9 prosent av alle utearbeidande kvinner jobbar deltid. 14,8 prosent av alle menn. Og mens 31 prosent av småbarnsmødrene jobbar deltid, gjer 40 prosent av kvinnene som er utan omsorg for små barn det.

Eit val

I ein rapport frå Arbeidsforskningsinstituttet frå 2014 fann forskarane Cathrine Egeland og Ida Drange at tid ikkje var så viktig for kvinners val om deltid. Dei brukte tal og intervju frå ulike yrkesgrupper ved norske sjukehus. Det handla heller om familieøkonomi, eiga helse, meistringsstrategiar og ein kulturell aksept for at det er gretit for kvinner å trekkja seg delvis ut av arbeidslivet.

I intervjua oppga fleire at deira deltidsjobbing hadde ført til meir ro og harmoni i familielivet. Noko forskarane kommenterer at dei ikkje kan finna støtte for i talmaterialet dei også har.

Kvinnene vel i stor grad å jobba deltid. Dei vel det fordi dei kan. Dei har råd til det, og dei risikerer ikkje å bli sett ned på dersom dei gjer det.

Særleg det siste vil gjerne Anne-Kari Bratten, administrerande direktør i arbeidslivsorganisasjonen Spekter, gjera noko med.

Ein soleklar vinnar

Anne-Kari Bratten syns det er uforståeleg at kvinner som ikkje har småbarn, jobbar meir deltid enn småbarnsmødrer. Dei vil heller shoppa på CC Vest enn å jobba, seier ho til Dagens Næringsliv (krev innlogging) i samband med NHOs årskonferanse.

Ho peikar på seg sjølv som idealet. Ho har aldri hatt verken vaskehjelp eller au pair, ho har likevel klatra heilt til topps (definisjonen er hennar eigen, men, ja, ho er toppsjef). Og attpåtil seier barna hennar at ho er verdas beste mamma. Ein soleklar moralsk vinnar, altså, og alt ifølgje henne sjølv.

Ho meiner tydelegvis også at vinnartrøya gir henne ekstra legitimitet til å retta ein dirrande moralsk peikefinger mot desse andre kvinnene som ikkje gjer som henne. Ho har prioritert beinhardt, ho trenar ikkje, og ho har aldri vore på spa. Altså kan ein rekna med at deltidsarbeidande kvinner dillar rundt utan evner til å prioritera, eller, når dei prioriterer, er det seg sjølv og eige velvære dei hegnar om.

Det veit sannsynlegvis ikkje Bratten så veldig mykje om, trur eg. Viss ho ikkje har statistikk over kor mange av dei til ei kvar tid spabrukande blant oss som dillar rundt på deltid.

Ei påkrevd endring

Viss du vil få til ei endring som inneber at folk må fatta interesse, vilje og til og med finna eigen motivasjon, er det sjeldan ein god strategi å rakka ned på dei for alt dei gjer heilt feil, for så å peika oppover på alt du sjølv gjer heilt rett.

Men endring trengst, likevel.

Den skeive fordelinga i lønna arbeidsinnsats mellom kvinner og menn avslører eit samfunn med ganske tradisjonelle kjønnsroller. Dei kvinnene som vel deltid etter eige ønske, gjer det fordi dei har råd til det. Eg vil tru svært mange av dei har råd til det fordi dei har ein ektefelle, oftast ein mann, som tener så godt at det er muleg.

Men sjølv om familieøkonomien til mange av desse kvinnene godt kan bera at dei jobbar lite, kan ikkje samfunnet bera det stort lenger. Vi treng fleire i arbeid for å ta vare på alle dei som unekteleg snart blir for gamle, eller er for sjuke til å kunna jobba. Dei er mange. Og i ein norsk livssyklus blir åra i jobb stadig færre. Vi begynner seinare å jobba, sluttar tidlegare og lever lenger.

Fleire sterke ryggar

Heile systemet vårt er bygd på eit ideal om at den som har den sterkaste ryggen, ber den tyngste børa. Altså at dei som er i arbeid, ber dei som ikkje er det. Men vi er i ferd med å gå tomme for nok ryggar.

Her kjem vi fort til indignerte appellar om solidaritet og arbeidsmoral. Kom deg ut av spa-en, tørk håret ditt og dra deg på jobb! Prioriter riktig! Slik Anne-Kari Bratten så rørande har fortalt at ho alltid har gjort.

Men det kan nok vera at dei deltidsarbeidande kvinnene utan små barn meiner at dei har prioritert i livet sitt. Det kan til og med vera at dei meiner dei har like stor rett til å gjera det som Anne-Kari Bratten har.

Dei har prioritert ned jobb og eigne pensjonspoeng. Dei meiner andre ting er viktigare.

Vegar ut

Det finst minst to vegar ut av dette. Den eine er at dårlegare økonomiske tider tvingar fleire ut. Det vil kanskje ordna seg om nokre år.

Den andre er at fleire opplever det som så viktig at akkurat dei er på jobb, at dei prioriterer det opp. Her skal det nok ein del opprydding til, før vegen blir bein. Det kan tenkjast at ikkje alle dei aktuelle jobbane er så attraktive og meiningsfulle at dei når heilt til topps i prioriteringane.

Eit tredje alternativ er sjølvsagt å gå aktivt og høgrøysta inn for å visa at deltidsjobbing utanom småbarnstida er umoralsk og forkasteleg og bør fordømmast.

Slik Anne-Kari Bratten har gjort. Det er liten grunn til å tvila på at ho meiner hennar eigen moral er eit ideal, og totalt overlegent deltidsarbeidande kvinners.

Men eg tvilar likevel på at dei dermed får lyst til å bli som henne.

Les også

  1. Lyset vi treng

  2. Kva kan folka i NIF, eigentleg?

  3. Den lange, skjøre livskvelden

Publisert:
  1. NHOs årskonferanse
  2. Anne-Kari Bratten

Mest lest akkurat nå

  1. Forsker Gunnveig Grødeland: – Omikron kan være veien ut av pandemien

  2. Strammer inn tirsdag: – Det blir tiltak vi vil merke i hverdagen vår

  3. Frykter du ny korona­bølge? Nå kommer FHI med glad­nyhet

  4. 14.000 lys skaper hjemmelaget julestemning i Sandnes

  5. Regjeringen framskynder tredje dose for alle over 45

  6. Viking klar for Europa: 30 millioner ligger i potten