Det store sjansespelet med naturen

GJESTEKOMMENTAR: Takk vere ein italiensk gamblar på 1500-talet, kan vi i dag anslå korleis klimaendringane skapar økonomisk risiko. Det er på tide at vi reknar på konsekvensane av tap av natur òg.

Publisert: Publisert:

Dei siste 40 åra er meir enn halvparten av dyrelivet på jorda blitt borte. Den panamanske gullfrosken, eit av Panama sine nasjonalsymbol, var utrydda, trudde ein, men i El Nispero Zoo har lukkast med å få nokre få eksemplar til å formere seg. Foto: Carlos Jasso, Reuters/NTB Scanpix

  • Bård Vegar Solhjell
    Generalsekretær, WWF Verdens Naturfond
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Naturvitar og matematikar Girolamo Cardano levde i Italia på 1500-tallet. Ettertida har anerkjent han som den første som tok i bruk negative tal, og ein av dei første som begynte med risikoanalyse og sannsynsrekningar. I samtida derimot, var hans kroniske pengenød eit meir dominerande trekk. Han heldt seg flytande med gode evner som sjakkspelar og gamblar, to aktivitetar der sannsynsutrekning er viktig for å gjere det bra. Moderne og utvikla versjonar av desse reknestykka er i dag viktige for å rekne ut risiko.

Mot slutten av året skal klimarisikoutvalet levere si innstilling til Finansdepartementet. Utvalet blei satt ned i fjor for å identifisere viktige globale klimarelaterte risikofaktorar og vurdere betydinga av desse for norsk økonomi og finansiell stabilitet.

Men det som ikkje blir snakka så mykje om ennå, er risikoen vi tar når naturen endrar seg og svinn mellom fingrane våre. WWF sin «Living Planet Report» viser at meir enn halvparten av dyrelivet på land er blitt borte på knappe førti år, det same gjeld for livet i havet. Utviklinga blir bekrefta av Det internasjonale naturpanelet, som i mars kom med ein rapport om naturmangfaldet i verda. Mellom anna er 50 prosent av våtmarksområda i Europa blitt øydelagde sidan 1960 av bygging av veger og anna infrastruktur. Trugslane gjeld òg for norske våtmarker, kor det lever sjeldne orkidear, vadefuglar, biller, sommarfuglar og mykje meir.

Den neste globale finanskrisa kan kome som fylgje av at store investeringar i fossil energi kan vise seg å bli ulønsame.

Fare for verdilause investeringar

Klimarisiko handlar om at menneskeskapte klimaendringar er i ferd med å endre rammene for næringsverksemd og finansielle investeringar. Klimarisiko deles ofte inn i tre hovudtypar: Fysiske skader som verkar inn på drifta til verksemder (som til dømes flaum), mulige erstatningskrav fra skader vi påfører andre (gjennom klimagassutslepp), og faren for at ein ikkje klarer å omstille seg til den nye røyndomen raskt nok.

Alle desse kan ende med investeringar som blir mindre lønnsame – eller til og med verdilause – fordi klimaomsyn har ført til endra lovgjeving eller anna som får verdien til å søkke. Nye rapportar viser nå at den neste globale finanskrisa kan kome som fylgje av at store investeringar i fossil energi kan vise seg å bli ulønsame i konkurranse med billigare fornybare kjelder. Slik risiko påverkar både land og selskap.

Risikoen for å tape på øydelagt natur

Om biene forsvinn, vil det koste oss dyrt økonomisk. Foto: Jonas Haarr Friestad

Ein type risiko som ikkje ennå er komen inn i styreromma og aksjonærforslaga, er faren for å tape lønsemd når naturen rundt oss blir borte. Det er ein risiko som er like reell, som kan få enorme økonomiske konsekvensar, og som eg spår vil vere det neste verkeleg store temaet når eigarar og forbrukarar skal stelle krav til ansvarlege selskap i tida som kommer.

For kva skjer med forretningsmodellen til selskap som lagar øl eller brus om reint vann blir ei mangelvare der dei har sin produksjon? Kva for erstatningskrav utset eit selskap seg for om dei øydelegg korallar med viktige gyteområde for fisk – i sin iver etter å utvinne meir olje og gass? Og korleis blir inntektsutviklinga til bøndene om dei må ut og bestøve frukttrea for hand fordi biene og humlene er borte? Tapet av natur kan koste både velferd og næringsliv dyrt.

Må ta ansvar for pengestraumar

Ei vurdering av korleis naturen blir påverka er nødvendig i samband med politiske avgjerder og i næringsverksemd. Det bør òg bli eit kriterium for aktørar som styrer kapital – enten det er snakk om norske sparepengar, bistand eller utlån. For det er summen av mange enkeltaktivitetar som utgjer trugselen.

WWF Verdens naturfond har gjort ei kartlegging av trugslar frå olje-, gass- og gruvedrift mot marine verneområder i Det sørvestindiske hav, mellom anna langs kysten av Kenya, Tanzania og Mosambik. Dette er eit naturrikt område som er matfat og arbeidsplass for millionar av menneske, og kor det finst ei rekkje truga dyreartar og naturtypar. Rapporten viser at om lag 30 prosent av konsesjonane som er gitt i regionen, overlappar med verneområde og/eller verdifulle og sårbare område.

I rapporten blir Oljefondet brukt som case for å vise korleis analyser som dette kan bli gjort, fyrst og fremst fordi deira data er offentleg kjende. Kartlegginga viser at fondet er investert i selskap som har konsesjonar i sju verneområde og 10 viktige og sårbare område. Vi anar eit større og urovekkande bilete her.

Naturen er grunnlaget for all utvikling – men han er ikkje utømmelig.

Kan ikkje bli overlate til skjebnen

Enno har ikkje regjeringa gitt tapet av naturen vår like stor merksemd som klimaendringane. Solberg-regjeringa har så langt svekka lovverk som vart laga for å beskytte natur mot skadelege inngrep, ho har svekka forvaltninga som er meint å fylgje opp lovverket, og ho har sett bort frå faglege råd når desse har anbefalt å unngå nedbygging og overbelasting av naturgrunnlaget.

Risikoanalyser og sannsynsrekningar har djupast sett vakse ut av menneska sine behov for at ting skal vera føreseielege og for tryggleik. Før risiko fanst berre skjebnen, skriv Peter L. Bernstein i boka «Against the Gods: The Remarkable Story of Risk».

Naturrisiko handlar opplagt om noko meir enn berre behovet for å sørge for stabil økonomisk avkastning. Naturen gjev oss luft, vatn, mat, klede, arbeid, medisinar, teknologiske nyvinningar, opplevingar og masse, masse anna. Han er grunnlaget for all utvikling – men han er ikkje utømmelig.

Difor kan vi ikkje overlate naturen si framtid til skjebnen. Då gjer vi det same med oss sjølve.

  • Twitter: @bardvegar
Publisert:

Les også

  1. Eit nytt natursyn må til; me må sjå naturen som noko heilag

  2. Er noen naturopplevelser mer verd enn andre?

  3. Urørt natur erstattes med master og støyende og roterende propeller

  4. Gullfisk truer mangfold i Stavanger-naturen

  1. Gjestekommentar
  2. Bård Vegar Solhjell
  3. Natur
  4. WWF
  5. Olje og gass