Intoleranse på norsk

GJESTEKOMMENTAR: Jehovas vitner vart nyleg nekta statsstøtte. Skal staten bestemme kva som er bra å tru på?

Kva om statsforvaltar Valgerd Svarstad Haugland åtvara folk om kva parti dei ikkje burde stemma på?
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Kva fortel norsk politikk mot isolasjonistiske religiøse minoritetar om toleranse og intoleranse i landet vårt? To saker er opplysande.

Først gjeld det ei sak som enno er i rettssystemet. Ein kveld for eit par år sidan vart Jehovas vitner-medlemmen Anne med ein mann på hotellrommet. Hendingsgangen var i ettertid uklar for Anne, men det gjekk føre seg seksuelle handlingar. Etterpå gjekk ho til eldrerådet i Jehovas Vitne, fortalde om saka og bad om råd. Det enda med at ho vart kasta ut av Jehovas Vitne fordi ho hadde synda, ifølgje eldrerådet, og ikkje ville vedkjenne seg det og beklage.

Utkastinga fekk svært store konsekvensar for Anne: Etter reglane i Jehovas vitner, vart ho utstøytt, også av familiemedlemmer, som vist i NRK brennpunkt.

Haldbar politikk?

Etter utstøytinga gjekk Anne til sak. I Follo tingrett fekk ho tommelen ned, men ho vann fram i Borgarting lagmannsrett, jamvel om Jehovas vitner viste til ein tidlegare dom i Den europeiske menneskerettsdomstolen. Der heitte det at staten ikkje kan bestemme over kven ein religiøs organisasjon skal ha som medlem. Saka er anka til høgsterett.

Den andre saka, omtala i Aftenblad-leiaren 29. januar, gjeld at Statsforvaltaren i Oslo og Viken, på oppdrag frå departementet, sist i januar bestemte at Jehovas vitner ikkje lenger kvalifiserer til å få statsstøtte, 16 millionar kroner for 2021. I vedtaket til Statsforvaltaren er det gitt to grunnar: Den eine gjeld situasjonen til barn. Dette temaet inneheld svært vanskelege dilemma som fell utanfor drøftinga her.

Den andre grunnen gjeld utmeldingspraksisen. Ifølgje Statsforvaltaren er utmeldingspraksisen ikkje tilstrekkeleg frivillig, og dette var ein sjølvstendig grunn til at statsstøtta vert fjerna.

Kor haldbar er denne siste grunngjevinga?

Det springande punktet

Ein som tok seg bryet med å gå opp grensegangen i dette krevjande landskapet, var den hardslåande, liberale filosofen Brian Barry (1936–2009). Det springande punktet for Barry i denne typen saker er om deltakinga i organisasjon reelt sett er frivillig.

Her skil Barry mellom tre typar byrder organisasjonen kan påføre einskildmedlemmen. For det første har vi interne byrder, å gå glipp av til dømes dei løfta om frelse som går føre seg innanfor ein religiøs organisasjon. Dette kan ikkje staten blande seg inn i.

Den andre typen byrde gjeld relasjonar. Som for Jehovas vitner, vil det at ein går ut av eller vert kasta ut av organisasjonen, kunne innebere organisert utstøyting. Men også denne byrda må til sist aksepterast, meiner Barry. Det kokar ned til at kvar og ein må få bestemme kven han og ho skal vere med.

Sist gjeld det ytre byrder, altså at du også utanfor organisasjonen dreg med deg ekstra byrder utanom dei sosiale. Her set Barry ned grensestolpane. At du går ut av ein organisasjon kan ikkje føre til at du lir store økonomiske tap, mistar arbeidet og liknande. Då er ikkje exit-høvet reelt.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken hadde altså utstøytingspraksisen for vaksne som sjølvstendig avslagsgrunn. Om vi følgjer Barry i hans grensegang, er utstøyting noko eit liberalt samfunn må tole. Toleranse betyr å godta at medborgarar som har verdiar ein ikkje likar, har ein likeverdig demokratisk status.

Religiøse overdommarar

Den tidlegare KrF-leiaren Valgerd Svarstad Haugland er statsforvaltar i Oslo og Viken. I ein debatt i Dagsnytt 18 den 28. januar, etter at avgjerda om å trekke statsstøtta var fatta, grunngav ho si haldning mellom anna slik: «Så håpar eg då, for å seie det sånn, at dei vil endre sin praksis.»

Tidlegare har Kjell Ingolf Ropstad (KrF), då han var barne- og familieminister, bede om ei vurdering av om Jehovas vitner skulle miste støtta på grunn av at dei påla medlemmene ikkje å stemme ved val.

Også Anette Trettebergstuen (Ap), som no er kultur- og likestillingsminister, har tidlegare gjort sin posisjon klar: «Alle skal få tro på det de vil, men når staten finansierer trossamfunn, må også staten si at likestilling er et absolutt krav for å motta støtte», sa ho i 2019.

Problemet for desse noverande og tidlegare politikarane er at Jehovas vitner tolkar Bibelen bokstavleg. Når ministrar og Statsforvaltaren meiner at Jehovas vitner berre skal få pengar om dei endrar bibeltolkingar, er staten i ferd med å verte religiøs overdommar.

Les også

Audhild Skoglund: «Hva kan vi godta av illiberale trossamfunn?»

Premie for rett tru

Intoleranse på norsk handlar ikkje om dei verdiane dei norske jamt over har; få andre land har ei befolkning med så liberale verdiar og fri livsstil. Men toleransen for dei som er annleis, kan vere låg. Norske politikarar trur jamt at dei veit betre enn folk sjølv kva folk har godt av. Andsynes religiøse minoritetar er det i praksis innført ein statleg premie for rett tru.

I rolla som statsforvaltar ville Valgjerd Svarstad Haugland aldri funne på å åtvare folk mot kven dei burde røyste på. Ho bør også halde inne med kva ho meiner er rette og gale bibeltolkingar. Elles vert det halen som viftar med hunden i det norske demokratiet.


AFTENBLADET MENER: Når Jehovas vitner nektes statsstøtte for sin eksklusjonspraksis, åpner myndighetene samtidig for en bredere debatt om ansvar og statsstøtte til trossamfunn.

Publisert: