Mohn: Hemningslaus byråkratisering er overflodssamfunnet sin livsstilssjukdom

GJESTEKOMMENTAR: Byråkratisk inflasjon var lenge ein viktig faktor bak kostnadsauken i olje- og gassnæringa. No er tendensen i ferd med å breie seg til andre delar av samfunnet.

Publisert: Publisert:

Byråkratisk inflasjon var lenge ein viktig faktor bak kostnadsauken i olje- og gassnæringa. No er tendensen i ferd med å breie seg til andre delar av samfunnet, ikkje minst i skulen og høgare utdanning og forsking. Foto: Colourbox

  • Klaus Mohn
    Professor, Handelshøgskolen ved UiS og NHH
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

I desse dagar er det fire år sidan eg la næringslivet bak meg for eit tilvære som førelesar og forskar på fulltid (ved Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger og NHH i Bergen, etter 16 år i Statoil, dei fire siste åra som sjeføkonom; red.mrk.). På sett og vis tok eg konsekvensen av ein ubøyeleg hang til faget mitt. Fagleg fordjuping føreset tid og rom. For fagfolk er det lite som er mindre inspirerande enn byråkratisering og møteverksemd som tek overhand. Om intensjonane er aldri så gode, så vil responsen frå dedikerte fagfolk på «utanomsportslege» aktivitetar gjerne føre med seg ei svekking av motivasjon, produktivitet og verdiskaping.

Enkelte utviklingstrekk i universitetssektoren kjennest som kald pust i nakken frå ei tid eg trudde eg hadde lagt bak meg.

Prosessar tappar krefter

Spesielt gjeld dette når systema for styring, kontroll og oppfølging kjem i lag med ei trong til omfattande dokumentering av kvar minste ting som rører seg i verksemda. Då kan leiarar og medarbeidarar kjenne at dei blir sausa inn i utmattande prosedyrar for mål-etablering, prestasjonsstyring, resultatrapportering, kravspesifisering, innkjøpshandtering, personalvurdering og endelause prosessar for kontroll, evaluering og oppfølging.

Byråkratisk inflasjon var lenge ein viktig faktor bak kostnadsauken i olje- og gassnæringa. No er tendensen i ferd med å breie seg til andre delar av samfunnet. Offentleg sektor har nemleg ein lei tendens til å ta til seg vanar og uvanar frå organisering og leiing i næringslivet, men gjerne med eit etterslep. I næringslivet leitar ein no febrilsk etter medisin mot denne sjukdommen. På same tid kan mykje tyde på at viruset har funnet vegen inn i offentlege verksemder.

Enkelte utviklingstrekk i universitetssektoren kjennest difor som kald pust i nakken frå ei tid eg trudde eg hadde lagt bak meg. Krava til dokumentasjon og underbygging kan gjerne være velmeinte, men medaljen har ei bakside. Kvar time brukt på slike aktivitetar betyr nemleg ein time mindre til direkte produksjon og verdiskaping. Like fullt ser ein altfor ofte at gevinstane ved byråkratisering gjerne blir skrudd i været, medan ulemper og kostnadar ved dei same tiltaka har lett for å kome i bakgrunnen. Mykje tyder på at fenomenet kan knytast til overflod.

Les også

NHH-professor Jan Ubøe: Målstyring er nedbrytende

Les også

Einar Brandsdal: Norsk organisasjonsforskning er et konkurransefortrinn som må utnyttes

Paradokset er at produktivitetskommisjonen på sett og vis står fram som eit symptom på utfordringa dei er sett til å løyse.

Overflod, sløsing og stagnasjon

I februar i fjor la produktivitetskommisjonen fram sluttrapporten sin. Ressursrikdom blir her trekt fram som ein hemmande faktor for innovasjon og forbetring, og som eit hinder mot effektivitet og gjennomføring i offentleg sektor. Her kan ein i tillegg minne om at forsking tyder på at styresmaktene gjerne vil være meir slepphendte med ekstraordinære inntekter enn dei er med ordinære skatteinntekter.

Offentlege verksemder lir i tillegg under vage mål, uklare prioriteringar og avgrensa handlefridom, om ein skal feste lit til produktivitetskommisjonen. Tydelege mandat og meir lokal styringsrett er mellom råda for å løfte effektiviteten i offentleg sektor. Her finst det og forsking som tyder på at sjølvråderett på arbeidsplassen gir betre motivasjon, produktivitet og prestasjonar.

Paradokset er at produktivitetskommisjonen på sett og vis står fram som eit symptom på utfordringa dei er sett til å løyse. 700 sider offentleg utgreiing i to band, basert på hundrevis av sider med innspel frå privatpersonar og organisasjonar. Korleis ein slik enorm flaum av informasjon skal omsettast til lettbeinte tiltak for betre effektivitet er framleis ei gåte.

Les også

Tom Hetland anmelder sakprosa: Til kamp for fagmakta

Samanlikningar av nytte og ulemper ved dei ulike tiltaka må ein leite lenge etter.

Kultur for kvalitet

Nøyaktig eitt år seinare har me fått ei ny stortingsmelding om kvalitet i høgare utdanning. Det er ikkje lett å få auge på hovudbodskapa frå produktivitetskommisjonen i denne meldinga. Ein gjennomgangstone i framstillinga er kva ein skal gjere meir av og kva ein skal gjere betre. Dei fire hovudtilnærmingane som skal forsterke kvalitetskulturen, lesser på med nye prosessar og reiskap som skal utviklast og byggast. I tillegg kjem lag på lag av reguleringar og prosessar for oppfølging.

Kva dei ulike tiltaka i kvalitetsmeldinga vil medføre av kostnadar og ulemper får me lite innsikt i. Samanlikningar av nytte og ulemper ved dei ulike tiltaka må ein leite lenge etter. Dermed blir det vanskeleg å vite kva som er mest og minst rekningssvarande i vid forstand. Såleis gir stortingsmeldinga om kvalitet i høgare utdanning lite tydelege signal for kva aktivitetar som bør ha særmerkt prioritet, og ikkje minst kva for aktiviteter som bør som bør leggast til side.

I tidlegare tider var vidaregåande skule og høgare utdanning for dei få. I dag har ein lovfesta retten til vidaregåande skule, og meir enn ein tredjepart av årskulla held fram med utdanning ved universitet eller høgskule. Tett oppfølging av store studentmassar har høge kostnader. Som i mange andre samanhengar blir spørsmålet difor ikkje berre kva ein bør gjere for å nå kvalitet av internasjonal toppklasse, men korleis ein skal drive utdanningssystemet mest muleg effektivt gitt eit bestemt kvalitetsmål. Her ligg ei stor produktivitetsutfordring for utdanningssektoren som meldinga om utdanningskvalitet ikkje er nær ved å ta inn over seg.

Les også

Jørg Arne Jørgensen: Me har hatt ti år med målstyrt skule, utan merkbart betre faglege resultat

Kan ikkje offentleg sektor like gjerne starte med ein gong?

Mot trongare tider

Stortingsmelding 16 om studiekvalitet er diverre symptomatisk for utviklinga i offentleg ressursbruk. Liknande historiar kunne vore fortalt om andre sider ved offentleg sektor, som den kraftige framveksten av nye og gamle direktorat, eller organisering og framdrift for kommunereforma.

Det er faktisk ikkje så altfor vanskeleg å sjå korleis dette kjem til å gå. Utviklinga i offentlege utgifter må leggast om, rett og slett fordi ho ikkje kan halde fram. I tida som kjem vil det offentlege nemleg få mindre pengar å rutte med. Aukande oljeinntekter kan ikkje lenger støtte opp under fortsatt vekst i offentleg sektor.  

Når krubba er tom, bitst hestane. Dårlegare råd vil tvinge merksemda mot kostnadsdisiplin og effektivitet, og då vil prioriteringane bli hardare. Resultatet blir vonleg eit omslag til meir lettbeinte løysingar for kvalitetssikring, slik ein no ser i emning i næringslivet.

Kan ikkje offentleg sektor like gjerne starte med ein gong?

Twitter: @Mohnitor

  • Klaus Mohns gjestekommentarar og artiklar om han finn du her
  • Dei siste gjestekommentarane i Aftenbladet finn du her

På tre dager ble 13-åringens innlegg lest av 17.000: «Jeg vil ha leksefri skole og tid til å være menneske»

Publisert:

Les også

  1. Produktivitetskommisjonen varsler skatt på 65 prosent

  2. NHO-Simonsen: Produktivitetskommisjonens budskap er eksplosivt

Mest lest akkurat nå

  1. Ingebrigtsen gjør narr av Warholm-utspill

  2. City Bistro legger ned etter 33 år: - Det er trist, men vi ser ingen annen utvei

  3. Den kommende Røde Kors-presidenten har alltid en plan. Da sønnen fikk skallen splintret på Utøya, hadde hun 27.

  4. Viking-helten fortsatt taus om fremtiden: – Vil ikke tenke på det nå

  5. Familie følte seg forgiftet – hadde spist sønnens hasjbrownies

  6. Bil begynte å brenne under kjøring på fylkesvei 44

  1. Gjestekommentar
  2. Næringsliv
  3. Universitetet i Stavanger (UiS)
  4. Equinor
  5. Olje og gass