Kva ville Trygve Slagsvold Vedum ha sagt?

KOMMENTAR: Ingen ungar kan velja vekk kvardagen sin. Difor er det ein uting å leggja opp til at dei skal gå på same skule i ti år.

Publisert: Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Frå Undheim revyteater si oppsetting av farsen «Boeing, Boeing» i 2014. Dei har halde på sidan 1987. Foto: Geir Sveen

Ein lærer mange gode ting av å veksa opp på ein mindre stad og gå i ein mindre klasse. Ein lærer å leika med, samarbeida med og tilpassa seg dei ein har rundt seg. Å vera saman på tvers av alder og interesser. Finna ut at ein er avhengig av dei andre, også dei ein ikkje har noko særleg til felles med.

Men det finst baksider ved å vera få heile tida. Det er vanskeleg å koma ut av den rolla du anten har blitt tildelt eller sjølv tatt, anten det er som klovn, bråkmakar, sjef, sjenert, flink eller utanfor. Det er ikkje så bra. Og vel kan du nok leika med nesten kven som helst, men det hadde også vore fint å få vera med nokon som gav gjenklang hos deg. Som likna litt, også på innsida.

Det kan vera frigjerande å få skifta miljø etter sju år. Treffa nye folk. Få andre lærarar. Det kan gi eit nytt blikk på deg sjølv. Det kan få andre til å sjå deg med eit nytt blikk. Akkurat i den alderen der du kanskje treng det mest.

Undheim

På Undheim skule i Time kan du gå i ti år. Nå er det berre 38 elevar på ungdomstrinnet, dei neste åra blir det 40–50. På Lye, 10–15 minutts køyretur unna, har dei kapasitet til å ha 180 elevar på ungdomstrinnet, men har for tida berre 84. Og elevtalet der kjem til å gå ned.

Samtidig må politikarane i Time kutta i budsjettet. Kommunen har overkapasitet på barnehagar og skule, difor kjem der kutt der. Eitt av forslaga er å flytta ungdomsskuleelevane frå Undheim over til Lyefjell.

I rådhuset på Bryne meiner rådmann Trygve Apeland at det vil vera bra både for dei på Lyefjell og dei på Undheim å få eit større ungdomsmiljø. I tillegg meiner kommunen at dei kan spara rundt ein million på dette. Det siste synest mildt sagt litt uklart. Dei må bussa elevane frå Undheim. Og omlandet til Undheim er vidt, alt nå bruker nokre av dei lang tid og lange omvegar for å koma seg til Undheim sentrum. Lærarar skal heller ikkje mista jobben. Det kan ikkje bli rare millionen spart av dette.

Det er kanskje ikkje så langt frå Undheim til Lyefjell. Men det synest på alle måtar å vera langt frå Undheim til rådhuset på Bryne.

Sjølvbygd kvardagsliv

På Undheim byggjer dei seg gode kvardagar. Den første idrettshallen stod klar i 2009. 360 dugnadsarbeidarar fordelt på 11 lag hadde lagt ned 10.000 arbeidstimar. Eigentleg skulle den kome før, dei hadde sett ned ei hallnemnd til å organisera dette alt i 1997. Men sommaren 1998 brann kyrkja deira, Undheim kapell. Dugnadskreftene måtte rettast mot å reisa ny kyrkje i staden. Den stod klar i 2001, til ein totalsum på 17 millionar. Folk i bygda, dei er rundt 1200 til saman, samla inn 3,5 millionar. Dugnadsinnsatsen stod til 3 millionar.

Og før alt dette, midt på 1980-talet, stod det gamle meieriet ferdig ombygd til samfunnshus. Det ligg berre eit steinkast frå kapellet. Noko som først fall dei, i eigne auge, mest rett-truande svært tungt for brystet. Men det gjekk seg til. Også i samfunnshuset ligg det tusenvis av dugnadstimar i veggene. Og i lufta. Serveringa der går enno på dugnad. Det held å vera 11 år for å få bli med på den. Revylivet på huset går det gjetord om – på tvers av generasjonar, oppbygd ved eigen innsats gjennom mange år.

Denne helga opnar bygda like godt ny fotballhall. Dei har ikkje akkurat stått med armane langs sida og venta på at andre skulle få den på plass for dei, heller.

Når ein brettar opp ermene og tar tak sjølv, kan ein bli ganske oppgitt når kommunen bestemmer at det er akkurat di bygd som skal spara kommunen, – og dei for ein veldig liten og usikker million. Eg trur ikkje det hjelper når rådmann Trygve Apeland også fortel at dette eigentleg er til deira eige beste.

Nei, det er ikkje langt å køyra frå Undheim til Lyefjell. Men mange som høyrer til Undheim, har alt køyrt langt for å koma seg dit. Dei syns det får halda. Og når busstilbodet skal ut på anbod, er ein redd det blir om å gjera at heller ikkje det blir for dyrt. Det borgar for lange omvegar for nokre av elevane.

Det handlar om meir

Fleirtalspolitikarane som nå sit med budsjettarbeidet, er frå Høgre, KrF, Frp og Venstre. På Undheim stemte over 50 prosent Senterpartiet i haust. Senterpartiet hadde, som SV og Rødt, programfesta at ungdomstrinnet på Undheim skulle haldast oppe. Og på eit folkemøte nyleg stemte 140 av 155 for å behalda ungdomsskulen i bygda. Kommunen blir med rette kritisert for ikkje å ha grunngitt godt nok kvifor dei vil gjera dette.

Så handlar det sjølvsagt om meir enn ungdomsskuleelevane. Det handlar om uro for ei vidare sentralisering. At resten av skulen ryk i neste omgang. At å sentralisera heile tida blir svaret når pengar må kuttast. At godt og sjølvbygd kvardagsliv ikkje tel som verdi for dei som styrer. At avstanden til rådhuset gjer at ein blir sett på som utgiftspost.

Eg trur ikkje 1–10-skular er så lurt. Ikkje for nokon. Eg trur ikkje det er den beste måten å byggja gode kvardagsliv for unge tenåringar på. Men at folk på Undheim ikkje vil bli servert rekninga for det dei ser som overforbruk i kommunen, toppa med ei lita helsing om at dette er til deira eige beste, – det er det ikkje vanskeleg å forstå.

Les også

Denne tyske familien kjemper nå for verdiene til en bygd på Jæren

Les også

Er det rett at Undheim må ta regninga for overforbruket på Bryne?

Les også

Det nye vannspeilet på Bryne

Publisert: