Arbeid til alle

DEBATT: Koronakrisa har ramma Noreg, også økonomisk. Vi har no over 400.000 arbeidslause. Tenk korleis det då kan gå i ein svakare økonomi utan eit oljefond.

Publisert: Publisert:

«FNs utviklingsprogram, UNDP, rapporterte rett før påske at eit omfattande koronautbrot i Afrika ville koste over 220 milliardar dollar – og at det kan utradere halvparten av arbeidsplassane på kontinentet. Halvparten», skriv Bård Vegar Solhjell. Foto: Shutterstock

  • Bård Vegar Solhjell
    Direktør i Norad

Marsipanen smakar ikkje berre søtt denne påska. Alt er liksom annleis. Vi anar ikkje kva vi går i møte.

Vi veit ikkje med kva for styrke covid-19 vil treffe verda. Han er den store ukjende X. Om pandemien får feste i sårbare land med svakt helsevesen, kan vi stå overfor ein katastrofe av dimensjonar. Ikkje berre for liv og helse, men ein fullstendig sosial og økonomisk kollaps.

Stor vekst i folketalet

FNs utviklingsprogram, UNDP, rapporterte rett før påske at eit omfattande koronautbrot i Afrika ville koste over 220 milliardar dollar – og at det kan utradere halvparten av arbeidsplassane på kontinentet. Halvparten. Og Afrika har ikkje nok arbeidsplassar i utgangspunktet. Redusert barnedødelegheit og betre helse har ført til auka levealder og stor vekst i folketalet. Og mangel på arbeidsplassar. Det blokkerer for økonomisk utvikling, og fratar folk moglegheiter.

For veldig mange menneske er arbeid ein improvisasjon frå dag til dag.

For eksempel er vindaugsvask på raudt lys eit uttrykk for ein fortvila kamp for å skaffe seg eit slags utkome. Dette er eit vanleg syn i trafikken i afrikanske storbyar. Langs dei fleste vegar sit det menneske som sel nokre tomatar eller ein bunt med løk. Andre vonar å få selt plastleikar mellom bilane på parkeringsplassar.

Nesten ein femtedel av verdas arbeidsstyrke, det vil seie 630 millionar menneske, lever i såkalla arbeidsfattigdom. Det betyr at dei må leve for under 30 kroner dagen. Ikkje fullt så mange, i underkant av ein halv milliard, er heilt arbeidsledige. Dette kom fram i Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) sin årlege rapport, World Employment and Social Outlook, som kom i januar i år. Det var før Covid19.

Vi får ikkje sving på vår økonomi med mindre verdsøkonomien også går betre. Vi er blitt så avhengig av kvarandre på denne planeten.
Les også

Han har kjempet mot epidemier, mistet kone og datter, sett mennesker gå i oppløsning av ebola. Så kom korona

Les også

Milliarder kan ikke vaske hendene i rent vann

Kvar dag vert ein kamp

Eg har vore så heldig at eg har vore i arbeid heilt sidan det vart aktuelt. Arbeidet har vore givande, og også gitt ei trygg ramme. Den ramma er heilt fråverande for arbeidsledige i land utan sosialt sikkerheitsnett. Kvar dag vert ein kamp.

No når eg arbeider heimanfrå, har det vorte enda tydelegare kor viktig det er med tilknyting til ein arbeidsplass.

Særs ille er det at mange unge menneske manglar tilknyting til arbeidslivet. 267 millionar unge i alderen 15 til 24 år er verken i arbeid, utdanning eller anna form for praksis. Alle som har reist i fattigare land har sett det: grupper av unge menn i arbeidsfør alder som heng på eit gatehjørne.

Dette er også ei kjelde til sosial uro. Frekvensen av demonstrasjonar og gatekampar som kjem av frustrasjon og utolmod har auka kraftig i tiåret frå 2009 til 2019, ifølgje ILO. Ei anna utvikling som gir grunn til uro er at det stadig vert meir lausarbeid. Tilfeldige oppdrag, kortvarige kontraktar og vikariat aukar. Noko er naturleg. Det trengst meir folk i dei vekene jordbæra er modne. Men midlertidig lausarbeid har breia seg langt utover sesong og hausting. I ILOs rapport går det fram at over 60 prosent av den globale arbeidsstyrken er i uformell sektor, noko som betyr låge og usikre lønningar og manglande rettar.

Vinninga går opp i spinninga

Kva skal ein så gjere? Å skape jobbar for millionar av menneske er ikkje lett. Og det er ikkje sikkert velkjende oppskrifter verkar. Det er til dømes ikkje gitt at fabrikkarbeid er løysinga. I Etiopia har dei satsa tungt på å byggje fabrikkar som krev mykje arbeidskraft. Dei har store industriparkar for produksjon av klede, sko og tekstil. Eit stort gode for mange. Heilt bevisst har dei sørgja for at kvinner skulle få ta del i industrialiseringa. Ein rapport frå Christian Michelsen Institutt (CMI) i Bergen viser at mange etiopiske kvinner ikkje synest at livet vart betre med ein fabrikkjobb. Dette kjem først og fremst av at kvinner tener ein tredel av menn. Dessutan er arbeidet monotont, transporten til og frå krevjande og heime ventar husarbeidet. Vinninga går rett og slett opp i spinninga.

Det som like fullt er sikkert, er at investeringar og auka økonomisk aktivitet kan bidra til jobbar. Nett som det fjernar jobbar når økonomien stoppar opp, slik den gjer over store delar av verda no.

Ein økonomisk kollaps i Afrika er ikkje i vår interesse. I ei verd der alle er avhengige av kvarandre, er ustabilitet og desperasjon aldri eit gode. Vi får ikkje sving på vår økonomi med mindre verdsøkonomien også går betre. Vi er blitt så avhengig av kvarandre på denne planeten.

Vårt svar på viruskrisa her i landet er basert på to tiltak: innsats for å avgrense helseutfordringane og innsats for å halde økonomien i gang og for å få hjula i sving raskast mogleg etter krisa. Afrika treng hjelp på begge felt.

Støttar ungt entreprenørskap

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har allereie omprioritert midlar til smittevernutstyr og til å utvikle ei vaksine. I neste omgang kjem norsk bistand inn for å bidra til å få økonomiar i gang igjen. Dette kan gjerast ved å tilføre pengar til kreditt og ved å dempe risiko ved investeringar. Men det kan også gjerast på meir utradisjonelle måtar.

Norad støttar ungt entreprenørskap i fleire afrikanske land. Det er ofte ungdom som står bak start-up-initiativa, og dei manglar gjerne både pengar og støtte. Det kan bli nokre av dei nye arbeidsplassane somt trengst på kontinentet. For arbeid må til, – om verda skal kome seg på beina igjen.

Publisert:

Les også

  1. – Familier kommer til å kollapse

  2. Fakta skal ha makta i bistanden!

  3. Stadig flere overlever kreft og blir helt friske

  1. Debatt
  2. Afrika
  3. Arbeidsliv
  4. Entreprenørskap