Kulturpolitisk kryssfot på seg sjølv

KOMMENTAR: 2 millionar friske kroner til det frie kulturfeltet kunne vore ei gladsak. Men den sjansen rota fleirtalspolitikarane i Stavanger bort då dei først lova ein hjelpepakke til kulturlivet på 30 millionar kroner.

Publisert: Publisert:

Onsdag vedtok fleirtalspartia i Stavanger i kulturstyret å løyva 2 millionar friske kroner til det frie kulturfeltet. Her er kultursjef Arnfinn Bjerkestrand (til venstre), Bjarne Kvadsheim (Sp), Ine Haver (Ap), Ingeborg Sanner (Rødt) og Inger Louise Grude (Ap). Foto: Pål Christensen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Ein av dei største tabbane arrangørane av Stavanger 2008 i ettertid meiner dei gjorde, var at dei i forkant inviterte regionens kunstnarar til å koma med idear til kulturhovudstadsåret. Kvifor var det ein tabbe? Fordi den opne invitasjonen førte til enorme forventningar i det lokale kulturlivet – forventningar som for dei aller fleste ikkje blei innfridde, sidan dei fekk avslag.

Les også

Ingen enkel veg til kulturhovudstadssuksess

Sjølv om Stavanger 2008 sidan gjennomførte norgeshistorias største kulturarrangement, følte store delar av det lokale kulturlivet at dei ikkje var inkluderte. Det som kunne vore ei gladsak, blei eit ømt punkt. Det var den opne invitasjonens skuld.

Nybegynnarfeil

Det skal bli interessant å sjå kva dagens politiske posisjon i Stavanger kommune i ettertid reknar som sin største kulturpolitiske tabbe. Eg har sidan før jul halde handteringa av deira første kulturbudsjett som ein favoritt. Samanlikna med kommunedirektørens forslag, foreslo dei raudgrøne før jul å kutta kulturbudsjettet med nesten fem millionar kroner. Sjølvsagt blei det bråk. Og sjølv om posisjonen til slutt snudde, kom dei skadeskotne ut av saka – framfor alt på grunn av si eiga, dårlege politiske handtering.

Les også

Blåmåndag for raude kulturfolk

Etter det fleirtalspartia sjølv presenterte som ein hjelpepakke på 30 millionar kroner til Stavangers kulturliv gjennom prosjektet «Barnas sommer», har eg kome i tvil. Var dette ein endå større kulturpolitisk tabbe?

Friske kulturpengar

Onsdag vedtok fleirtalet i kommunens kulturstyre å løyva 2 friske millionar kroner, øyremerka det frie kulturfeltet. Det frie feltet er den evige taparen i det stavangerske kulturlivet. Berre 8 prosent av kulturavdelingas budsjett på 185 millionar kroner går til det frie feltet, mens brorparten av pengane går til institusjonar som Sølvberget, Rogaland Teater og Stavanger Symfoniorkester.

To millionar ekstra til eit felt som hadde 14,7 millionar i totalbudsjett frå før av er ein auke på 13,6 prosent. Det kan bli 40 stipend á 50.000 kroner.

Dette kunne fort blitt ei gladsak. Problemet er berre at fleirtalspolitikarane 19. mai skreiv i Aftenbladet at dei hadde 30 millionar kroner tilgjengeleg å bruka. Dette beløpet blei sidan redusert til 10 millionar, og så sju millionar då pengane faktisk blei fordelte. Berre 1,2 av desse millionane gjekk til kulturtiltak, og under halvparten av desse pengane gjekk til det profesjonelle kulturlivet.

Les også

Kulturens koronaklemme

Høgare forventningar

Politikaranes problem er dermed at sjølv om dei har løyva tre millionar kroner i friske midlar til Stavangers kulturliv den siste veka, utgjer dette berre ti prosent av det som var lovnaden, forventninga og den tilgjengelege potten. Her ligg den kulturpolitiske blunderen. Forventningane er ikkje innfridde. Då blir det heller ingen jubel eller scoring av kulturpolitiske poeng utanfor eigne rekker.

Og i den kulturpolitiske debatten som sjølvsagt oppstod som ein følgje av fleirtalspolitikaranes handtering av saka, har det kome fram at samanliknbare Bergen kommune både var raskare ute og langt rausare. Bergen vedtok allereie i april ei hjelpepakke til byens kulturliv på 40 millionar kroner. Teke frå den same typen disposisjonsfond som Stavanger nå hentar sine 2 kulturmillionar frå. 2,2 promille av ein pott på 900 millionar kroner.

Som styreleiar Ingeborg Kvame i Bildende kunstneres forening i Rogaland kommenterte til Aftenbladet:

– Flertallspolitikerne var jo villige til å gi 30 millioner til Barnas sommer, i et sånt perspektiv er 2 millioner ingenting.

Posisjon og opposisjon

Sjølvsagt har det gått politikk i saka. Opposisjonspartiet Høgre, som meinte 30 millionar til «Barnas sommer» var altfor mykje og ville redusera beløpet til 5 millionar, foreslo på kulturstyremøtet onsdag å auka hjelpepakken til kulturlivet frå 2 til 10 millionar kroner. Dei hadde neppe forhåpningar om å få noko fleirtal bak forslaget, men framstår slik meir «kulturvennlege» enn posisjonen.

Posisjonspartia, særleg representert ved Rødts Ingeborg Sanner, sa seg einig i at pakken sannsynlegvis ikkje er stor nok til å løysa problema, men held døra open for å koma tilbake med meir pengar til hausten.

Samtidig skuldar posisjonspartiet Ap, ved Dag Mossige, på regjeringa, der Høgre og Venstre jo sit i posisjon, og hevdar at hjelpepakkane derifrå er altfor puslete. Han meiner det eigentlege problemet er at Stavanger får for lite av dei statlege kulturpengane. Som jo er å prøva å delegera ansvar og problemet ut av bystyresalen i Stavanger og til regjeringskontora i Oslo – og Høgre.

Det interessante ved å lytta til politikarane i kulturstyret, der alle utanom Bjarne Kvadsheim (Sp) er ferske, er at dei for så vidt seier mange av dei rette orda når dei skildrar koronakrisen i kulturlivet og behovet for tiltak. Der det sviktar, er når orda skal omsetjast til praktisk politikk, konkrete tiltak og økonomiske løyvingar. Der har byens politiske posisjon framleis eit godt stykke å gå.

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. – Kva må til for at eg skal bli ein varm Trump-tilhengar?

  2. Viking må bytta navn!

  3. Kva er denne gjengen sin største kulturpolitiske tabbe?

  4. – Koronakrisen har vist at kulturpolitikarane ikkje skjønnar seg på kulturfeltet

  5. – Abid Raja: Det er ikkje frisyren din som er det vesentlege no, men kulturpolitikken

  6. "Skal me ha eit levande mediemangfald også etter korona, må folk rett og slett abonnera"

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kulturpolitikk
  3. Kultur
  4. Stavanger kommune
  5. Kommentar