Kva om det var din son som valdtok?

GJESTEKOMMENTAR: Ei ny, sterk bok om valdtekt har igjen fått meg til å grunna på spørsmålet me ikkje stiller.

Publisert: Publisert:
Øyvind Strømmen
Forfattar og journalist

Kva om det var dotter di som vart valdteken? Eller snu på det: Kva om det var din som gjorde det? Kva då? Foto: NTB Scanpix

Eg har brukt dei siste dagane på å lesa Heidi Helene Sveen si ferske bok «Det var ikkje voldtekt» – ti menn forsvarer seg i retten.

Det er ei vond bok. Sveen skriv inngåande om åtte konkrete rettssaker, alle i lagmannsretten. I avsluttinga spør ho sjølv kva rett ho har til å utlevera andre sine private historier. Ho kjem til at samfunnsnytta av ei slik bok veg tyngre enn omsynet til ei eventuell belastning for alle dei involverte. Ei enkel etisk vurdering var det nok ikkje: Sveen har sjølvsagt anonymisert personane det gjeld, og gjort nokre omskrivingar for å unngå indirekte identifisering. Nokre vil uansett kjenna sakene att.

Valdtektsmytar

Det er uansett ei viktig bok, ikkje grunna sakene i seg sjølv, men fordi ho kan tena til å belysa kor ulike valdtektssaker er, og også til å starta ein viktig debatt om voldtektsmyter, feilaktige førestillingar om kva valdtekt er.

Slike mytar finst det mange av. Dei kan handla til dømes handla om kva valdtekt er, kven som vert utsett for dei og kva dei kjem av. Nokre gongar legg dei skuld på offeret, som gjerne vert sagt å handla uansvarleg. Nokre gongar minimerer dei overgriparen si skuld. Nokre gongar handlar dei om korleis valdtektsmenn er. I løpet av gjennomgangar av åtte til dels svært ulike saker støyter Sveen definitivt på dei alle, gjerne presentert av forsvarsadvokatar.

Sveen har oppsøkt rettssalar, og gjev oss eit bilete som er grundigare og meir samansett enn dag-til-dag-nyheitsdekninga om valdtekt kan gje oss, sjølv om ho understrekar at sjølve utvalet hennar både er skeivt og tilfeldig.

Kven er valdtektsmannen?

Sjølv har eg ikkje oppsøkt rettssalar. Etter at eg i 2017 las Monica Flatabø si gripande dokumentarbok «En sånn jente», endå ei vond bok å lesa, brukte eg likevel ein heil del tid på lesa gjennom fleire titals valdtektsdommar. Spørsmålet som gnaga meg i forkant: Kven er valdtektsforbrytarane? Kva er det som driv dei?

Tanken var å skriva noko meir djuptgåande om det som journalist. Det var eit prosjekt eg la frå meg. Det vart for ubehageleg og for vanskeleg å skriva om. Dessutan var svara ikkje lett å gripa, verken i summen av dommar eller i forskingslitteraturen.

Kven er valdtektsmannen (eg har lese to saker der det var kvinner som stod tiltalt, av fleire dusin)? «Virkelige overgripere er sjelden som på film», skriv Sveen ein stad. I filmar vert dei rett som det er framstilt som – for å låna hennar ord igjen – «psykopatiske avvikere drevet av en ustyrlig aggresjon», medan handlingane i røyndomen «ofte er preget av opportunisme». Jau då, eg har lese dommar som har fått meg til å tenkja på filmstereotypien. Men det er dei andre som er i fleirtal. I stort fleirtal. Akkurat som festvaldtekter – ofte i form av sovevaldtekt – er i klart fleirtal, samanlikna med det som for ofte får vera bilete på den typiske eller den «eigentlege» valdtekta: overfallsvaldtekt.

Kva driv gjerningsmannen? Sveen er inne på nokre faktorar ein stad i si bok: at overgriparar ofte kan bera på eit sinne mot kvinner, at dei kan ha eit behov for å dominera og kontrollera, at dei kan vera utrygge på sin eigen maskulinitet og seksualitet, at dei manglar evne eller vilje til å ta ansvar for handlingane sine, og at dei manglar innsikt i si eiga åtferd. Og – som ho skriv i ein fotnote: «I en kultur der voldtektsmyter står sterkt, vil både forekomsten av seksuell vold og belastningen for ofrene være større.»

Klasseperspektiv og ruskultur

Etter å ha lese mange dommar har eg sjølv sete att med tre konkrete, men ufullstendige tankar. Den fyrste: at eit klasseperspektiv har noko for seg. Nokre er meir sårbare for opportunistiske ugjerningsmenn enn andre. I ein heil del saker dukkar det som kan omtalast som den norske underklassen opp, ein røyndom som gjerne blir eit slags skuggeland for norske journalistar og norske politikarar, dei fleste av oss trygt plassert i den store, norske middelklassen. Biletet er sjølvsagt langt frå einskapleg, og langt frå ukomplisert.

Det andre er at rusmiddel spelar ei rolle. Eg har lese ein del mediesaker som dreier seg om at mange valdtektsoffer var påverka av alkohol eller andre rusmiddel når dei vart utsette for overgrep. Om grenselaus partykultur. Om grenselaus ungdomskultur. Sjølv finn eg det meir interessant å sjå kor mange av gjerningsmennene som var ruspåverka. Kor ofte det er ein del av biletet når dei – nettopp – manglar innsikt i si eiga åtferd. Og det handlar på ingen måte berre om «utagerande» eller «grenselaus» ungdomskultur.

Eit anna spørsmål

Båe desse tankane vart liggjande i ei skrivebordsskuff, eller – rettare sagt – i ei mappe på datamaskina. Dei er framleis langt frå ferdigtenkte. Dei kan og bør sikkert problematiserast.

Ein tredje tanke dukka også opp, og her må eg venda attende til ei av sakene Sveen skriv om i si bok, der ein ung gut vart dømd for å ha pressa ei ung jente til å utføra seksuelle handlingar. Vanlege ungdomar.

Den tanken er at me ofte stiller feil spørsmål: «Kva om det var di dotter som vart utsett for dette?» Ein ting er at spørsmålet overser dei mannlege ofra. Ein annan at eit meir ubehageleg spørsmål ligg gøymd der: «Kva om det var son din som gjorde seg til gjerningsmann?» Kva ville du ha tenkt då? Kva ville du sjølv ha angra?

Les også

Ståle Økland: «Selvforsvar bør inn i skolen»

Les også

100 kameraer skal forebygge overfall i rekordlang sykkeltunnel

Les også

Frifunnet for voldtekt etter et to år langt mareritt

Les også

«Mari» anmeldte voldtekten for sent. – Et velkjent fenomen, sier bistandsadvokat

Les også

Magasin: Alabamas abortforbud minner om «Handmaid’s Tale»

Publisert: