Lyskastarparadokset

GJESTEKOMMENTAR: Det er mogleg at troll sprekk i sola, men det betyr ikkje at dei ikkje trivst med scenelyset.

Publisert: Publisert:

Sian-leiar Lars Thorsen er blant dei få i landet som er dømde etter rasismeparagrafen i straffelova. Her i Oslo tingrett hausten 2019. Foto: Ole Berg-Rusten, NTB Scanpix

  • Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist

Før helga deltok Lars Thorsen frå organisasjonen Stopp Islamiseringen av Norge (Sian) i ei utgåve av NRK-programmet Debatten. NRK-redaktør Knut Magnus Berge skriv i Aftenposten at Thorsen vart invitert fordi det «ville vore paradoksalt å diskutera ytringsfridomens yttergrenser, med Sian som døme, utan at dei var med».

Ei av ytringsfridomen sine faktiske yttergrenser er paragraf 185 i straffelova, den som gjerne vert kalla rasismeparagrafen. Det skal ganske mykje til for å verta dømd etter denne paragrafen, men Thorsen er ein av ganske få som har klart det. Det skjedde på grunnlag av ein brosjyre der det vart hevda at «gode muslimer er en svøpe for sine omgivelser hvor enn de er», og fordi det var teke til orde for at «mennesker som bekjenner seg til Muhammeds ideologi og som arbeider for å innføre islams ondskap her», må deporterast, eller internerast på livstid.

I Debatten fekk med det konkretisert. På spørsmål frå programleiar Fredrik Solvang kom namna på konkrete nordmenn Thorsen vil ha deportert, blant dei Lena Larsen og Shoaib Sultan.

NRK-redaktør Berge skriv at spørsmålet var relevant og effektivt for å avdekkja kor ytterleggåande Sian faktisk er. Han har rett i det.

Men sanninga er jo at deportasjonsfantasiar alltid handlar om konkrete menneske, sjølv om det ikkje alltid vert pakka ut. Og sanninga er at det ikkje hadde vore naudsynt å gje ein mikrofon i landets kanskje viktigaste debattprogram for å få fram kor ytterleggåande Sian er. Ikkje opplyser det oss noko vidare om ytringsfridomen sine grenser, heller.

Grensene

Den fellande dommen mot Thorsen frå Oslo tingrett, som sidan har blitt stadfesta, kan kanskje synleggjera det vel så godt. Også fordi den viser kva han ikkje vart dømd for. Påtalemyndigheitene meinte nemleg at også fråsegner i ein annan brosjyre, kalla «Islam – en forbrytelse mot menneskeheten», var i strid med lova.

I denne heiter det blant anna at «import av import av seksualpredatorer og morderzombier» er ein del av eit folkemord mot «oss som gruppe». Islam vert omtalt som «et parasittisk uhyre som næres på ikkemuslimenes blod og eiendom». I tingrettsdommen heiter det at desse ytringane er absurde, og at det er utfordrande å tolka dei.

Eg veit ikkje kor samd eg er. Folkemordpåstanden liknar ganske mykje på ein konspirasjonsteori som har slått an på ytste høgrekant: om innvandringa som ledd i ei stor folkeutveksling. Framstillinga av muslimar som mordarzombiar er dehumaniserande retorikk. Parasittreferansen har djup klangbotn i europeisk høgreekstremisme si historie. Ein kan seia mykje om dette, men det er ikkje islamkritikk. Like fullt: Ifølgje Oslo tingrett er det heller ikkje brot på den norske rasismeparagrafen.

Les også

Erna Solberg etter Sians krenkefest: Ytringsfriheten har en kostnad

Frå Sian-aksjonen utanfor Stortinget 29. august. Nestleiar Fanny Bråten riv sider ut av Koranen, medan leiar Lars Thorsen (t.h.) filmar. I bakgrunnen grunnleggaren av Sian, Arne Tumyr. Foto: Geir Olsen, NTB scanpix

Scenelyset

Sian er inga stor rørsle. Dei har rett nok ein del følgjarar i sosiale medium, men i demonstrasjonane deira dukkar det som regel opp berre ein liten handfull menneske. I ei offentleg Facebook-melding publisert etter at NRK fekk bøtter og spann av kritikk for å ha sloppe Thorsen til, skriv programleiar Solvang at han meiner Debatten var i ein tvangssituasjon.

I vekevis, peiker han på, har andre medium dekka demonstrasjonane, og brakt intervju med Thorsen. Samanlagt har det skapt så mange overskrifter og så mykje merksemd at Debatten måtte ha hatt ein særskild grunn til å unngå temaet.

Og sjølvsagt har Solvang eit poeng: Valdelege motdemonstrantar har lukkast i å gje den vesle gjengen i Sian den merksemda dei så lenge har lengta etter. Desse motdemonstrantane har også lukkast i å få debatten om Sian til å verta ein ytringsfridomsdebatt.

Døma over synleggjer likevel at det finst eit stort rom mellom ytringsfridomen sine grenser, som heldigvis er vanskeleg å trakka over, og anstendigheita sine grenser. Tingrettsdomen til trass er det stort sett i dette rommet ein stad at Sian agerer. Det er dei ikkje åleine om blant ytterleggåande grupper. Det gjeld å dansa på kanten av ytringsfridomen, så og seia.

Men her er det også eit av dei journalistiske paradoksa i møtet med det ytterleggåande ligg, eit paradoks me kan kalla lyskastarparadokset. På den eine sida: Det nemnde rommet er ofte mørkt, og det er media si oppgåve å kasta lys inn i det. På den andre sida: Det lyset kan også fungera som eit scenelys. I skinet av det kan det ytterleggåande verta banalisert og redusert til ei slags underhaldning, eit debattfesjå på tv ein torsdag kveld. Eller det kan bli nett den merksemda ytterleggåande krefter søkjer, slik ekstremislamisten Ubaydullah Hussain fekk i eit langt tv-intervju med VG i 2014, eller slik representantar for nynazistorganisasjonen Den Norske Motstandsbevegelsen fekk i det som likna mest på ein heime-hos-reportasje i Dagbladet i 2012.

Og spørsmålet eg sit att med til slutt er: Ville det eigentleg vore så paradoksalt å ha ein diskusjon om ytringsfridomen sine grenser, utan å ha med Sian? Eller er kanskje lyskastarparadokset større?

Les også

Podkast: Skal vi møte SIAN med balltre, debatt eller bare ignorere dem?

Les også

Drøset: «Jeg vurderer å melde meg inn i SIAN»

Publisert:

Les også

  1. Kraftige sammenstøt under Sian-demonstrasjon i Bergen

  2. – Vi ville stoppe Sian-leiaren. Men det gjekk altfor langt

  3. Anspent under Sian-markering i Oslo

  4. Sian-profil angrepet etter å ha skjendet koranen – 29 demonstranter i arresten

  • Drøset: «Jeg vurderer å melde meg inn i Sian»

Mest lest akkurat nå

  1. Warholm reagerer på at Ingebrigtsen fikk kongepokalen: – Jeg vil ha en begrunnelse

  2. Viking i ledelse etter straffescoring

  3. Bilbrann på fylksvei 44

  4. Webradio: Vi gir deg Viking-Aalesund

  5. City Bistro legger ned etter 33 år: - Det er trist, men vi ser ingen annen utvei

  6. Familie følte seg forgiftet – hadde spist sønnens hasjbrownies