Gjekk frigjeringa for langt for fort?

GJESTEKOMMENTAR: 50 år etter den mytiske «Summer of Love» tar vi opp att mange av kampane som syntest vunne.

Publisert: Publisert:

Blomar i håret: For 50 år sidan var Monterey-festivalen i California i sjølve hjarta av "Summer of love". Årets jubileumsfestival henta heim både gjestar og artistar frå 50 år tilbake. Kva har skjedd på desse ti-åra? Foto: Eric Risberg / TT / NTB Scanpix

  • Jørg Arne Jørgensen
    Lektor og religionshistoriker
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Sommaren 1967. Ein nyskapande, opprørsk kreativitet bobla og syda. Hippiar strøymde til San Fransisco, London var ”swinging” som aldri før. Folk skjønte at noko var i full gang. Sjølve ”Summer of Love” var nok ein medieskapt hype, men det står fast at noko stort skjedde i andre halvdel av sekstitalet. Ein kulturell tsunami sveipa over den vestlege verda med store ringverknader heilt til i dag.

Les også

Jørg Arne Jørgensen: Transhumanismens evangelium

Les også

Menneskeverd utan grunnlag

Les også

Vitenskap og verdensbilder

Kulminasjonen skjer mot slutten av tiåret, med fleire symbollada hendingar. Stonewall-opprøret, då hundrevis av homofile og transar gjekk til fysisk motvald mot politiet, markerer starten på den moderne frigjeringa av homofile og transpersonar.

Nokre veker seinare kulminerte romkappløpet og mennesket sette sin fot på månen – manneættas mest symboltunge bragd nokosinne. Og som ei underleg poetisk spegling – på same tid utforska ein heil generasjon det like uendelege indre rommet med psykedeliske stoff.

Foto: Arild Jakobsen

Sist, men ikkje minst Woodstock-festivalen, berre veker etter månelandinga, der Jimi Hendrix spelte for ein halv million unge menneske, som ein moderne, elektrisk sjaman, besett av massanes draumar, som han serverte tusenfaldig attende. Han personifiserte på sublimt vis den uhemma, nyskapande fridommen folk søkte.

Frigjeringa av driftslivet

Det byrja som eit genuint og truleg sunt opprør mot eit kvelande og konformt samfunn. Det var noko freudiansk over det, ei frigjering av det instinktive driftslivet (id) som alt for lenge hadde vore oppdemma av ei samfunnsindusert skamkjensle (superego). Undertrykte impulsar skulle sleppast laus, ein måtte letta på trykket, få frisk luft inn i ein innestengt kultur. Fri seksualitet, rus og ein generelt grensesprengande livsstil blei sett på som positivt og frigjerande.

Men dette er ideal som til andre tider berre har vore for ein slags avantgarde i samfunnet. Det er ikkje gitt at dei fungerer like bra som rettesnor for massane. For eksempel tala mange musikarar og andre opinionsleiarar varmt om narkotika som frigjerande og stimulerande for indre vekst, men når det blei spreidd til breie lag, fekk me mange personlege tragediar i kjølvatnet.

Kanskje er det ikkje heilt ulikt med seksualiteten, det kan vera gode grunnar til at det fleste samfunn har sett strenge rammer rundt han. Tala viser jo ei sterk auke i talet på skilsmisser i kjølvatnet av den seksuelle revolusjonen på sekstitalet, og det er jo ikkje nødvendigvis ein god ting. Både porno- og narkotikaindustrien er no blant verdas største.

Sjølvrealisering

Individet sin rett – og plikt – til å realisera seg sjølv på alle plan, karrieremessig, materielt, seksuelt, emosjonelt og åndeleg, er nært knytt til dette. Det er eit paradoks at den høgaste fellesverdien i samfunnet er individualistisk. Fellesskapet er nærmast redusert til kulisse for eiga sjølvrealisering.

Pliktkjensla overfor fellesskapet, ein kjerneverdi i det gamle arbeidarsamfunnet, er nesten borte. I staden er arbeidslivet blitt ein arena for sjølvrealisering og jakt etter status. Denne frittflytande konkurransen er dømt til å skapa taparar og utanforskap, og svekker samfunnsbanda på mange måtar.

Store endringar

I realiteten har det skjedd store verdimessige og kulturelle omveltingar berre i løpet av ein generasjon eller to. Også på område som i dei fleste samfunn er dei mest tradisjonsbundne, som familie, kjønn og seksualitet. Kvinner har fått auka rettar og deltek langt meir i samfunnslivet. Seksuell utlevelse utanfor ekteskapets rammer blir rekna som ein sjølvskriven del av det gode liv. Homofili er gått frå å vera kriminelt og ein psykiatrisk diagnose til å bli anerkjent som likeverdig, og likekjønna par kan få barn med samfunnets assistanse. Kjønn er lausrive frå biologi, transpersonar kan frå 2016 skifta juridisk kjønn med eit pennestrok, utan kjønnsoperasjon. Det er brei semje om at dette er viktige skritt i retning av eit meir tolerant og inkluderande samfunn, men på den andre sida er det mange som ser dette som risikabel normoppløysing.

På toppen av dette har me fått raske demografiske endringar i kjølvatnet av innvandring, og den økonomiske globaliseringa har bidrege til verre kår for den tradisjonelle arbeidarklassen. Mange ser desse endringane under eitt, noko som er drive fram av ein slags kulturell elite med røter i dei liberale motkulturelle verdiane frå sekstitalet. At slike store kulturelle og samfunnsmessige omveltingar blir møtt med motkrefter (antitese) synest å vera ein allmenn regel.

Harmonisering

Resultatet er den polariseringa me ser i dag. I slike tider er det prekært med ei harmonisering. Ein del opplever at me har gått for langt for fort, og "dei" har like rett som "oss" i utgangspunktet, for tradisjonar og nyskaping er likeverdige prinsipp. Nyskapning er ikkje ”betre” enn tradisjonar. Dei er like nødvendige, og må haldast i kreativ balanse.

Det er mykje galt i den ytre høgresida og blant kommentarfeltmonstra. Men eg trur at ein del av grumset er perverterte uttrykk for det som djupast sett er legitime standpunkt. Det er essensielt at me klarer å anerkjenna andre verdisett, andre måtar å være i verda på. Psykologen Jung seier at det viktigaste for eit menneske er å vera heil, å greia å romma motsetningar i seg sjølv. Det gjeld òg på samfunnsnivå.

Publisert:

Les også

  1. Syndebukker og mokkamenn

  2. Datostempling av barn

Mest lest akkurat nå

  1. Elg skutt ved Sandvedparken

  2. Janoves datter synger duett med bestefar

  3. Se oppdateringen fra SUS: - Tegn på at den andre smittebølgen er i ferd med å komme

  4. Fikk du med deg smellet i Gandsfjorden?

  5. Årets kulturpris: Yngste vinner noensinne

  6. Enkelt, fargerikt og praktisk: – Vi falt pladask første gangen vi besøkte tomten

  1. Seksualitet
  2. Kjønn
  3. Gjestekommentar
  4. Generasjon
  5. Homofili