Når vi blir utsette for krenkande ord, bør vi gjere som Michelle Obama sa: «When they go low, we go high!»

GJESTEKOMMENTAR: Folk flest vil ytringsfridomen skal strammast inn. Det bør uroe meir enn ytringane til politiske utgrupper.

Publisert: Publisert:

«When they go low, we go high», sa Michelle Obama om nedsetjande og hatefulle ytringar under Demokratane sitt landsmøte i 2016. Foto: J. Scott Applewhite, AP/NTB scanpix

  • Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger

Det skal ikkje meir til enn at nokre anti-muslimske aktivistar provoserer, så kjem det på ny krav om å avgrense ytrings­­fridomen. Sist ute var Kristian Kise Haugland i gjestespalta i Aften­­bladet 13. september.

Han fekk svar frå Civita-filosofen Lars Kolbeinstveit.

Haugland konkluderte deretter med at Stopp islamiseringen av Norge (Sian) sin demonstrasjonsrett bør avgrensast mellom anna for å hindre at dei får auka oppslutning, «men uten at deres frihet til å ytre seg avgrenses mer enn absolutt nødvendig.»

Reelle dilemma

Svært vid ytringsfridom har klåre kostnader. Situasjonen i dag fører truleg til at mange lar vere å delta i ordskiftet. Skal verkeleg bøller indirekte få lov til å presse ut til dømes gode minoritetsstemmer?

Dette er reelle dilemma. Det triste faktumet er at vi ikkje kjem unna eit val. Anten må vi respektere at alle skal ha ytringsfridom, og då godta rettsleg at det vil kome støytande ytringar – eller så må vi verne grupper endå sterkare mot ytringskrenkingar ved å stramme inn ytringsfridomen. Når valet er slik, lyt vi velje det første, vil eg hevde. Men det betyr ikkje at det er fritt fram for bøller.

Folk flest vil forby stygge ytringar

Så å seie alle er for ytringsfridom for stovereine meiningar. Det skulle berre mangle – alternativet er som å forby folk å snakke saman. Det slaget står om er om ytringsfridomen skal vere så vid at også meiningar fleirtalet finn svært støytande, skal vere lovlege.

Eit fleirtal av det norske folket tenkjer likt som Haugland. Ein rapport frå eit pågåande forskingsprosjekt syner at:

  • Medan 27 prosent i Noreg meiner det bør vere tillate å kunne håne religionar, meiner 60 prosent at det ikkje bør vere tillate; 13 prosent svarer korkje samd eller usamd.
  • To av tre vil ikkje tolerere rasistiske meiningar.
  • Ein halvpart meiner at anti-demokratiske ytringar bør vere tillate, og ein halvpart at dei ikkje bør vere tillate.

Ei anna undersøking viser at eit klårt fleirtal vil nekte folk med ekstreme religiøse meiningar eller med klåre rasefordommar å halde offentlege møte.

Så ytringsfridomsverdien står ikkje akkurat svært sterkt blant folk.

Der slaget står

For å diskutere det saka gjeld og unngå stråmenn, er det viktig å skilje mellom verbale ytringar og fysiske handlingar. Svært vide ytringsrammer betyr ikkje å tole opplagde trugsmål og trakasserande handlingar.

Dessutan er det verdt å merke seg gråsoner mellom ytring og vald. Dette er gråsoner som også ytringsfridomsfundamentalistar vil regulere. Jamfør eit døme der ein mobb står føre deg, og ein ropar: «Kast stein! Ta han!» Då er ytringa med på den eventuelle valdshandlinga ved å vere ei så klår oppfordring. Det er ikkje tale om ein vag, indirekte og mogleg fare ein gong i framtida. Det er derimot ytringar som inneber klår og nærståande fare.

Slike ytringar er ikkje, og bør ikkje vere, verna av ytringsfridomen. Dette er ein viktig premiss i debatten om ytringsfridom. Han gir ikkje skalkeskjul for å kunne truge, plage eller skunde fram valdsaksjonar slik som i dømet.

Den prinsipielle grunnmuren

Ein det er verdt å lytte til om handteringa av dilemmaet mellom ytringsfridom og gruppevern, er Holbergpris-vinnar, rettsfilosof og mellom dei viktigaste liberale tenkjarane i nyare politisk filosofi, Ronald Dworkin (1931–2013). Slik Dworkin såg det, er demokrati og ytringsfridom uløyseleg knytt til det han kalla vernet av kvart individ sitt moralske sjølvstende. Det betyr at i demokratiet skal ingen andre kunne bestemme for oss kva vi står for eller kva vi skal røyste – og følgjeleg heller ikkje kva vi skal meine eller ytre politisk.

I ein debatt motseier og evaluerer vi dei vi er usamde med. Men vi kan ikkje be staten, som er for alle, rangere meiningane til frie borgarar. Då har vi ikkje lenger eit fullverdig demokrati.

Dette handlar om såkalla synspunktnøytralitet: Domstolar og politisk fleirtal skal ikkje gå inn og gi karakter til meiningane til folk. Den oppgåva er det dei frie borgarane som har. Demokratiet føreset at vi stoler på folk si evne til å mobilisere mot og korrigere vondskapsfulle og undergravande meiningar i eit felles ordskifte.

Sett i dette lyset er ikkje ytringsfridomen godt nok verna i Noreg. Paragraf 185 i straffelova (rasismeparagrafen) er for innskrenkande. Eit ytringsregime som tillèt seg å gradere meiningar, behandlar prinsipielt sett frie borgarar som om dei var barn, slik filosof og UiS-kollega Kristian Skagen Ekeli har peika på.

Ordet røyst kan både bety røystesetel og snakketøy. I begge tydingar inneber demokrati at kvar og ein må få bruke si røyst.

Eit godt motto

I staden for å slå tilbake med same mynt mot eitkvart nedrig åtak, bør målet vere å løfte blikket og speide etter løysingar. Ut frå denne edle tanken kom Michelle Obama med si flotte formulering på landsmøtet til Demokratane i 2016: «When they go low, we go high.»

Det er eit krevjande ideal. Men det er det som verkar best, både for demokratiet og på det personlege planet.

Debatten siste veka:

Les også

Svein Erik Tuastad: «Innskrenkinga i fridom regjeringa påfører spelarar også i dei lågare divisjonane bør ikkje undervurderast»

Les også

Svein Erik Tuastad: «Ikkje gje bøllene på nettet premie!»

Les også

Aftenbladet mener: «Frp’s tolkning av ytringsfriheten»

Publisert:

Les også

  1. Erna Solberg etter Sians krenke­fest: – Ytrings­friheten har en kostnad

  2. Anspent under Sian-markering i Oslo

  3. «Kanskje jeg har misforstått, men er ikke sykehuset en offentlig institusjon som skal yte god helsehjelp?»

Mest lest akkurat nå

  1. - Litt blonder er tydeligvis alt som skal til

  2. TV-signalene skal tilbake straks – ellers må Vardafjellet Vindkraft stoppe turbiner

  3. Nytt positivt smittetilfelle ved Slåtthaug sykehjem

  4. Se de spektakulære planene for nytt folkebad i Sandnes

  5. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  6. Ødelegger Høibo for UiS med denne omtalen?

  1. Ytringsfrihet
  2. Kristian Kise Haugland
  3. Gjestekommentar
  4. Svein Erik Tuastad
  5. Demokrati