Steinen i skoen

KOMMENTAR: Det beste med den norske abortlova er den skjøre, vekslande balansen mellom omsynet til minst to liv.

Torsdag opnar Ap sitt landsmøte, der blant anna endringar i abortlova skal diskuterast. Her leiar Jonas Gahr Støre, partisekretær Kjersti Stenseng og nestleiar Hadia Tajik på koronafritt landsmøte i 2019.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

«Hva om nemnda virker mot sin hensikt?» spør legespesialist Tilde Broch Østborg i ein kronikk i Vårt Land i mars.

Ho sit sjølv i ei nemnd. For dersom du vil søkja abort i Norge etter veke 12, må du møta ei nemnd med to legar. Dei skal vurdera om svangerskapet kan avbrytast, – av omsyn som vanskeleg livssituasjon, alvorleg sjukdom eller skade hos fosteret, eller fysisk eller psykisk helse hos kvinna. Og det skal leggjast stor vekt på korleis kvinna sjølv vurderer situasjonen.

Makt

Broch Østborg skildrar ein situasjon der kvinnene alltid er svært nervøse, fordi framtid og liv skal avgjerast. Og der legane gjer alt dei kan for at samtalen skal kjennast trygg, bortsett frå det som skal til for at slike samtalar kan kjennast trygge: Ta bort forskjellen i makt. For det er nemnda som etter lova sit med det avgjerande ordet.

Broch Østborg vil endra det. Så samtalen blir friare, trygg å gå inn i, der kvinna – eller paret – høgt kan reflektera rundt tvil og usikkerheit, be om råd og fortelja om eige liv.

Vanskeleg

I 2020 blei til slutt 17 av 578 saker avslått i nemnd, ifølgje NRK. Nemndene finn altså sjeldan grunnar til å overprøva kvinnas – eller parets – eiga vurdering. I praksis kan ei endring føra til at kvinnene får betre rom til å reflektera rundt eit uendeleg sårt og livsendrande val, uansett kva dei endar opp med. Og utan at aborttala kjem til å gå opp.

Eg syns det er vanskeleg, likevel. Eg går i ring rundt meg sjølv for å sleppa å skriva om det. Men vi bør jo det. For det er landsmøtevår, og endringar i abortlova er oppe til diskusjon.

MDG har vedtatt å gå for sjølvbestemt abort til veke 18, Rødt til veke 22. SV vil fjerna nemndene, i praksis betyr deira forslag sjølvbestemt abort fram til veke 22. Venstre ser ut til å gå for veke 18, Sp sannsynlegvis for å halda på lova slik den er.

Og Ap er splitta og skal diskutera det på sitt landsmøte denne helga. Der er fleirtalet sitt forslag å greia ut om dei skal endra nemndene mellom veke 12 og 18. Mindretalet vil at dei skal fjernast, og at kvinnene skal få tilbod om ein samtale dersom dei treng det.

Den norske abortlova er eit skjørt kompromiss, mellom den gravide kvinnas rett til å bestemma over eige liv, og fosterets rett til liv. Fram til veke 12 bestemmer kvinna sjølv. Mellom veke 12 og 18 skal ho i møte med eit nemnd. Frå veke 18 til 22 skal det svært tungtvegande grunnar til å ta abort – som alvorleg fare for liv og helse hos mor eller barn, og etter veke 22 er det ikkje lov.

Sårbart

Jo lenger ut i svangerskapet ein kjem, jo sterkare omsyn skal ein ta til fosterets rett til liv. Der kjem storsamfunnet inn, representert ved fagfolk, legar, nemnder. I ein slags vekslande balanse som aldri går heilt opp, men som får store følgjer for fleire liv.

For kvinna har det kunna enda i øydelagt helse, i fattigdom og skam og urimelege livsvilkår pålagde henne av andre. Knytt til mannens, familiens, kyrkjelydens, moskeens, krigens eller samfunnets ønske om eigarskap til hennar kropp, seksualitet og ufødde barn. På sitt mest sårbare – som gravid – kan ho bli gjort til mindre verd enn alle andre vaksne. Det er ikkje lite. Det er det aller såraste såret i kvinnehistoria. I alle samfunnslag, til alle tider, i alle land. Alle diskusjonar om abortlova pirkar i dette såret.

For fosteret står det om retten til liv. For samfunnet? Den medisinske etikaren Morten Magelssen er redd for at vi på eit punkt kan koma til å kutta den strengen menneskelivet beveger seg ut frå, men aldri kan koma vekk frå – det sårbare ved alles liv, det vi ikkje kan styra, det vi ikkje veit om ein dag vil endra alt. Kanskje er det også det som knyter oss til andre menneske, det som får fram omsorg, kjærleik og empati. Det som gjer at vi veit at vi treng dei andre, og veit at det kan vera såre grunnar til at andre treng oss meir enn vi dei.

Det er dette det står om i nemndene også. Djup respekt for det sårbare ved alles liv.

Eg les Tilde Broch Østborg som at sjølve den respekten tilseier at vi bør fjerna maktforholdet i nemnda ho sit i – den du møter mellom veke 12 og 18.

Eg trur det er riktig. Eg trur det kan vera ei lågmælt endring som ber oppe hensikta med lova. Men eg kjem til å halda pusten dersom Ap går for det.

Støyen

For den norske abortlova har lykkast ganske godt i å balansera mellom dei sårbare. Men det er ein skjør balanse. Nettopp den, og nettopp at vi er bevisste kor skjør den er, meiner eg er med på å gjera oss til eit meir sivilisert samfunn. Ingen av ytterkantane i dette kan det. Dei nullar ut det sårbare hos den eine eller den andre. Dei vil ta vekk steinen i skoen.

Eg stolar ikkje på at vi klarer halda oss i det skjøre, halda oss i den haltande balansen, vera lågmælte nok. For også vårt samfunn synest å ha blitt dårlegare på å diskutera det som ikkje heilt lar seg løysa. Vi ropar på den eine eller den andre gruppas rettar, og avviser innvendingar som manglande empati, manglande forståing, manglande levd liv i same sko.

Eg er redd for at endringar i abortlova skal dra oss støyande lenger i den retninga. Der løysinga på det som eigentleg er uløyseleg, er å ta ut det som ikkje passar, ta ut steinen i skoen.

Det, trur eg, vil gjera oss alle litt mindre verd.

Les også

  1. Abortlova: Høgres pirking i såret

  2. KrF og abortlova: Fleirtalet har også eit samvit

  3. KOMMENTAR: – Erna Solbergs bruk av abortlova i eit kynisk maktspel tener henne ikkje bare lite til ære. Den er direkte uetisk

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg for den som er sjuk

  2. – Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel

  3. – Å, NRK! De må tola å få eit blåmerke eller to!

  4. – I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

  5. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  6. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Abort
  3. Senabort
  4. Hadia Tajik
  5. Jonas Gahr Støre