Strekket mellom oss

KOMMENTAR: Ting heng ikkje saman utan gode handlingar. Det gjeld også for vaksinar.

«Ta vaksinen, når du kan. For det er ikkje alle som kan.»
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

«Men då får eg kanskje aldri - eg er redd eg aldri -» Ho leitar etter fleire ord, gir opp, nikkar i staden mot gangen. Vegen til logopeden. Vegen ut av isolasjon. Vi er på Lassa, eg til rehabilitering etter ein hjernerystelse, ho etter eit slag. Du kan møta uendelege mengder med godheit når noko sånt skjer deg. Og vi skal ikkje døy, ikkje av dette. Men vi har mista kvardagen vår. Tryggleiken i oss.

Ingen liten ting

Det har blitt kveld 14. mars, og vi forstår at Lassa må stengja. Koronaen har stengt landet. Personalet her må over til det store sjukehuset. Til SUS. Utanfor har visst hytteeigarar gått opp i fistel over sitt tap av fridom, sitt tap av kontroll over eige liv og ventande påskeferie.

Kvinna ved sida av meg er redd ho mistar sjansen til å bryta ut av isolasjonen og nå dei andre. At ho aldri skal klara ha ein samtale med sine nærmaste igjen. At ho ikkje får lært seg å snakka betre enn ho kan nå. Som av og til er heilt fint, men av og til går heilt i ball. Og viss det går heilt i ball, sånn at du ikkje klarer få fram at du ikkje vil ha smør på skiva di, fordi du er så kvalm at du ikkje klarer få den i deg då, og viss du ikkje får den i deg, så må du tilbake på næringsdrikk, som du nettopp har trygla om å få slutta med, for det klarte du i alle fall ikkje å få ned meir av, viss du ikkje klarer få sagt dette, viss du ikkje ein gong klarer få såpass kontroll over kva som er på brødskiva di at den er til å få ned, så er ikkje det ein liten ting.

Du må ha hjelp. Og folk vil gjerne hjelpa. Medpasientar, som har høyrt deg seia det før, som kan seia det for deg. Og dei som jobbar der, som er vant til å prøva å forstå, og vant til at bakteppet for reaksjonane ikkje nødvendigvis er noko dei kan kjenna igjen frå eige liv, men desto viktigare å forstå. Dei tryggar, støttar, låner deg verdigheit. Dei lar vera å ha smør på skiva di, sjølv om du ennå er for tynn.

Få kveldar seinare var det heilt stille rundt matbordet på Lassa. Vi var fleire igjen. Men eg var den einaste som kunne snakka. Så eg tidde, eg og.

Det går an å forstå

Alle har sine koronahistorier nå. Mange har mista kvardagen sin. Mange er avhengige av andres hjelp for å få den tilbake. Mange kjenner seg isolerte, aleine, mange har tidd om det, få vil vera den eine som klagar over noko alle andre ser ut til å halda ut. For det har vart så lenge, vi veit om andre som må ha det verre enn oss. Vi veit at noko må vi ofra. Og ingen vil vera den som bringer smitte over andre.

Og vi som er vant til så uendeleg med fridom. Som er vant til så uendeleg med kontroll over eige liv. Nei, eg veit det ikkje alltid kjennest sånn. Vi har lån og plikter og jobbar og oppgåver og omsorg. Men den velferdsstaten som skulle gjera det betre for oss alle, har blitt så sterk at vi knapt treng tenkja på andre enn dei vi har nærmast. Eg kan gjera mine val i livet utan å tenkja på fellesskapet. Eg kan tru at det er ordna. At dei andre får sitt, utan at eg ser dei.

Slik går det an å forstå at ein blir frustrert over at staten plutseleg skal leggja seg opp i om du kan reisa på di eiga hytte, i din eigen bil, med di eiga dømmekraft om kva som er trygt og ikkje.

Det går an å forstå at dei ein mister av syne, dei som ikkje liknar på deg sjølv, dei som ikkje kan nå deg på ein sms, dei er det ikkje sikkert ein klarer forstå. Og det går an å forstå at ordningane vi har for at ikkje strekket i laget skal bli for stort, også gjer det lite synleg kor stort strekket er.

Strekket

Det strekket går ikkje i hop utan gode handlingar. Ting heng ikkje saman utan dei. Andres gode handlingar gjer ein mindre aleine. Alltid.

Alle variantar av ordet aleine må vera meir brukte i 2020 enn i noko anna år. Alle variantar av gode handlingar også. Av handlehjelp, av krisehjelp, av økonomiske pakkar, av litt menneskeleg kontakt, av den første levande stripa musikk gjennom facebook midt i mars.

Av å ta vaksinen, når du kan. Det er ikkje alle som kan. Det er ikkje sånn at alle i risikogruppene kan ta den, og så kan alle vi andre ta fridommen og kontrollen over liva våre tilbake. Det er ikkje alle som kan ta ein vaksine. Det finst dei som er heilt avhengige av at me andre gjer det, for at dei skal få noko av sin tryggleik tilbake. Det finst dei som ikkje får verken tryggleik eller kvardag tilbake, før samfunnet kan opna utan koronavirus i fri flyt. Vi får ikkje ting til å hengja i hop igjen, viss vi ikkje ser det. Det må telja med.

Det verste med å vera sjuk, er frykta for aldri å koma ut av det. Aldri å nå dei andre igjen. På noko vis.

Etter koronaåret, er det kanskje lettare å forstå.

Les også

  1. Når kommer vaksinene? Hvordan blir det? Få oversikt her

  2. – Norge har spikret ny vaksine-avtale – nå er det nok til å vaksinere 3.850.000 nordmenn

  3. Høie om mer smittsomt koronavirus: – Vi må handle raskt

  4. Slik blir koronajulen i Europa

  5. Belgia slutter seg til innreisenekt for reisende fra Storbritannia

Publisert:
  1. Koronaviruset
  2. Rehabilitering
  3. Vaksine
  4. Solveig G. Sandelson

Mest lest akkurat nå

  1. Lisa og Vetle gjorde funn som kan hele Stein­kjerringa

  2. Viking Stadion AS foreslår kraftig utvidelse

  3. Scoret fire i ellevill målfest

  4. Ramponert hytte i Sandnes er til salgs – byantikvaren håper nye kjøpere er årvåkne

  5. FHI: Koronaviruset kan nå sammenlignes med influensa

  6. En komplett skan­dale i Sirdal