I statens klamme grep

KOMMENTAR: Finst det ingen politikarar som tar sjansen på å sleppa unge UT av skulen etter ti år?

Venst5res kunnskapsminister, Guri Melby, la fram fullføringsreformen for vidaregåande skule rett før påske. Foto: Håkon Mosvold Larsen

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Vidaregåande skule har fått sin eigen fullføringsreform. Den er først og fremst knugande klam. For i den finst ingen annan veg over i vaksenlivet enn gjennom vidaregåande skule. Og viss du ikkje klarer, vil, eller kan fullføra i løpet av passande mange år, så er den beste løysinga å halda deg der i nokre år til. Senka krava, eller porsjonera ut det du må læra over lenger tid. Det er som om det ikkje skulla finnast meiningsfullt liv utanfor den svært kontrollerte skulen deira.

Det er ikkje spesielt for denne regjeringa, det. Det gjeld politikarar av alle fargar, når dei får makt. Ap, med Gudmund Hernes i spissen, Høgre, først med Kristin Clemet i spissen, og nå Venstre, med Guri Melby i spissen.

Ikkje lenger normalt

Vi kan spola litt tilbake, til reform -94, som Aps Gudmund Hernes innførte.

Den gjorde i praksis minst to år på vidaregåande skule obligatorisk for alle, og den gjorde yrkesfaga meir teoretiske. Løpet som gjaldt, og ennå gjeld, for den som vel yrkesfag, var først to år på skule, og så - forhåpentleg - to år i lære hos ei bedrift.

Skulle du ønska å gå rett ut i lære etter ungdomskulen, måtte du gjennom ei vurdering hos PPT-tenesta. Det var ikkje lenger normalt, rett og slett. Og etterkvart kunne du bli rekna som fråfallen dersom du ikkje gjekk i vidaregåande skule, sjølv om du skulle vera i full jobb.

Meir skule ordnar alt

Sidan har det i grunnen berre balla på seg. Til ei ganske intens, politisk tru på formalisering. På at alt kan ordnast med meir skule, vel og merka ein skule med stadig snevrare kunnskapssyn. Der det som kan vitast og målast, dankar ut det som kan gjerast, sansast, opplevast eller delast. Praktiske og estetiske fag, som sløyd, forming og musikk er kutta til langt forbi beinet, norskfaget har fått alt sanseleg vridd ut av seg. Karakterane frå ungdomskulen kviler blytungt på teoretiske fag. Og når politikarane skal finna ut kva som er viktigast for å få deg gjennom vidaregåande skule, er svaret nettopp at ingenting er viktigare enn dei karakterane.

Så viss ikkje dei karakterane var så gode, har ein gønna på med tiltak - prøvd ut ordningar for å gjera overgangen frå grunnskule til vidaregåande lettare, laga innføringsordningar, der elevane skal kunna følgja undervisning både på grunnskulenivå og vidaregåande. Dei elevane som slit med andre vanskar, skal det byggjast eit heilt lag rundt, for å hjelpa dei gjennom. Og tidleg innsats skal redda dei som held på å falla frå, også i vidaregåande.

Tankane bak dette er sikkert bra. Alle kan koma i ein situasjon i livet der tempoet må ned, og nye sjansar gis. 16-åringar må få lov å utvikla seg, og med det skifta meining. Det regjeringa føreslår nå, er blant anna at unge skal få meir slingringsmonn i vidaregåande, få bruka lenger tid, få velja om igjen. Alle skal få rett til å fullføra. Får ikkje elevane på yrkesfag læreplass etter to år - noko det er opp til bedriftene å tilby - har dei til nå hatt eit halvslapt tilbod om eitt år til på skule. Nå skal det bli betre. Altså to år til på skule, med løfte om å få ta det same fagbrevet som lærlingane får.

Knugande

Men dette er samtidig det knugande i heile denne stortingsmeldinga - at alt og alle på alle vis skal og må gjennom vidaregåande skule, kor mange år det enn måtte ta. Løysingane er heile tida ein lenger statleg arm som kan fiska deg inn, til eit lenger løp, kanskje lågare krav, men krav innanfor same regimet.

Regjeringa lener seg på alle gode mål og formål, og meiner fullføringsreformen er i tråd med både FNs berekraftsmål og med krav det grøne skiftet vil føra med seg, i tillegg til å kunna ta hys på ettervirkningane av koronapandemien.

«Å fullføre VGO gir ungdom og voksne frihet til å velge sin vei videre i livet. Hvis flere fullfører VGO, betyr det at flere kan stille på samme startstrek, med like muligheter for å skape seg gode liv.»

Det står om sjølve fridommen, rett og slett. Som altså regjeringa har system for.

Utanfor

Tilbake i 2013 stilte forskaren Håkon Høst spørsmålet om kanskje arbeidslivet var ei betre løysing for skuletrøytte 16-åringar, enn meir skule. Han hadde sett nærmare på eit prøveprosjekt frå 2008–2010, der 16-åringar fekk prøva seg rett i arbeidslivet, med berre ein dag i veka på skulen. Det korte svaret er at berre 1 av 51 ramla av i løpet av det to-årige prøveprosjektet. Alle dei andre fortsatte som lærlingar, i jobb eller skuleløp. I det ordinære yrkesfagløpet, som startar med to år i skule, var fråfallet langt større, og talet på lærlingar lågare.

Og rett skal vera rett, ei ordning i Bardufoss med utvida praksis er nemnt i fullføringsreformen, som eit eksempel på korleis dei som slit kan koma seg gjennom, likevel.

Så - er det heilt sikkert at einaste vegen til eit meiningsfullt vaksenliv går gjennom uendeleg med skule? Og at medisinen, dersom du ikkje fiksar skulen, er endå meir skule? Eller kan det tenkjast at mange fleire hadde tileigna seg den kunnskapen som trengst, viss dei hadde fått stå på golvet i ei bedrift frå dei var 16, og tatt det derfrå?

Det hadde jo blitt meir opp til arbeidslivet, korleis det ville gå. Det kunne vera det ville gått bra, for mange. Det kunne vera dei hadde blitt sett på ein annan måte, funne vaksne dei kunne kjenna seg igjen i, måtar å læra på dei kunne meistra.

Men det hadde nok ikkje løyst alle samfunnsproblem i heile verda, slik mektige politikarar meiner skulen kan. Dessutan kunne dei ha mista kontrollen over unges fridom.

Les også

  1. Himmelropande naivt

  2. – Viss skule­barn blir meir og meir stressa av skulen, kvifor er det då barna vi skal endra?

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. --Det viktigaste i abortlova er den skjøre balansen mellom fleire liv

  2. Finst det ingen politikarar som tar sjansen på å sleppa unge UT av skulen etter ti år?

  3. – Når koronatiltaka grip så langt inn i heimar og sjelsliv, kan tilliten til dei som styrer bli alvorleg skada

  4. -Tillitsbrot, Ap. Det må vi nesten snakka om

  5. – Går prisen opp, må menneskeverdet ned. Det kan justerast, rett og slett, når det gjeld funksjonshemma.

  6. Heile livet ditt er slett ikkje avhengig av at du vel riktig akkurat nå

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Utdanning
  3. Guri Melby
  4. Yrkesfag
  5. Solberg-regjeringen