Mens dei ventar på tur

KOMMENTAR: Det er Senterpartiet sin tur nå. Til å ha landsmøte, og til å tenkja skikkeleg høgt om regjeringsmakt.

Denne helga har Senterpartiet landsmøte. Trygve Slagsvold Vedum er klar på at han ønsker seg Ap som einaste regjeringspartnar.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Det er ikkje det minste rart at ein i Senterpartiet snakkar høgt om å danna regjering berre med Ap, og utan SV. Rart blir det først når anonyme kjelder i same Sp hevdar dei ikkje ein gong vil sitja med forhandlingsbordet saman med SV.

For å ta det første først, i Aftenposten og NRK si meiningsmåling for juni får Ap 24,5 prosent, Sp 17 prosent, og SV 7,3. Sist dei tre partia gjekk i regjering saman, i 2005, hadde Ap ein heilt annan pondus. Dei var på 32,7. SV hadde 8,8, Sp var minst med 6,5. Oppgåva for dei to små den gongen var å hala og dra i det svære tankskipet Ap, så det ikkje berre seig tungt av garde, etter eigen kurs og av gammal vane.

Nå ser det annleis ut.

To styringsparti

I sjel og ryggmarg er både Ap og Senterpartiet styringsparti - dei er vant til å ha makt. Dei trivst med det. Og dei er vant til at då må det politiske dansegolvet inn mot eit val vera stort nok til at det går an både å svinga seg, syns, og snu seg. Både for deg sjølv og eventuelle dansepartnarar. Ikkje bli trengt inn i eit hjørne, ikkje treng partnaren inn der heller. Bli heller ståande litt langs veggen, viss det kjem ein dans de ikkje kan ta saman, utan at minst ein blir forlegen.

Og mens Ap historisk har vore vant til å svinga seg fram på den måten med fløyane i eige parti, har Senterpartiet gjort det nettopp som sentrumsparti. Nasjonalt saman med både KrF, Venstre, Høgre, Ap og SV. For ikkje å snakka om alle ordførarane dei har forhandla seg fram til med ulike parti og samansetningar rundt i kommune-Norge.

Dansen går

Denne veka har dansen gått stilsikkert om familiepolitikk og statsministerpost. Når dei to diskuterer kontantstøtte, som det heiter i Senterpartiet, og ventestøtte som det heiter i Ap, er vi på eit golv med stor nok plass for begge parti til først å markera eigen ideologi og politikk, og seinare sleppa opp og finna utav det praktiske. For mens Senterpartiet markerer på ganske borgarleg vis at her skal enkeltmennesket kunna velja, vil Ap styra med statleg hand så kvinnene kjem seg fort ut i jobb og barna fort ut i barnehagen. Samtidig vil ikkje Senterpartiet ha kontantstøtta lenger enn til fylte to år, mens Ap vil gi ventestøtte til dei som ikkje får barnehageplass når barnet er eitt år. I praksis er altså ikkje avstanden veldig stor.

Så kan ein tru, eller kanskje til og med forventa, at det blir vanskelegare når det blir snakk om næringsliv og arbeidsplassar. Her kunne det tradisjonelt nærma seg by mot land, arbeidarklasse mot bønder. Dei frontane har vore harde.

Men nå er det oljenæring og omstilling det handlar om. Der er dei begge pragmatiske - eller nølande, alt etter kva briller ein sjølv har på seg. SV vil avslutta oljeleitinga. Ap og Senterpartiet tar små steg. Hos Ap er det jobbane til folk og kva både dei og staten då skal leva av som bremsar, hos Senterpartiet er det å stå den praktiske kvardagen til folk nært nok.

Vent på tur

Så må ein trø dansen litt meir forsiktig, når det kjem til sjølve grunnen for Senterpartiets framgang: Sentraliseringa. At viktige velferdsgoder blir trekte innover mot sentrum. At beslutningar blir trekte same veg. Kommunar som blir større, fødeavdelingar som blir færre, politifolk som forsvinn ut av syne. Her har ikkje Senterpartiet berre tatt veljarar frå Høgre, nei, dei har meir eller mindre tatt heile Nord-Norge frå Ap. Då gjeld det å oppføra seg på ein måte som viser sjølvsagt eigarskap, men utan å gjera Ap forlegne.

EØS? Internasjonale handelsavtalar? Der er det best om den eine står litt stille langs veggen mens den andre er utpå. Senterpartiet vil ikkje ha EØS, dei vil ut, og i staden forhandla fram avtalar med land etter land etter land. Ap vil aldri kunna gå med på det. EØS-avtala vil måtta fredast i eit regjeringssamarbeid mellom dei to.

Trygt

Då er det faktisk greiare å lufta det med Trygve Slagsvold Vedum som statsministerkandidat, slik blant anna fylkeslaget i Rogaland gjer inn mot landsmøtet. Dei meiner det kunne få veljarar som sit på gjerdet til å hoppa ned på Senterpartiet si side. Dei som stemte på Solbergregjeringa, men er skuffa. Dei som kjenner seg heime i sentrum av norsk politikk, men ikkje stoler på at Jonas Gahr Støre vil halda ei regjering godt nok inn mot midten.

Men som Vidar Nedrebø i Rogaland Sp alt har sagt, er det eit luksusproblem. Dei ønsker det, men det er ikkje avgjerande for å gå i regjering med Ap. Det kan forhandlast om. Trygve Slagsvold Vedum har ikkje villa ha snakk om det sjølv. Tone Sofie Aglen i VG kan ha rett i at han heller vil bli i rolla som folkeleg opposisjonspolitikar valkampen gjennom.

Nei, det er jo ikkje slik at alt er spel, og alle politikarar kyniske, eller først og fremst manøvrerer seg fram for å få makt. Dei manøvrerer seg fram for å få gjennomført det dei trur på.

Senterpartiet vil ha større plass utan SV - viss vi nå skal halda oss til det der evinnelege dansegolvet mitt, som eg eigentleg er litt lei av sjølv, kjenner eg - til både å svinga seg, syns, og snu seg. Mens Ap då risikerer å syns for lite, og få tatt for få venstresvingar. Difor er det lite sannsynleg at Senterpartiet alt nå vil setja foten ned for å gå i regjeringsforhandlingar der SV er med. For å prøva å klistra dansepartnaren din opp mot veggen så alle ser det, fører sjeldan til gode samtalar etterpå.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg for den som er sjuk

  2. – Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel

  3. – Å, NRK! De må tola å få eit blåmerke eller to!

  4. – I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

  5. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  6. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Stortingsvalget 2021
  3. Trygve Slagsvold Vedum
  4. Jonas Gahr Støre
  5. EØS