Raseriets politikk − om bompengar, lokalpolitikarar og politisk heilskap

GJESTEKOMMENTAR: Dei som er imot bompengar, må også stillast til ansvar. Kva er deira alternativ?

Publisert: Publisert:

Bompengeringane på Nord-Jæren vekker sterke kjensler, men ein del av opprøret saknar rasjonelt grunnlag. Politikarar som blir med på den dansen utan å sjå heilskapen, risikerer å gå inn for dårlege løysingar på lang sikt. Foto: Tommy Ellingsen

  • Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Facebook-gruppa mot bomringane i regionen har over 61.000 medlemmer, eit eventyrleg høgt tal. Men kva er løysingane deira?

Torsdag sist veke fekk leiaren i Facebook-gruppa, Sigurd Sjursen, høve til å snakke direkte i Dagsrevyen om løysingane på samferdsels- og miljøutfordringane i pressa byområde.

– Det er ganske enkelt at nå foreslår eg at politikarane trekkjer i handbremsa, stoppar opp og bruker tid nå på å bli einige og krangla seg imellom for å komme fram til ei betre løysing enn det som er i dag. Fordi det er ikkje akseptabelt for oss her på Nord-Jæren å betale bompengar.

Dagen etter er Sjursen gjest i debattprogrammet Dagsnytt 18:

– Det er det som er så irriterande, at det er vi som skal ta rekninga for feilen det er de [politikarane] som gjer, sa han, og han heldt fram: – Dersom vi i staden betaler over skattesetelen, er det du og eg som betaler, og då får vi i det minste ein rettferdig betaling.

Sigurd Sjursen opprette Facebook-gruppa som protesterer mot bomringane. Men kva vil han, og dei som protesterer, ha i staden?

Les også

Nesten 3000 aksjonerte mot bompenger i Stavanger og Sandnes

Skatteauke og sosial profil

Om vi skal ta dei på ordet, ynsker aktivistane i ein fireårsperiode 40–50 milliardar i skatteauke berre for å finansiere samferdselsprosjekt. Dei med låg inntekt på stader utan bompengar, eller som reiser kollektivt, er mellom dei som då ville få skatteauke. Så store skatteinntekter kunne brukast på å betre eldreomsorga eller å få bort den veksande barnefattigdommen. Det ville ha ein meir treffsikker sosial profil – samanlikna med å finansiere samferdselsprosjekt i landets 3., 4. 5. og 7. rikaste kommunar, der snittinntekta er høgast (Sola, Stavanger, Randaberg og Sandnes).

Skatteargumentet verkar med andre ord ikkje heilt overtydande. Høgare skattar for å finansiere samferdsel gir ikkje nødvendigvis ein betre sosial profil. Regjeringa har ønskt å senke skattane. I den førre regjeringsperioden til regjeringa Solberg var skatteletta til dei med inntekter på 600.000 eller mindre på til saman 8,8 milliardar i inntekts- og formuesskatt (perioden samla). Å auke skattane for å kompensere tapte bom-inntekter, slik bompengeaksjonen altså vil, ville radert ut skatteletta.

Regjeringas bypolitikk

I motsetnad til skattefinansiering, vil bomringane bidra til eit endra trafikkmønster og grønt skifte. Bakgrunnen er at byane vert kvelte langsamt av biltrafikken. Det skortar på plass på vegen medan køane av bilar pøser ut CO2. Dessutan gir biltrafikk ofte helsefarleg dårleg luft, også i Stavanger-området. Eit grønt skifte i politikken er difor, ifølgje Storting og regjering, tvingande nødvendig. I kommunar som Sandnes og Sola er det forventa folkeauke på opp mot 25 prosent dei komande tiåra, og meir trafikk. Difor må noko gjerast.

Det handlar også om at transportsektoren står for ein tredel av klimagass-utsleppa. Med vår oljeindustri kan vi ikkje tillate oss å vere klimaverstingar i transportsektoren også.

Visjonen om nullvekst i biltrafikken, støtta av eit samla Storting, gjennomsyrar bypolitikken til regjeringa (Kommunaldepartementet, Samferdselsdepartementet og Klima- og miljødepartementet ).

Lokale bomaktivistar lyt ha eit svar på korleis desse måla skal bli nådde, om dei skal vere truverdige.

Kva består raseriet av?

Politikarar som blir med på protestane, som Leif Arne Moi Nilsen frå Stavanger Frp (med mikrofonen), partifelle Christian Wedler (heilt t.v.) og Sandnes-ordførar Stanley Wirak (biletet til høgre) «kan ikkje late som den nasjonale bypolitikken ikkje eksisterer», skriv Svein Erik Tuastad. Foto: Kristian Jacobsen/Carina Johansen

Somme aktivistar har oppført seg aggressivt og trugande; lokale politikarar lyt i dag ha vakter utanføre møta. Det er uverdig. Nokon er jamvel rasande på vanlege syklistar. Men sykkelstiar og bussvegar gagnar i høgste grad bilistane. Kvar busspassasjer betyr ein bil mindre. Kvar syklist betyr mindre kø og mindre utslepp. Raseriet nokon rettar mot syklistane er verkeleg misforstått.

Politikk består både av kjensler og fornuft. Vi treng kjenslene for å bry oss og verte engasjerte. Men utan korrektivet frå fornufta vil vi ikkje vite om det vi går inn for er rettferdig og rasjonelt. Raseriets politikk er kjenslestyrt. Politikarar som blir med på den dansen utan å sjå heilskapen, risikerer å gå inn for dårlege løysingar på lang sikt. Våre lokale politikarar kan ikkje late som den nasjonale bypolitikken ikkje eksisterer. Dessutan har dei, inkludert «den tvilande Tomas» – Sandnes-ordførar Stanley Wirak, skrive under på avtaler om han.

Fleire gulrøter

Tilsvarande Heim-Jobb-Heim-billetten, som gir fri bruk av kollektivtransport, Jærbanen inkludert, for berre 515 kr i måneden bør bli tilgjengelig for alle.

Ein del av bompengeopprøret saknar rasjonelt grunnlag. Men ein annan del av opprøret, som er meir edrueleg, har rett i at politisk prestisje og taktisk posisjonering før valet neste år bør vike. Våre politikarane kan vise veljarane at dei har samarbeidsevne. Det bør undersøkjast om det finst ei betre sosial utforming på dei bomstasjonane som trass alt er nødvendige.

Å endre trafikkmønsteret krev både pisk og gulrot. Til no har det i hovudsak dreidd seg om pisken. Det trengs fleire gulrøter. Gjer det enklare og billigare for folk å vere med på det grøne skiftet vi treng i byane: Set kollektivprisane ned til halv pris, 515 kroner for månadskort for alle i staden for berre for dei i ressurssterke bedrifter.

Mindre kø kombinert med billigare og betre kollektiv-transport er eit realistisk mål. Det grøne skiftet lokalt kan verte meir rettferdig. Då kan det jamvel bli meir populært.

  • Tidlegare gjestekommentarar av Svein Erik Tuastad, og artiklar om han, finn du her
  • Andre gjestekommentarar finn du her

Les også: Det er litt usmakelig å skyve gråtende barn foran seg i bomdebatten. Hvor var raseriet på de fattiges vegne da arbeidsledige mistet feriepengene? spør kommentator Harald Birkevold.

Les også

Magasin: Alexandra Lind har ikke lappen, men går først i demonstrasjonstoget mot bompenger

Les også

Borgli tror de nye bomstasjonene blir utsatt

Les også

«Motorvei» for syklister langs E39


– Vi må omstille demokratiet om vi vil beholde det

Tina Bru: «Jeg er nok ikke den eneste som har grublet på hvordan den offentlige samtalen og demokratiet havnet her. Hva skjedde med at de sosiale mediene skulle styrke den offentlige samtalen og gi mer demokrati?»


Publisert:

Les også

  1. Alt du trenger å vite om bompenger

Mest lest akkurat nå

  1. Eigersund: Omstridt rådmann går av

  2. Gutt i 10-årsalderen skadet da sykkelen kolliderte med bil på Tasta

  3. Minimalt med innsyn, maksimal utsikt: Da vennene skulle selge huset sitt, slo familien til

  4. Det nye sykehuset på Ullandhaug skulle stå ferdig i 2023 - slik blir det ikke

  5. To biler front mot front i Oalsgata

  6. Politikerne reddet bygdeskolen - 89 elever slipper å reise til Bryne

  1. Kollektivtransport
  2. Politikk
  3. Gjestekommentar
  4. Svein Erik Tuastad
  5. Bompenger