– Ta meg i handa på det

Norsk skule skal læra elevane om respekt, toleranse og likeverd. Kan ein jobba der viss ein ikkje vil handhelsa på kvinner?

Publisert: Publisert:

Å handhelsa på kvar enkelt, er å visa respekt for kvar enkelt. Foto: Keilen, Berit

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

«Josef», som Dagsavisen har valt å kalla han, er ein av svært få muslimar i Norge som ikkje handhelsar på kvinner. «Tanken er å skape færre fristelser,» seier han til Dagsavisen. «Min forståelse for islam er at dette er et forbud fra Profeten - fred være med ham - og da følger jeg det.»

«Josef» fekk gjennom Nav eitt halvt års vikariat ved Ekeberg barneskole i Oslo. Han har jobba med ein elev som treng ekstra hjelp, og han har vore assistent i SFO. Før han i det heile tatt var på jobbintervju, gjorde han det klart at han av religiøse årsaker ikkje handhelsar på kvinner. Skulen var klar over dette, men ville likevel gi han ein sjanse, seier Bente Alfheim, som var rektor i den perioden vi snakkar om.

Hinder?

Så er tingen den, at «Josef» ikkje får forlenga vikariatet sitt. Det blir for vanskeleg for skulen. Kvinnelege kolleger har reagert på at han har avvist å ta dei i handa. Sjølv vil «Josef» helsa kvinner med å leggja handa over hjarta og nikka.

Han minner om at det er religionsfridom i Norge, og siterer Arnulf Øverlands berømte «Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv.»

Ja. Vi har religionsfridom i Norge. Men ein kan seia at du ikkje får stillinga viss din religiøse praksis er eit hinder for sjølve jobben.

«Josef» meiner det ikkje er det, han har aldri opplevd at foreldre vil handhelsa på han, han er ikkje kontaktlærar, og på SFO er foreldre mest opptekne av å henta ungane sine, ikkje av å handhelsa på dei som jobbar der. Akhenat Oddvar deLeon i Organisasjon mot offentlig diskriminering, meiner vi bør bruka denne saka til å heva mangfaldskompetansen blant institusjonane i landet. Han spør også om ein kan samanlikna saka til «Josef» med saka til frisøren Merete Hodne, som nekta å klippa ei dame i hijab. Ein har ikkje lov til å nekta å selja varer og tenester til ein person på bakgrunn av religion.

Eg syns begge deler er ei avsporing. Å tilby nokon jobb i den offentlege skulen vår, er ikkje å selja vedkomande ei vare eller gjera dei ei teneste. Det er å gi dei tillit, og å krevja at dei utfører jobben innanfor det den norske skula skal driva med og stå for. Og å ha mangfaldskompetanse er ikkje det same som at ein alltid skal la kvar enkelt arbeidstakars religiøse overbevisning vega tyngst.

Likeverd

Ulike kulturar, livssyn og religionar helsar kvarandre på ulikt vis. I Norge handhelsar vi på alle. Det er ei handling som også understrekar heilt grunnleggjande, levande fellesverdiar i vår kultur: At alle menneske er like mye verd, og skal visast respekt som det. Den gongen aktorane i rettssaka mot terroristen Anders Behring Breivik handhelsa på han, var det ei sterk markering av den norske rettsstatens syn på menneskeverd. Når du i Norge ikkje handhelsar på ei kvinne, men på andre menn, er det ei handling som avviser desse verdiane.

Muslimar kan understreka så mykje dei vil at dette ikkje handlar om at det eine kjønnet står over det andre, men om reglane for fysisk kontakt mellom kjønna.

For det første er ikkje det noko den norske fellesskulen skal stå for - at du til ei kvar tid kan bli så frista av all fysisk kontakt mellom kjønna, at sjølv eit høfleg handtrykk rett og slett er upassande, og må unngås.

For det andre - som vel eigentleg er både det første og det siste her - er norsk skule den viktigaste fellesarenaen vi har. Det er ein fellesarena som skal og må læra elevane respekt for kvarandre, respekt for forskjellar, kritisk tenking og toleranse. Og at alt dette kan og skal kunna føregå innanfor eit fellesskap.

Det krev at ein held nokre verdiar som heilt grunnleggjande, og det krev at ein balanserer omsynet til enkeltmennesket opp mot omsynet til fellesskapet. Alle lærarar vil skriva under på at ein må skapa felles rammer i eit klasserom for at alle skal kunna læra og trivast.

Torpedering

Vi er alle skuldige i større og mindre forsøk på å torpedera det fellesskapet ei klasse og ein skule treng for å gjera jobben vi også krev av dei. I alt frå krav om seinare skulestart for trøytte tenåringar, via vidopne fråversreglar og til heilt ville forslag som at kvar enkelt forelder må godkjenna kva ord kvar enkelt elev i ei klasse kan finna seg i å synjga i ein song før jul.

«Josef» har vore ryddig. Han har sagt frå om kvar han står på førehand, for å unngå misforståingar og påfølgjande vanskelege situasjonar. Og religion har eit spesielt vern i diskrimineringslova. Det har også likestilling.

Men «Josef» sin måte å utøva si tru på i praksis, er faktisk til hinder for at han kan jobba i norsk skule. Det rokkar ved synet på kva likeverd er, også i praksis. Skal vi pukka på hans rett til å helsa på kvinner på ein annan måte enn han helsar på menn, må alle kvinner på skulen, eller i nær kontakt med skulen, finna seg i at handa deira blir avvist, mens handa til den mannlege kollegaen eller ektefellen din, blir godtatt. Det er å diskriminera på bakgrunn av kjønn. Det er å visa elevane at det er ok. Og at sjølv om ei stor gruppe kjenner seg avvist og mindre verd, må det vika for omsynet til ein enkeltpersons religiøse overbevisning.

Dit skal ikkje norsk skule gå.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Her kjører 7000 biler i døgnet på en bru der det bare er plass til en bil om gangen

  2. Helseministeren om lave smittetall: Vi har senket skuldrene litt

  3. Målkongen var for spinkel. Da tok kona Anna grep

  4. Nå er verdens raskeste elektriske hurtigbåt i trafikk fra Stavanger

  5. Full strid om gigantisk helseprosjekt: – Pasienter dør mens vi venter

  6. Klagestorm etter NRKs id-sending

  1. Ytringsfrihet
  2. Religion
  3. Diskriminering