Klimaspel om oljeverdiar

GJESTEKOMMENTAR: Gjennomslag for ambisjonane i Parisavtalen set oljeverdiar i spel.

Publisert: Publisert:

Fossile brensel går mot solnedgangen. Då er det eit tankekors at det er frå oljeselskapa me høyrer mest om respons og tilpassing til energiomstillinga, medan bodskapa frå styresmakter og politikarar langt på veg er dei same som før. Foto: NTB Scanpix

  • Klaus Mohn
    Professor, Handelshøgskolen ved UiS og NHH
iconDenne artikkelen er over to år gammel

For to og eit halvt år sidan feira verda triumf i Paris om ein verdsomspennande avtale for å møte klimautfordringa. Ambisjonane i Parisavtalen er skyhøge. Den globale oppvarminga skal avgrensast til maksimalt 2 grader celsius, og skal helst ned mot 1,5 grader. Dette føreset snarleg og kraftig brems i bruken av fossile brensel, slik at CO₂-utsleppa kan nærme seg null frå rundt 2050.

Tunge løft i vente

Det som blei feira i Paris, var i realiteten berre ein kladd for dietten til den mest vanvittige slankekuren verda har sett. Og utviklinga etter Paris-møtet er ikkje overtydande. Utsleppa av CO₂ har framleis ikkje slått inn på ein klar nedgang, USA har trekt seg frå avtalen og lite tyder på at fordelinga av børa mellom rike og fattige land er nærmare ei løysing.

Likevel er dei færraste i tvil om at Paris-avtalen har sett ei retning. Over tid vil det bli meir kostbart å sleppe ut CO₂, politikken vil bli lagt om for å regulere forsyning og bruk av fossile brensel og kvar og ein av oss må rekne med at aktivitetar som medfører CO₂-utslepp vil koste meir. Så uansett kva ein måtte meine om global oppvarming, så vil alle måtte tilpasse seg ei omlegging av energi- og klimapolitikken.

Hovudgrepet er å auke kostnaden ved utslepp av CO₂. Med ein kostnad knytt til vil brukarane av fossile brensel måtte betale ein høgare pris, medan dei som driv med utvinning av kol, olje og gass, vil få ein lågare pris for råvarene sine. Resultatet er ein reduksjon i produksjon, forbruk og utslepp av klimagassar.

Klima og olje i motstrid

Vellukka klimapolitikk vil føre med seg stagnasjon i produksjonen av olje og gass, og samstundes gje lågare olje- og gassprisar for dei som driv med utvinning av fossile energibærarar. Investeringar, produksjon og inntekter ved olje- og gassverksemd blir dermed knytt til ambisjonsnivå og gjennomslag i klimapolitikken: Jo meir vellukka klimapolitikk, di svakare utsikter for olje- og gassnæringa.

For land som er rike på fossile brensel, står dermed store verdiar på spel. Vellykka og effektiv klimapolitikk vil nemleg etter alt å døme føre med seg vesentlege verdifall for kol-, olje- og gassressursar. Spesielt alvorleg er situasjonen for land som ikkje har andre bein å stå på enn fossile energiressursar. Slike land kan få store utfordringar med diversifisering og omstilling – både i privat og offentleg sektor.

Noreg vil neppe slepp unna, men er betre stilt enn mange andre land. Me har trass alt det meste av utvinninga bak oss og 8500 milliardar kroner på bok. I tillegg kjem at me er høgt utdanna arbeidstakarar i eit fleksibelt arbeidsliv, samstundes som me nyt godt av eit høgt tillit-nivå, demokratisk styresett, sunne statsfinansar, solide institusjonar og god omstillingsevne.

Oljeselskapa tek sats

I ei verd prega av uvisse gjer næringslivet klokt i å samle seg om konkurranseevne og fleksibilitet. Og akkurat slike tendensar er det jo ein har sett blant oljeselskapa sidan oljeprisfallet i 2014. Både i Noreg og internasjonalt har oljeselskapa og leverandørane arbeidd knallhardt for å få ned kostnadar ved leiting, utbygging og produksjon. Resultatet er utbyggingsprosjekt i dag toler vesentleg lågare oljepris før dei går i minus enn tilfellet var for få år sidan.

I tillegg ser ein at oljeselskapa gjer stor innsats for å få ned CO₂-intensiteten i produksjonen. Investeringane blir kanalisert bort frå dei mest CO₂-tunge aktivitetane, og enkelte av oljeselskapa markerer ei klarare prioritering av naturgass.

Samstundes engasjerer oljeselskapa stadig sterkare som premissleverandørar for offentleg debatt og politikkutforming. Innrettinga av klimapolitikken er ei viktig side av oljeselskapa sine forretningsmessige rammevilkår, og då er det ikkje så rart om dei søkjer å få ein finger med i spelet.

Fleire av dei største oljeselskapa har i tillegg justert dei langsiktige strategiane sine i respons til klimautfordringa og klimapolitikken. Frå å være spesialiserte rundt leiting, utbygging og produksjon av olje og gass, ser ein no ei spreiing av investeringane på fornybare energibærarar. I tillegg lèt det til at oljeselskapa blir stadig meir interesserte i å utvikle forretning i grensesnittet mot kraftmarknaden.

Styresmaktene står att

Klimautfordringa fører med seg eit omslag i energi- og klimapolitikken som inneber høgare risiko rundt ressursverdiane og auka krav til omstilling både for oljeselskap og oljeproduserande land. Frå styresmaktene høyrer ein framleis lite om kva uvissa rundt klimapolitikken kan få å seie for utsiktene for olje- og gassnæringa.

Frå regjeringa er refrenget framleis «en næring med store fremtidsmuligheter», og siste statusoppdatering tyder ikkje på at klimautfordringa kan rokke ved utsiktene. På tilsvarande vis teknar Oljedirektoratet sin ressursrapport eit løfterikt bilete for norsk olje- og gassindustri, utan å skjele til risiko knytt til marknadsutvikling og politikk. Samstundes tek framståande økonomar ordet for at regulering av oljeproduksjonen bør vurderast som tiltak i norsk klimapolitikk. Her er neppe siste ordet sagt.

Les også

Oljedirektoratet mener leting er lønnsomt: «40 Johan Castberg-felt igjen å finne».

Produktet frå den viktigaste næringa i landet er og blir hovudproblemet bak klimautfordringa. I lengda vil det dermed bli stadig meir krevjande å halde oljepolitikken for seg og klimapolitikken for seg. Difor er det eit tankekors at det er frå oljeselskapa me høyrer mest om respons og tilpassing til energiomstillinga, medan bodskapa frå styresmakter og politikarar langt på veg er dei same som før.

Twitter: @Mohnitor

  • Dei siste gjestekommentarane i Aftenbladet finn du her
  • Klaus Mohns gjestekommentarar og artiklar om han finn du her
Publisert:

Les også

  1. Hilde Øvrebekk Lewis: «Oljekutt eller leting?»

  2. Hilde Øvrebekk Lewis: «Samarbeidet i Opec og orholdet til Russland er i ferd med å slå sprekker. Og elefanten i rommet er Donald Trump.»

Mest lest akkurat nå

  1. Ryfylketunnelen nattestengt fra mandag

  2. Hareide signerte byvekstavtalen: - En god dag for Rogaland

  3. Viking må trolig endre på laget

  4. Når en gruppe i samfunnet føler seg spesielt uthengt, må det være på sin plass å lytte, og å innrømme feil.

  5. Hun danket ut politikere i kampen om Stavanger-jobb

  6. Hjemmekontor anbefales, men UiS-ansatte skal møte på jobb. Slik blir arbeidshverdagen i høst

  1. Gjestekommentar
  2. Klaus Mohn
  3. Klimapolitikk
  4. Oljepolitikk
  5. Fornybar energi