Stavangers 2008-impotens

KOMMENTAR: Det er sørgeleg å sjå kor slapt Stavanger handterer sitt eige tiårsjubileum som europeisk kulturhovudstad. Betydde dei store orda − og store budsjetta − verkeleg så lite?

Publisert: Publisert:

Stavanger 2008 var eit felles løft i Stavanger-regionen som skulle ha store langtidseffektar. Men Stavanger har så langt i 2018 ikkje feira tiårsjubileet. Foto: Jonas Haarr Friestad

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

I 2008 gjennomførte Stavanger-regionen norgeshistorias største kulturarrangement. Nesten to millionar publikummarar fekk med seg eitt eller fleire av dei hundrevis av produksjonane som blei gjennomførte i bygd og by i Rogaland. Arrangementet hadde eit budsjett på svimlande 330 millionar kroner − og føydde seg inn i ei langvarig, tung satsing på kultur i oljeregionen.

Stavanger 2008 var å tenkja stort. Det var ikkje måte på kva kultursatsinga skulle føra til. Sinnstilstanden vår skulle endrast varig, kulturinteresse og -bruk skulle endrast, regionens image skulle endrast, nye europeiske kulturturistar skulle koma strøymande, nye kulturnæringar skulle blomstra opp og bli eit nytt økonomisk bein å stå på etter olja, nye samarbeid mellom private sponsorar og kulturlivet skulle blomstra, kompetansen i og rundt kulturlivet skulle få seg eit kraftig løft, nye arenaer for kultur skulle takast i bruk. Stavanger skulle i det heile tatt bli ein langt betre kulturby. Ikkje bare ein regional eller nasjonal kulturby, men ein europeisk kulturby.

Begeistring

Sjølvsagt blir det diskusjon rundt ei slik satsing. Er det fornuftig bruk av 330 millionar kommunale, statlege og private sponsorkroner å investera dei i kultur? Noko av det interessante med Stavanger 2008 var nettopp at ein − trass diskusjonane − lukkast i å få både politisk og folkeleg forankring og begeistring rundt prosjektet. Tre av fire innbyggjarar på Nord-Jæren meinte rundt 2008 at det var rett av Stavanger og Sandnes å bli europeisk kulturhovudstad. To av tre svarte på tampen av året at dei var heilt eller delvis einige i at året hadde positiv innverknad på regionen. Me veit dette fordi både Stavanger 2008 og Aftenbladet, uavhengig av kvarandre, spurde folket.

Det er grunn til å tru at minst to faktorar spelte inn på denne begeistringa:

  • Den høge aktiviteten i og rundt 2008.
  • Lovnadene om langtidseffektar av året.

Langtidseffektar?

Så. Korleis gjekk det? Blei langtidseffektane av tidenes kultursatsing slik ein spådde? Hadde det vore opp til Stavangers (kultur)politikarar og kulturadministrasjon ville svaret vore «Veit ikkje». Med tanke på alle dei store orda og store pengane som fauk gjennom lufta for ti år sidan, har Stavangers (kultur)politikarar utvist ein forbløffande mangel på interesse i å finna ut kva effektane av 2008 faktisk var. Dei takka nei til eit omfattande forskingsprosjekt på langtidseffektar − og til eit miniforskingsprosjekt − frå forskingsinstituttet Iris. I staden løyvde dei i fjor 200.000 kroner til planlegging og gjennomføring av tiårsjubileet − eit urealistisk lågt beløp for ei skikkeleg feiring. Jubileet skulle markerast gjennom at byens profesjonelle kunstnarar skulle få visa seg fram for byens befolkning gjennom eitt eller fleire arrangement, pluss at det skulle arrangerast ein større, internasjonal konferanse.

Dette vedtaket har kommunens kulturavdeling så langt gjennomført null, niks og ingenting av − utan at det har mobilisert noko synleg engasjement frå byens politikarar. Dermed er status ved inngangen til sommarferien at Stavanger har gjennomført null jubileumsarrangement.

Blanda bilete

Likevel veit me halvvegs i 2018 ganske mykje om korleis det står til i Stavanger ti år seinare. Me veit at både innbyggjarane og kulturlivet på Nord-Jæren framleis er overraskande positive til kulturhovudstadsatsinga, og at kulturinteressa held seg stabilt høg. Eit svært fleirtal meiner Stavanger har blitt ein meir interessant kulturby dei ti siste åra. Me veit samtidig at 2008-kompetansen ikkje blei godt nok teken vare på. Me veit at det ikkje blei utvikla ny kulturturisme. Me veit at norgesrekorden i kultursponsing ikkje blei utnytta godt nok i ettertid, men at Stavanger og Sandnes har halde fram satsinga si på kultur. Me veit at Liverpool og Sandnes − i motsetnad til Stavanger − feirar tiårsjubileet gjennom heile 2018. I gårsdagens avis kunne du lesa om nettverket av europeiske kulturhovudstader som framleis møtest to gonger i året − og det kjem meir.

Kvifor veit me alt dette? Jo, fordi Aftenbladet har teke ansvar for å finna det ut. Når Stavangers politikarar og kulturavdeling viser så lite interesse for å grava i langtidseffektane eller markera sitt eige gigantprosjekt, er det viktig at andre gjer det.

Det er langt frå sjølvsagt at eit mediehus i dagens mediesituasjon vil gå inn i eit slikt graveprosjekt. Då eg kom til Aftenbladet i ei prosjektstilling i samband med kulturhovudstadsåret, var me på det meste 14 journalistar i kulturavdelinga. Ti år seinare er det fire av oss igjen, langt færre ressursar, langt hardare prioriteringar. Kulturpolitiske gravesaker (på nynorsk) er ikkje den typen journalistikk som utløyser flest klikk eller abonnement. Likevel meiner Aftenbladet altså at det er ein del av samfunnsoppdraget vårt å sjekka korleis det gjekk med politikaranes store ord og store budsjett.

Men det store spørsmålet forblir ubesvart. Kvifor syns ikkje byens politikarar sjølv at dette er viktig nok til å engasjera seg meir?

Publisert:
  1. – Abid Raja: Det er ikkje frisyren din som er det vesentlege no, men kulturpolitikken

  2. "Skal me ha eit levande mediemangfald også etter korona, må folk rett og slett abonnera"

  3. «Historia om 22. juli ikkje ferdig fortalt»

  4. «Folk i Iran liknar mest av alt på oss»

  5. Stavangers nye posisjon har ikkje kome veldig godt ut av sitt første forsøk på å laga kulturbudsjett

  6. Formannskapsmøte i Nye Stavanger: - Reddar Nye Stavanger fattige ved å gi til dei rike?

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kultur
  3. Stavanger
  4. Journalistikk
  5. Kulturpolitikk